Det er rett å publisere bileta frå Butsja - om konteksten er rett.

KOMMENTAR:

Meir enn tusen ord

«Åtvaringa om sterke inntrykk er med som stikktittel øvst i saka, men så går det likevel gale. Det er rett å publisere bileta frå Butsja - men då må konteksten òg vere rett.», skriv Mone Celin Skrede.

Publisert Sist oppdatert

- Vi forstår at dette kan vere tungt. Det er lov å reagere, lov å gråte litt òg, og lov å late vere, om de føler det.

Kontaktlæraren min på ungdomsskulen snakkar til ei klynge 15-åringar i konsentrasjonsleiren Ravensbrück utanfor Berlin. Det er tidleg på 2000-talet.

Vi står på brustein lagt med aske etter menn, kvinner og born i mørtelen og skal lære om grufulle handlingar som ikkje må skje på nytt. Om kva som skjer når ein statsleiar får hjernevaske folket sitt.

Dokumentere røynda

15 år seinare, i april 2022, har det vore krig i Europa i ein månad. Det mest brutale militære åtaket sidan andre verdskrigen, ifølge norske medier.

Først den siste veka er bileta av raserte byar, bygg og infrastruktur erstatta eller supplert med nærbilete av døde kroppar. Av kroppsdelar på menneske som er drepne, og som ifølge fleire store norske medium kan vere offer for brutale krigslovbrot.

NRK er eitt av få medium som anten har sladda alle bileta der ein kan sjå andlet på døde kroppar, eller heilt late vere å publisere dei. Aftenposten og VG sladdar ikkje bileta automatisk på same måte, men åtvarar alt på framsida om kva som ventar. Og det er med denne åtvaringa ferskt på netthinna at eg brått må ta inn over meg korleis livlause hender og kroppar verkeleg ser ut.

Kvar går grensa?

Men medan eg klikkar meg nedover i ei av VG sine saker, lurer eg òg på: Når eg ser bilete av ei kvinne som har gravlagt dotter si i hagen, og ein tydeleg ser eit par skokledde bein stikke ut ved sida av den fortvilte kvinna, kvar går grensa for kva som er verdig framstilling med omsyn til dei pårørande?

Eg vil rekne med at Aftenposten og VG har gjort grundige vurderingar på kva bilete dei skal nytte og ikkje, Aftenposten har òg publisert ein kommentar om vurderingane dei har gjort.

Men har VG òg vurdert kva kvinna vil tenkje i ettertid? Sjølv om kravet til dokumentasjon av desse grufulle hendingane får gå framfor omsynet til pårørande, er ho gjort klar over kva måte ho vert framstilt på?

Samstundes gjer bileta og historiene bak dei at eg vert konfrontert med at dette er noko som skjer nett no, ikkje så langt unna oss. VG-saka om Iryna til dømes, det er hennar hand med dei lakkerte neglane, hamrar på plass alvoret. Vi får eit andlet på bileta av kroppsdeler og ruinar.

«Sjå dei siste bileta»

Dagens Næringsliv har vinkla på krigsbilete i seg sjølv, i saka «Se de siste bildene fra Ukraina-krigen». Avisa har valt ut og laga videomontasje av dei mindre grafiske bileta, der dei døde kroppane dersom dei er avbileta, i stor grad er tildekt.

Men når eg startar videoen med biletmontasjen, er det første eg høyrer stemningsfull piano- og fiolinmusikk. Eg kan forstå at ein ønskjer å formidle alvoret i det som skjer, men er det avisa si oppgåve å leggje stemninga rundt slike bilete? Særskilt når hendingane som vert synt fram, framleis skjer?

Biletserie-effekt

Dei etiske vurderingane om bileta av det som har skjedd og framleis skjer i Ukraina, må strekkje seg lenger enn diskusjonen om kva som er greitt å publisere på fronten. Dei må òg ta føre seg lenker og kontekst i sjølve sakene.

Sol.no publiserte måndag 4. april òg ei sak om bileta frå Butsja. Åtvaringa om sterke inntrykk er med som stikktittel øvst i saka, men så går det likevel gale. Bilete av døde menneske, nokre av dei svært grafiske og med synlege andlet, er nytta i det som ser ut som ei biletserie-sak.

Sjølv om Sol.no forsøker å grunngje kvifor dei nyttar desse bileta, er det for lite kontekst med, og det grensar til det makabre. Vi får bilete etter bilete med skingrande bilettekst: “En forkullet død mann ligger i veien i nærheten av byen Butsja.”, og “En død person som virker å ha blitt drept på sykkelen.” At det er hard kost, har nettstaden rett i, men slik saka framstår medverkar nettstaden til at kosten vert vanskeleg å svelje.

Hard kost

På same måte som bileta frå konsentrasjonsleirar frå 2. verdskrigen er med på å åtvare om farane ved å ukritisk følgje maktpersonar og statsleiarar, er bileta av bakbundne og truleg torturerte døde i Butsja òg viktig dokumentasjon.

I ei verd med teknologi som gjev gode høve til å styre korleis vi oppfattar det som skjer rundt oss, vert det endå viktigare. Når sensur og propaganda er nøkkelvåpen for maktpersonar som Vladimir Putin, er vurderingane som norske og internasjonale medier no gjer, heilt avgjerande for ettertida. Difor er dei, og difor skal dei òg vere, vanskelege.

Det var hard kost for ein 16-åring på tur med Kvite bussar, å få kike inn i ein krematorieovn. Å sjå store haugar av brukte sko og andre eigedelar og vite at menneska som under tvang hadde gjeve frå seg alle eigedelane sine, kort tid etter hadde vorte likviderte. Men nett difor er det lett å vere samd med med professor i journalistikk Svein Brurås når han seier at det er rett å publisere bileta frå Butsja. Hadde ein ikkje hatt biletmaterialet frå den andre verdskrigen, kunne dagens samfunn sett heilt annleis ut.

Vi treng at 15- og 16-åringane som veks opp om 50 år også då vert minna om kor avgjerande kritisk tenking er, og kor farlege maktpersonar kan verte. Kva som skjer når respekten for menneskeliv vert sett til side.

Difor er ikkje berre det å publisere desse bileta viktig, vel så avgjerande er det å setje dei inn i dei rette rammene.

———————————————-

Dette er en kommentar, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS