Tore Strømøy fortener honnør for å ha laga dokuserien, skriv Mone Celin Skrede.

KOMMENTAR:

Forteljinga om Agnes Waade er ikkje ei uheldig enkeltsak

«Lat dokuserien vere starten på at media speglar menneske med funksjonsnedsetjingar som menneske. », skriv Mone Celin Skrede.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Dette blir ikkje artig, seier Tore «på sporet» Strømøy frå TV-skjermen i stova mi.

Han grøssar medan han køyrer vidare langs vegen mot Leksvik i trøndelag, for å kome nærare sanninga om no avdøde Agnes Waade. Kva kvinna med det skjelmske smilet og den kvite stripa i luggen, heile tida rømde frå.

Måndag 7. mars, dagen før kvinnedagen, kom siste episode i dokuserien «Gåten Agnes» på nrk.no. Vi får eit innblikk i livet til ei kvinne som vert fråteken menneskeverd og menneskerett, utelukkande på grunn av måten samfunnet ser henne på.

Serien er godt laga. Pressa utøver statsmakta. Eg sit klistra, heiar på Strømøy når han nesten riv seg i håret over den fleire tiår yngre utgåva av seg sjølv som ikkje stiller dei rette, kritiske spørsmåla.

I Ver varsam-plakaten, i punkta som handlar om samfunnsrolla, står det at pressa har plikt til å verne enkeltmenneske og grupper frå overgrep og forsømingar frå det offentlege, frå institusjonar, private føretak og andre.

Likevel finst det journalistiske fallgruver når ein skriv om menneske med funksjonsnedsetjingar. Gåten Agnes fall diverre ned i fleire av dei.

Språk er makt

Haldningane mot funksjonshemma i samfunnet i dag er synlege i måten saka vert fortald. I langlesingssaka om serien, som vart publisert søndag 13. mars, skriv journalistane at eit intervju med ein lege i 1989 viser at «undersøkelsene av Agnes ikke tydet på noen form for sinnslidelser. Hun var på ingen måte tilbakestående».

Då lurer eg på, kva for nokre individ i samfunnet er det som fortener merkelappen tilbakeståande og sinnslidande? Strømøy seier òg at saka om Agnes er grufull, men ikkje unik. Det har han rett i.

Då er mitt andre spørsmål: Kvifor har ikkje Strømøy nytta fleire funksjonshemma som kjelder i saka, men heller gått til forskarar, doktorar og representantar frå hjelpeapparatet?

Møtet med éin annan funksjonshemma i same bygd som Agnes vaks opp i, illustrerer at ein er prisgjeven miljøet ein veks opp i. Ein er prisgjeven kommunen ein bur i, og fordommane eller om ein er heldig, fråveret av dei, i møte med det som skal vere hjelpeapparatet. Ein er også prisgjeven journalisten som set lys på saka.

Kvar skoen trykkjer

For å forstå fallgruvene som dukkar opp når ein skriv om funksjonshemma, må ein òg sjå på kriteria for kva som er ei sak.

Kjensla av å puste inn tung, innestengd luft i eit stort, men trangt auditorium tek meg tilbake til journalistutdanninga. VISAK-kriteria er noko av det første ein lærer. For å kjenne att ei god nyheitssak bør ho ha desse kriteria:

  • Ho bør vere vesentleg, saka bør vere viktig for mange.

  • Identifikasjon, ein bør kunne sjå at saka angår ein.

  • Sensasjon, hendinga bør skilje seg ut frå det som er vanleg.

  • Ho bør vere aktuell, noko nytt, noko som ikkje er godt kjent frå før.

  • Konflikt, å vise fram alle sider i ein konflikt kan gje større forståing og er interessant for lesaren.

Fordi funksjonshemma er identifisert som ei svak gruppe i samfunnet, òg av media sjølv, vil slike alvorlege hendingar mot nokon i denne gruppa alltid vere sensasjonelle. Ein risikerer å late seg farge av fordommane samfunnet elles sit fast i: at funksjonshemming handlar om ibuande svakheit og avvik ved enkeltindividet.

Når historikar Terje Brattberg i dokuserien seier at «jeg er litt opptatt av å få frem hvor ubarmhjertig det gamle samfunnet var. Det var ikke enkelt å være svak da.» viser han samstundes eit ovanfrå og ned-perspektiv, eit problem også pressa slit med.

Når blikket på funksjonshemma som hovudregel kjem utanfrå, ikkje frå menneska som veit kvar skoen trykkjer, står ein òg i fare for å tenkje at dette ikkje angår ein. At det ikkje er vesentleg for mange nok. Difor må også mediehusa ta innover seg at utestenging av funksjonshemma er eit stort samfunnsproblem, òg i redaksjonane.

Sett det i feil kontekst

Lenger ned i langlesingssaka seier forskar Kitt Margaret Lyngsnes frå Nord universitet at saka vitnar om eit trist kapittel i norsk historie: «I dag er rettighetene på plass, men det er nok varierende hvordan både botilbud, skoletilbud og aktivitetstilbud fungerer for utviklingshemmede.»

Forskaren er på rett veg, men når ho hevdar at rettane er på plass for menneske med kognitive funksjonsnedsetjingar, er det eit påfallande stykke feilinformasjon. Her burde nettsaka ha sett sitatet i ein større kontekst.

Menneskerettskonvensjonen for funksjonshemma, CRPD, er nemleg framleis ikkje ein del av norsk lov.

Vere talerøyr for dei “svake”

Ein journalist skal setje lys på konflikten. Då er det rett å gå på den lite samarbeidsvillige kommunen som ankar erstatningssaka opp til statsforvaltaren, og seinare sladdar i hel dokumenta Strømøy bed om innsyn i. På familien som skammar seg over å ha eit «åndssvakt barn», og på den trulege overgriparen som aldri blei teken. Dei er alle eit resultat av det eigentlege problemet; strukturen. Haldningar og handlingar i eit samfunn som framleis finst og som framleis diskriminerer.

Tore Strømøy seier i serien at han håpa dette skulle vere ei sak med lukkeleg slutt. Slik som Tolga-saka frå 2018, som fekk dåverande statsminister Erna Solberg til å stå fram med ei offentleg orsaking.

Serien "Gåten Agnes" handler om Agnes Waade

Men det som skil saka om Agnes frå forteljinga om brørne på Tolga, som vart sett under vergemål på feil grunnlag, er at Agnes Waade faktisk hadde ei funksjonsnedsetjing. Og ho var kvinne.

Strømøy seier til Journalisten at han meiner vi som samfunn framleis ikkje er oppmerksame nok på folk som er annleis.

– Saka med brørne i Tolga viser at det same som hende med Agnes, framleis kan hende i dag.

Diskriminering også i 2022

Historia om Agnes Waade er ikkje ei uheldig enkelthending som vitnar om ein enkeltkommune som sit fast i fortida. Sjølv i 2022 skjer det strukturell diskriminering av funksjonshemma i Noreg. Vi er Noregs største diskriminerte gruppe, minst ein femdel (16-18 prosent) av folket, ifølge Bufdir.

Kampanjen #JegErHer frå Redd Barna, og internasjonal forsking, viser at funksjonshemma born har nesten tre gongar større risiko for å verte utsett for alle typar vald og overgrep, både i Noreg og elles i verda.

Det skjer hatkriminalitet, og mørketala er store. Kommunane manglar òg kunnskap og evne til å leggje til rette slik at funksjonshemma som opplever vald, får hjelpa dei treng.

Difor er dokuserien òg viktig. Tore Strømøy set lys på levekåra til Agnes Waade. Det fortener han honnør for.

Vegen vidare

Framover treng vi meir journalistikk som går bort frå å skrive om og vise fram eigenskapane ved mennesket sjølv, men som òg ser på føresetnadene, livsvilkåra og kva stilling folkegruppa har i samfunnet.

På same måte som det aldri hjelpte kvinnerørsla å stemple kvinner som det svake kjønn, bidreg stemplinga av funksjonshemma som annleis og svake til at vi blir haldne i den posisjonen, det eigentlege uføret vi står i.

«Vi trenger en metoo for funkiser», skriv Annbjørg Horgar i midtnorsk debatt 11. mars.

Der metoo har gjeve oss mot til å snakke om vald og overgrep mot kvinner, har vi framleis ikkje mot til å snakke om overgrep mot barn og vaksne med funksjonsnedsetjingar, meiner ho.

Ho har rett i det. At menneske med funksjonsnedsetjingar er i stand til å ha eit seksualliv, ha sosiale behov, få born, ta utdanning, gjere ein jobb og ta seg av ein familie, er framleis noko vi må prove på nytt og på nytt.

Vi er folk i alle lag av samfunnet. Men mange av oss har ein svak posisjon fordi vi vert haldne der. Lat forteljinga om mennesket Agnes vere starten på at media òg speglar det.

———————————————-

Dette er en kommentar, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS