Mari Hansen er frilansjournalist og aktiv for rullestolbrukarars rettar.

DEBATT:

Slik kan me gjera «funkisane» meir synlege i media

«Me må diskutera korleis me skal dekkje stoff om nedsett funksjonsevne. Og me treng meir forsking», skriv Mari Svartveit Hansen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Lars Grue fortalde i sitt innlegg på Medier24.no at han var skuffa over at ikkje fleire medium dekka Fritt Ord sitt arrangement.

Eg er frilansjournalist og sit i rullestol. Eg sit ofte med eit inntrykk av at media ikkje er så god på å dekke stoff som omhandlar menneske med nedsett funksjonsevne.

Må forska meir på media og nedsett funksjonsevne

Når ein stiller seg spørsmålet kva som er gjort av forsking på nedsett funksjonsevne og minoritetens rolle i mediebilete er det ikkje så lett å finne fersk forsking på det.

Ein artikkel fortel på Nasjonal digital læringsarena, at personar med nedsett funksjonsevne ofte vert omtala som offer, heltar eller umyndige born. Artikkelen viser og til ein rapport som kom ut i 2014.

Rapporten fortel at menneske med funksjonsnedsetting vert marginalisert i norske medium. Tema i mediedekkinga er hovudsakleg rettar, politikk, helse, idrett og kultur.

Rapporten hevdar og at få vert tilsett i media.

Akkurat i tilsettingar, har eg inntrykk av at det har skjedd noko dei siste åra. Fleire eg veit om, har no stillingar i mediebransjen. Kanskje det berre er ei kjensle, eller kanskje verda beveger seg i rett retning på nokon område?

Ordval har noko å seie

No er denne forskinga nokre år, og kanskje eit vitnesbyrd på at temaet gått kan forskast meir på. Men i ulike artiklar og forteljingar frå menneske som har nedsett funksjonsevne høyrer ein det same – mange misliker måten media og omverda omtalar dei på.

I det siste har og diskusjonen om ordet "brukar" vore oppe til debatt. Det er eit ord som mange synest er negativt lada, særskilt dei det gjeld.

Regjeringa inviterte til inkluderingsdugnad for å få fleire inn i arbeidslivet. Fleire unge stemmer med nedsett funksjonsevne parerte med at dei ville ikkje vera nokon sin dugnad.

Offerrolla er nok framleis til stades i det offentlege rom.

Endre fokus?

Setninga “nedsett funksjonsevne” er nemnt 3789 gonger på analysebyrået Retriever, det siste året. “Har nedsett funksjonsevne” får 147 treff. “Funksjonsevne” er nemnt 5531 gonger. Slik eg ser det vitnar desse tala om at media omtalar Noregs største minoritet, men ikkje nok.

Kva kan media bidra med for å endra seg?

Jo, eg trur ein må halda fram med å motivera menneske til å skriva lesarinnlegg. Mange kjenner nok som andre minoritetar at det kostar litt å ytre seg. Dei tenkjer kanskje på korleis dei vert framstilt. Då må pressa vera ansvaret sitt bevist korleis dei omtalar personar som har nedsett funksjonsevne.

Ein må skapa trygge arenaer der ein kan snakka fritt. Pressa kan løfta tematikken opp som tema i eigne fora. Me kan skapa debatt og invitera folk inn til samtalar. Eg synest organisasjonane i dag er gode på å invitera til slike møteplassar.

Temaet – «Funkisar i media og litteratur» er eit flott tema på Nordiske mediedagar eller på eit anna arrangement.

Minoritetar i media bør og vera eigen bolk i utdanninga – med fokus på personar med nedsett funksjonsevne.

———————————————-

For ordens skuld: Mari Hansen sit for SV i utval for kultur og levekår, og dessutan rådet for personar med nedsett funksjonsevne i Ullensvang kommune.

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS