Den iranske fotografen Javad Parsa, er ein av få eksiljournalistar i Noreg som har klart å halda fram med journalistikk, skriv Oddrun Midtbø. - Dersom ein elskar jobben sin, bør ein prøva fleire gonger før ein gir opp, seier den prisløna fotografen leverer billete til blant anna NTB, DN og VG på kundelista.
Foto: Javad Parsa
DEBATT:
Media etterlyser meir mangfald: Her er ein del av løysinga
«Midt blant oss lever journalistar som måtte flykta frå heimlandet, på grunn av jobben. Nokre av dei får tilbod om å bli ein del av det norske samfunnet gjennom arbeidspraksis som å fylla varer i butikkar, eller omskulera seg til ein jobb i helsevesenet.», skriver Oddrun Midtbø.
Den fyrste versjonen til denne kronikken måtte eg vraka då eksiljournalisten eg skreiv om, ikkje ønskte å vera synleg – av rein frykt for konsekvensane det ville ha for hen eller familien som er att i heimlandet. Journalisten har tidlegare vore synleg i norsk media, men opplever overgangen frå eit sjølvstendig og rikt yrkesliv som kjent og respektert journalist i heimlandet til status som flyktning, som svært vanskeleg. Hen opplever det som traumatisk å tenkja attende til den siste tida i heimlandet og dei fyrste åra i Noreg.
Journalisten har vore heldig med menneske hen har møtt, og er no blitt ein del av eit større norsk journalistmiljø; der nytteverdien går begge veger. Hen deler kunnskap og nettverk frå landet hen flykta frå, og lærer både språk og det norske samfunn å kjenna gjennom kollegaer.
Når journalisten skriv artiklar om heimlandet, fører det til trugsmål. Sjølv om heimlandet ligg langt vekke, er det alltid nokon som følgjer med på det som skjer; også her til lands. Dette har ført til at hen har slutta å skriva og dela artiklar i sosiale medier.
Som norsk journalist i trygge forhold, kan det vera vanskeleg å forstå at personar kjenner seg utrygge midt blant oss, men det er viktig å lytta til dei som har fyrstehandskunnskap på området. Eit raskt besøk innom Committee to protect journalists får ein til å skjøna risikoen våre kollegaer i ulike land tek når dei våger å kritisera maktfolket.
Tips til redaktørar som etterlyser mangfald
For ei tid sidan vart det etterlyst nye røyster i produksjon av podkast. «Podkastar blir laga av kvite, middelaldrande menn for eit publikum av kvite middelaldrande menn...»
Det er altfor mange eksiljournalistar som aldri får sjansen å syna kven dei er og kva dei kan. Difor er møteplassar ein viktig start. Eit absolutt uformelt lågterskeltilbod er å invitera eksiljournalistar, norske journalistar og redaktørar inn i Facebook-gruppa kalla «Journalistar og fotografar i eksil – i Noreg».
Det er ein møtestad der informasjon blir utveksla og kontakt på tvers blir oppretta. Pr i dag er det 108 medlemar, med journalistar frå Syria, Irak, Iran, Somalia, Eritrea, Etiopia, Afghanistan, Kongo, Yemen, Sri Lanka, Tyrkia og Palestina representert. Døra inn til gruppa er svært open for alle som er interessert i temaet. Er du ein redaktørar som ønskjer mangfald i din redaksjon, er det berre å ta kontakt med underteikna som slepper deg inn i rommet.
Denne gruppa er ein del av NJ Frilans sitt prosjekt for eksiljournalistar; der me mellom anna inviterer eksiljournalistar med på ulike konferansar og tilbyr kurs i samarbeid med Norsk Presseforbund. Det å bli sett og invitert inn i det gode selskap er avgjerande for om flyktningar skal finna fram til miljø dei høyrer til i – uansett nasjonalitet.
Solidaritet med kollegaer på flukt og i eksil
NJ bidreg til mykje bra innafor internasjonalt arbeid utanfor grensene våre, men eg har fleire gonger etterlyst kva som skjer for våre kollegaer som hamnar i eksil i Noreg. Difor var det veldig oppløftande at heile Landsmøtet i 2019 applauderte for fråsegna frå NJ Frilans: Solidaritet med kollegaer på flukt og i eksil
«NJ sitt Landsmøte oppmodar til at mediebedriftene, saman med deira redaksjonar og medlemar i NJ, er solidariske og inkluderer journalistar og fotografar som lever i eksil i Noreg.»
Vart det berre fine, men tomme ord? Det er ingen oversikt over kor mange redaksjonar som har fylgt opp denne oppmodinga, men NJ fekk ny klar melding på landsmøtet i 2021 om at det i perioden skal jobbast for meir mangfald på arbeidsplassane i mediebransjen og meir kunnskap om mangfaldsarbeid i mediebedriftene og internt i NJ.
Store mediehus som NRK og Schibsted har traineeprogram for å auka fleirkulturell kompetanse i redaksjonane. TV2 har opplyst at dette vil dei også gjera.
Fayroz Chamdid, TV 2-journalist og nestleiar i NJ Bergen, meiner NJ har vore for dårleg i mangfaldsarbeidet. «Vi har pratet mye, men det har blitt med praten», sa ho då NJ Oslo sparka i gang mangfaldsdebatten.
Og ho har heilt rett. Eg har vore organisert i Norsk Journalistlag sidan 1985. I mange år har eg engasjert meg for at fleire røyster skal få sleppa til i norsk media; men arbeidet har gått treigt, mest fordi eg som frilansar ikkje har den makta og økonomisk tyngda som redaktørar eller NJ-toppleiing sit inne med. Så langt attende som i 1998 arrangerte NJ Frilans (den gang Frilansklubben) eit dagseminar for utanlandske journalistar og fotografar i Noreg. Nokre av dei som var unge den gongen er synlege i norsk media i dag, men dei aller, aller fleste hamna i andre yrke.
Difor er det skikkeleg gledeleg å konstatera at viljen til mangfald er blitt sterkare og at ein no ser temaet høgt oppe på agendaen; både nasjonalt og internasjonalt. Hauststormen i Bergen, 5.-7. november, har satt journalistar i eksil på programmet. Sjølv om det handlar mest om det som skjer utanfor vårt land, blir endå fleire merksame på at me har kollegaer blant oss som treng å bli inkludert. NJ har oppretta eigne stipend for at det skal vera mogeleg for denne gruppa å delta på konferansen.
Fredag 5. november inviterer det Internasjonale journalistforbundet, IFJ, til digital, global konferanse «Improving the protection, security, integration and mental health of refugee journalists» Å melda seg på denne konferansen kan vera eit fyrste steg for å få fart på dette arbeidet.
Det å inkludera kollegaer i eksil treng ikkje vera så vanskeleg. Det startar med å seia hei til folk som ikkje er spegelbilete av ein sjølv.
———————————————-
Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.