Jonas Sætre i Stord24 etterlyser mer debatt.

MENINGER:

Norsk presse sviktar i samfunns­oppdraget i debatten om koronapass

«Føremålet med dette innlegget er at eg ønskjer å utfordra kollegaer i mediebransjen på følgjande: Er det mogleg å støtta innføringa av eit segregerande koronasertifikat utan å bryta Ver Varsam-plakaten?», skriv Stord24-redaktør Jonas Sætre.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Debatten om innføring av koronasertifikat pågår for uforminska styrke over lunsjbordet på arbeidsplassane og i sosiale media. Då forslaget var på ute på høyring i fjor kom det meir enn 10.000 illsinte høyringssvar.

Det er ingen tvil om at debatten er svært betent og polariserande. Samtidig er Noreg blant dei landa som har diskutert dette lengst. Dei fleste land i Europa har no innført koronapass i mindre eller større grad. Nokre land har no hatt koronasertfikat i meir enn eit halvt år. Det gir den Noreg eit viktig fortrinn. Me har høve til å dra nytte av erfaringa frå andre land, for å sjå om det faktisk har hatt den effekten som var førespegla.

At Noreg framleis sit på gjerdet gir oss også tid til å ha ein brei, prinsipiell debatt om lovlegheita av innføringa av koronasertifikat.

Men så langt har ikkje me hatt noko skikkeleg debatt. Dette trass i det enorme engasjementet under høyringsrunden om koronasertifikat i fjor. Den manglande debatten bør norsk presse i stor grad ta skulda for.

Føremålet med dette innlegget er at eg ønskjer å utfordra kollegaer i mediebransjen på følgjande: Er det mogleg å støtta innføringa av eit segregerande koronasertifikat utan å bryta Ver Varsam-plakaten?

Eg viser då til punkt 1.5 i plakaten, som seier at «pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre».

Situasjonen i dag er at ei rekkje framståande juristar i Noreg har uttalt at innføringa av koronasertifikat nettopp er eit overgrep. Under høyringa om koronasertifikat i fjor kom inn godt over 10.000 høyringssvar. I eitt av dei påpeika fire jussprofessorar ved UiO at «Forslaget bryter med Grunnloven, EMK og EØS-avtalen når ikke Stortinget skal fastsette absolutte krav til hva et sertifikat skal brukes til og hva det ikke kan brukes til». Dei meiner også at innføringa av ein legitimasjonsplikt «bryter med retten til å ferdes anonymt».

Også jusforeininga ICJ Noreg uttalte seg kritisk. Ni advokatar tok i Advokatbladet til orde for å leggja koronasertifikatet i skuffa. Så må det nemnast at Advokatforeninga ikkje kom med innvendingar i høyringsrunden, sjølv om det skapte sterke reaksjonar.

Men det kan ikkje vera slik i eit demokrati at det berre er juristar som har eit ansvar for å protestera når lovforslag kjem på kant med Grunnlova og menneskerettane. Det ansvarleg ligg også i høgste grad hos den fjerde statsmakt, pressa.

Det ansvaret har ikkje pressa tatt.

Tvert i mot har me i løpet av det siste året sett norske redaktørar og kommentatorar som går lenger i å argumentera mot inngripande tiltak som koronasertifikat, enn det helsestyresmaktene har gjort.

Det grellaste dømet på dette er sjefredaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, som i november i fjor meinte at ein bør innføra koronasertifikat «overalt hvor det er nødvendig». Stavrum har «ingen problemer med at museer, konserter, teaterforestillinger, treningssentre, idrettsarrangementer, gudstjenester og kurs og konferanser forbeholdes folk som har vaksinepass».

Det er ein kommentar som er heilt blotta for refleksjon over dei prinsipielle spørsmåla som så mange i det juridiske miljøet gjer seg. Stavrum kan difor umogleg ha forsikra seg om at eit så radikalt tiltak ikkje vil kunna mogleggjera overgrep mot enkeltmenneske frå offentlege styresmakter. Han sviktar dermed i pressa sitt grunnleggande samfunnsoppdrag.

Sjefredaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, har tvilt seg fram til å støtte eit koronasertifikat. I motsetnad til Stavrum så erkjenner iallfall Dagen-redaktøren at koronasertifikat reiser ei rekkje kompliserte problemstillingar.

Med atterhald om at det kan ha gått under radaren, er det likevel påfallande at ikkje ein einaste redaktør eller kommentator i Medie-Noreg har teke til orde for ein tydeleg skepsis mot tiltaket. Det er tydelegvis ingen som er interessert i å drøfta dei tydelege personvernmessige utfordringane. Ingen tydelege røyster har sagt ifrå om behovet for ei tydeleg tidsavgrensing av eit slikt tiltak eller definert utstrekninga av det.

Eller om det i det heile tatt har nokon som helst effekt.

Når ein sidestiller dei utbroderte og grundige høyringssvara frå jussmiljøet med dei fråverande stemmene i avisene, er det tydeleg at ei samla norsk presse ganske enkelt ikkje har gjort jobben sin.

Sjølv bestemt eg meg på slutten av fjoråret å vera ei tydeleg stemme i mot koronapass. Eg støtter alle dei prinsipielle innvendingane frå juristar som Hans Petter Graver. Eg er vidare av den oppfatning av at det ikkje verkar.

Land som Tyskland driv framleis med nedstenging og er ikkje noko nærare slutten av pandemien enn oss, trass i over seks månadar med koronapass. Men viktigast av alt er eg er oppriktig bekymra for kva det gjer med verdiane som Noreg er bygd på: Humanisme, likeverd og høg tillit mellom innbyggjarane.

Når me ser den ekstreme polariseringa som har skjedd i europeiske land etter at dei innførte koronapass er det nærliggande å spør: Er det verkeleg verdt det?

For meg er svaret veldig enkelt: Nei. Eg slit veldig med å forstå at eg er den einaste i Medie-Noreg som har denne oppfatninga.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS