Synne Muren Olsen, journalist i Firda.

MENINGER:

Å gjere alvorleg vald til kjendis-gossip bør Medie-Norge halde seg for gode til

«Alle som jobbar i media, veit kva makt som kjem med privilegiet å setje dagsorden. Den siste veka har kollegaene mine latterleggjort samfunnsoppdraget vårt», skriv Synne Muren Olsen.

Publisert

Eg er flau!

Har alle gløymt den dystre starten på året vårt?

At seks personar blei drepne av partnarane sine, berre i løpet av dei første tre månadane? Og at to nye kvinner blei drepne no i sommar?

Har mediesjefane, dei som sit med millionløningar og hjørnekontor i hovudstaden, gløymt det enorme samfunnsproblemet partnarvald er?

Etternamnet til valdsmannen er i dette tilfellet det mest oppsiktsvekkande. Men medie-Norge har klart å gjere det til det viktigaste.

Det burde vi vere flaue over.

Innlegget ble først publisert i Firda, og er gjengitt med tillatelse.

Folkehelseproblem

Partnarvald er eit folkehelseproblem.

Det blir ofte omtalt som ein skjult pandemi, og situasjonen eskalerer. Fjorårets omfangsstudie frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) syner at nær ein av ti kvinner og to av hundre menn oppgir at dei har blitt utsette for alvorleg fysisk vald frå partnaren sin.

Kvinner fryktar i større grad enn menn å bli alvorleg skadde eller drepne av partnaren sin. Kvart fjerde drap i Norge sidan 2000 er gjort av ein noverande eller tidlegare partnar. I ni av ti tilfelle av partnardrap, er offeret ei kvinne.

Ekspertane sit klare, med mengder av innsikt og informasjon, til å snakke med media om det saka handlar om: Partnarvald.

Store aktørar som Nettavisen, VG, NRK og TV 2 vel heller å hente synse-ekspertar. Nei, beklagar – kongehusekspertar, heiter det visst.

Går fem på

Då Mette-Marit var i kontakt med fornærma i saka, valde Nettavisen å la kongehusekspert Tove Taalesen kaste rundt lovord og grunnlause konklusjonar som: «Hun har jo utrolig empatiske evner. Og hun er best i møtene med menneske (...) Jeg synes det er fint at hun har gjort det.»

Journalisten må ha sove i timen, for det var ikkje eitt einaste motspørsmål som kunne ha balansert dei mange absurde utsegna i artikkelen.

Før den tid, var ei av dei viktigaste kvinnene i bransjen vår, Frøy Gudbrandsen (politisk redaktør i VG), ute med ein kommentar. Den gjekk langt i å sympatisere med, og menneskeleggjere kongefamilien. Det var berre ei lita setning om korleis situasjonen kunne vere for fornærma.

Kommentator i same avis, Astrid Meland, kalla Marius sin offentlege unnskyldning for overraskande ærleg. Jaha?

Vi jobbar med ord kvar dag.

Vi veit at det ikkje er ærleg å seie at han utøvde kroppskrenkingar. Og at valdsmenn kjem krypande, lovar bot og betring og brukar ord som «min kjæraste» er ikkje nødvendigvis ærleg. Det kan vere manipulasjon.

Kvifor poengterer han at dei har krangla? Er det å legge seg paddeflat, eller eit forsøk på å legitimere vald?

Meland fokuserer meir på det han fortel om psyken sin og rusproblem, enn valden og retorikken hans. Så enkelt – og akkurat slik PR-personane kring han ønsker det.

Øydelegg ein unik sjanse

Aldri før har norsk media hatt ein betre sjanse til å levere viktig og ærleg journalistikk på partnarvald.

Heile Norge sit limt til skjermane sine, alle les sakene som kjem ut om Marius-saka – uansett kor stort eller smått det er. Eg er så utruleg skuffa over at ein klarar å spolere ein slik sjanse.

Og eg er drit lei av å sjå spalteplass gitt til meiningslaust vrøvl om at mora til Marius Borg Høiby er snill. Det er ho heilt sikkert, men det har ikkje noko med denne saka å gjere.

Gi heller sjansen til dei som vil bruke merksemda til å gjere ein forskjell for dei tusenvis av menneska som lever med truslar og vald dagleg. For alle dei som må skjule blåmerke og verne om partnaren sin offentleg, fordi dei er for redde til å seie ifrå.

Marius Borg Høiby er ikkje dømd enno, peikar Gudbrandsen på. Det er heilt rett.

Vidare må alle håpe at politiet får henta inn alt dei treng av bevis, slik at domstolen får eit korrekt grunnlag for å gjere sine vurderingar.

Forhåpentlegvis blir Høiby behandla som ein heilt vanleg person i denne prosessen, og forhåpentlegvis får dei fornærma rettferd. Dessverre vil ingen straff ta vekk traumene valdsbruk gir – uansett om personen som gav dei til deg er kjend eller ikkje.

Denne saka er ikkje berre ei sak om kjendisar. Så ikkje skriv som om det er det, heller. Vi veit betre.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS