En spiller fra Swindon Town fotballklubb ligger nede under en kamp. Trine Nylehn kritiserer medienes behov for informasjon om helsetilstanden til fotballspillere.

DEBATT:

Er kanskje fotballspelarar vår tids kongelege?

«Når ein fotballspelar fell om på bana på direktesendt fjernsyn, insisterar media på å få denne type helseinformasjon direkte frå helseføretaka.», skriv Trine Nylehn.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Då kronprinsesse Märtha låg for døden, vart det sendt ut regelmessige bulletengar for å halde folket oppdaterte på hennar helsetilstand. Men det var slottet som sto for desse opplysningane, ikkje legane.

Når ein fotballspelar fell om på bana på direktesendt fjernsyn, insisterar media på å få denne type helseinformasjon direkte frå helseføretaka. Og det med ein gong. Same kveld.

Etter at Emil Pálsson fekk hjartestans på Sogndal si heimebane, skriv redaktør i Sogn Avis, Arve Uglum, i ein kommentar 2. november, at det er eit «skrikande informasjonsbehov frå alle kantar».

Å dømme etter kommentarfeltet er det ikkje lesarane som har dette skrikande behovet, dei er gjennomgåande klokkeklare på at teieplikta gjeld alle. Også når det gjeld offentlege personar, og hendingar som har skjedd i det offentlege rom.

Legane, trur eg, hevar seg over slike utspel frå media. Og kva skal dei seie, når situasjonen er labil? Fortelje at pasienten lever, og så neste dag kontra? Dette er det sjølvsagt opp til pårørande, på eige initiativ, å eventuelt opplysa om.

4. november hadde Sogn Avis eit heilsides bilete frå hendinga. Me såg berre den grøne matta, helsearbeidarar og Røde Kors som sto i ein mur kring spelaren som hadde fått hjartestans ti minutt inn i kampen. Ingen skulle ta bilete, og det respekterer media. Dette er privat.

I staden sto det med store bokstavar over framsida; eg såg han låg og kjempa. Ein medspelar sine ord. Han hadde kanskje ikkje tenkt dei skulle koma på framsida.

Det som ikkje kunne visast på bilete, vart skildra i tekst. Om spelaren hadde kramper og fråda om munnen, kunne det og skildrast? Eg opplevde framsida som usmakeleg.

Det er som om det er særleg dramatisk når det er ein fotballspelar som vert liggjande nede. Christian Eriksen fekk internasjonal merksemd etter å ha segna om i ein VM-kamp. Han fekk lykkeynskingar frå ei hel verd. Merkeleg for oss andre. Folk får hjartestans heile tida.

Men så er kanskje fotballspelarar vår tids kongelege?

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS