Sogndal-spilleren får livreddende førstehjelp under kampen mellom Songdal og Stjørdals-Blink

DEBATT:

Ein mann segnar om på direktesendt fjernsyn. Hadde det vore opp til helseføretaket hadde me framleis ikkje visst om han lever

«Helseføretaka let ansvaret for å fortelja om liv og død liggja og flyta. Det bør dei ikkje gjera om noko slikt skulle skje igjen.», skriver Arve Uglum i Sogn Avis.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Innlegget ble først publisert hos Sogn Avis, og er gjengitt med tillatelse.

Når ein spelar brått og uventa segnar om i ein direktesendt 1. divisjonskamp i fotball, skulle ein tru kaos braut ut. I staden herska ro og kontroll på Fosshaugane måndag kveld. Alle, frå spelarane og domaren som først forstod kva som skjedde, til publikum på Fosshaugane, visste kva dei skulle gjera, og gjorde det dei kunne.

Eg hadde knapt sett meg på felt J nedre. Sogndal var oppe 1–0 allereie, og det var tydeleg at i kveld var dei i siget. Det var kanskje difor eg irriterte meg over at Emil Pálsson vart liggjande. Ballen var lenger framme på bana og angrepet var ikkje heilt over, men Palsson berre låg. Han fekk knea under seg i ein augneblink, før han låg strak att. Eg tenkte at «no må du koma deg på føtene, gut. Du får ikkje frispark for det der. Ingen var borti deg».

Derifrå var alt som skjedde ei oppvising i krisehandtering frå alle partar. Spelarane og domaren som var nærast forstod alvoret, og gestikuleringa mot hjelpemannskapa var ikkje til å ta feil av. Ambulansemannskapet som alltid sit der, var raskt på beina.

Det er ikkje lenge sidan eg fleipa med ein svært lite fotballinteressert ambulansearbeidar om kva i all verda ho gjorde på Sogndal-kamp. Det vil gå ei stund til eg tullar med slikt neste gong.

Og ikkje berre dei raudkledde. Han karen eg veit jobbar i ambulansen som sat nett bortanfor meg, kanskje med ungane på kamp, han hadde i alle fall fri, var oppe som ein hjort og forserte gjerde og publikumarar slik at han var hakk i hel med dei som var på jobb.

Med Christian Eriksen sin hjartestans frå fotball-EM i sommar friskt i minnet, og dessutan erfaringane frå Brann-spelaren Carl-Erik Torp sin hjartestans på same stadion for ti år sidan, skjulte mannskapa Emil Pálsson og det som skjedde med han bak bårene sine. Sogn Avis-fotograf Håvard Nesbø stod med telelinsa på kortsida og venta til Palsson var heilt skjult før han tok bileta sine.

Publikum fekk beskjed om å trekkja inn i korridorane, og me visste det før me reiste oss: Her blir det ikkje spelt meir fotball i dag. Eg frykta det verste då eg kasta eit blikk over skuldra, og såg på ryggane til hjelpemannskapa at dei var i gang med hjartekompresjonar. Fleire minuttar etter at Palsson hadde segna om.

Tv-sendinga vart stoppa, rett nok etter vel nærgåande filming frå NEP sine fotografar. Ambulansen stod klar og venta. Luftambulansen landa på Granden klokka 18.57, og tok av i retning Bergen klokka 19.35.

Innan den tid vart NFF sin kampdelegat referert i fleire aviser på at Palsson var bevisst då han vart frakta ut av stadion klokka 18.30, meir visste ingen, før Sogndal Fotball si pressemelding kom 19.50 om at gjenopplivinga var vellukka.

Klokka 20.20 sa arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, dei forløysande orda til Sogn Avis: «Han er i live».

Formuleringa var nøye gjennomtenkt, for dette var alt han kunne seia. Det einaste han kunne vita stemte etter samtalane med kamplegen som var med til luftambulansen. Og eigentleg det einaste viktige i denne samanhengen. Ingen ventar detaljar i ein slik situasjon, men det Heggestad sa dekka det viktigaste.

Mitt spørsmål er kvifor helsestyresmaktene overlèt til ein tilfeldig arrangør, i dette tilfellet ein fotballklubb, å informera om liv og død? I det skrikande informasjonsbehovet frå alle kantar, var dei som veit best tause.

Krisa var kringkasta, direkte i levande bilete med kommentarar, på Discovery si strøymeplattform med titusenvis av sjåarar. Ja, det er personvern å ta omsyn til, men her var mykje personvern tapt allereie i direktesendinga. «Alle» visste at Emil Pálsson var i overhengande og umiddelbar livsfare. Dette handlar ikkje om eit løyve til å grafse i privatlivet til kva som helst pasient.

Hadde det vore opp til Helse Vest, hadde verda framleis vore i uvisse om Palsson kom levande på luftambulansen eller ikkje. I skrivande stund har det framleis ikkje kome noko frå den kanten. Hadde dei rådd grunnen åleine, ville me framleis lurt på om det var eit dødsfall me var vitne til frå tribuna og tv-skjermen.

Dei likar å kalla seg eit føregangsdøme på personvern, men det dei i realiteten gjer er å overlata personvernet til nokon andre. Heilt tilfeldig. Ein kamplege, ein fotballklubb eller NFF sin kampdelegat på Fosshaugane.

Denne gongen var informasjonen overlaten til Sogndal Fotball, ein medievand organisasjon med trening i korleis dei skal ordleggja seg i slike situasjonar. Om noko slikt skulle skje igjen, er det ikkje sikkert dei helseføretaket overlèt ansvaret til er like godt rusta. Difor bør Helse Bergen generelt, og helseføretaka generelt, ta seg ein ny runde og vurdera om dette verkeleg er den rette framgangsmåten i eit så til dei grader offentleg krisetilfelle.

Praksisen Helse Vest tidlegare hadde i samband med ulukker, og som mange helseføretak framleis har, ville dekka informasjonsbehovet. Der opplyste dei knapt og nøkternt om pasienten var «lettare skadd», «alvorleg skadd» eller «kritisk og ustabil». Den fjerde kategorien, «omkomen», vart berre brukt etter at pårørande var informert.

For alle andre visste kva dei skulle gjera, og gjorde alt dei kunne.

Innan me reiste frå Fosshaugane var dugnadsmannskapa i gang med å pakka vekk fotballkampen og rydda opp i det vesle boset publikumarane hadde klart å kasta frå seg på 12 minuttar med fotball. Campus vart klart gjort for ein ny skule- og arbeidsdag på tysdag.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS