Amalie Fure mener mediene var for lite varsomme da de først skrev om mannen med kniv som ble skutt av politiet og døde.
Foto: Stian Lysberg Solum/NTB /privat
DEBATT:
Blir flau av at denne bransjen er målet mitt
«Det er på tide at mediebransjen skjerpar seg og tar ein gjennomgang av det same som mange 10-åringar lærer i dag.», skriv Amalie Fure.
Eg er 17 år og eit av mine mål her i livet er å jobbe med media. Spesielt på skulen har det blitt ein drivkraft for å halde motet oppe. Men når eg ser kva slags sirkus eg kan ende opp i blir eg flau. Lurer på om det er verdt det og blir flau av at dette er motivasjonen min.
Vær varsam-plakaten, nettvett, dømmekraft, fornuft og respekt er viktig å ha med seg ved bruk av telefon, sosiale medium og internett. Dette får mykje fokus på fleire arenaer. Spesielt der unge er sida mobilen stadig blir ein større del av kvardagen, i stadig lågare alder. Blant anna ulykker får mykje fokus, og det blir sett på som respektlaust å ta opp mobilen for å filme det som skjer. På tysdag 9. november gjekk det opp for meg kor bortkasta dette enorme fokuset er.
Nettvett og dømmekraft tar eg med meg so godt eg kan både på TikTok, Instagram, Facebook, Snapchat og når eg les nyheiter. Sida draumen min er å jobbe i mediebransjen vil eg lære mest mogleg som eg kan ta med meg til seinare, slik at eg kan stå fram med god presseskikk og respekt.
God presseskikk og respekt er noko av det Vær Varsom-plakaten og Pressens Faglige Utvalg baserer seg på. Når eg ser korleis VG, TV 2, Dagbladet, Nettavisen og NRK fokuserer på dette blir eg ganske forbanna og flau. Blir flau over at ein slik bransje er målet mitt, og lurer på kva som skjedde med det mange av oss har lært ifrå 13-års-alderen.
«Har du video av hendelsen? Send den til oss.» Dette oppfordra Dagbladet som følgje av hendinga på Bislett. Media er dei siste som skulle fått desse videoane. Dei som skulle fått dei var politiet, slik at dei lettare kunne fått gjort det som er hakket viktigare enn klikk og merksemd. Med denne oppfordringa er det heller ikkje so veldig rart kvifor andre, og spesielt unge ser på det som innanfor å dele det som ikkje er delbart.
Hjartestans på bana er også ei hending med stort fokus på korleis media presenterer det som skjer. Men på bana skjer det på ein heilt anna måte. Spelaren blir skjerma, det meste går på skinner. Om det ikkje gjer det blir avisene slakta i etterkant for dårleg personvern og respekt. Kva skjedde med den respekten ovanfor dei involverte og pårørande i hendinga på Bislett? Det blir kasta rett ut vindauget og er det siste avisene bryr seg om. Dei får jo trass alt lesarar.
«Vis særleg varsomhet ved omtale av saker på tidleg stadium av etterforsking.» Dette er noko av det plakaten på PFU.no består av. Ifølgje NRK bekrefta politiet kl. 10:33 at gjerningspersonen var død. Også før dette kom nyheitsvarsla i store mengder, men 10:33 eksploderte det. Ein time etter stadfestinga var det 11 saker om hendinga på Dagbladet. Vil ikkje akkurat påstå at avisene var so veldig varsame her. Skjermen blei fylt av svære overskrifter og ein haug av videoar, med personvern og nettvett sist i rekka.
Dette er grunnen til at eg meina at innføringa i nettvett er ganske bortkasta. I ein bransje der det bør vere i sentrum hamnar det langt ute på vidda.
Skal det vere slik at det er i Nettavisen eller i VG at ein ser at søstera, faren eller sonen er angrepet eller er død? I så fall har verdien av klikk og merksemd gått langt over streken.
Er på tide at mediebransjen skjerpar seg og tar ein gjennomgang av det same som mange 10-åringar lærer i dag. Viss ein ikkje kan forvente nettvett, dømmekraft, personvern og respekt av denne bransjen, so kan ein ikkje forvente det av nokon andre.
———————————————-
Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.