Bildet er fra utenfor den ukrainske ambassaden i Oslo.

MENINGER:

I kaoset på bakken, medan bombene fell, er det ingen journalist som greier å skaffe seg oversikt

«Media og akademia må samarbeide for å løyse utfordringane som krigen i Ukraina reiser for norsk journalistikk.», skriv Roy Krøvel ved OsloMet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Vi veit frå tidlegare krigar at journalistar og publikum neppe bør stole på informasjon som kjem direkte frå partane eller andre som er involverte.

Det er mange som har interesse av å halde tilbake informasjon, vri informasjonsflyten eller produsere falsk informasjon – også norske allierte bruker propaganda og psykologiske operasjonar for å oppnå fordelar i kriser og krig.

Men krigen i Ukraina viser også kor viktig det er med god, gamaldags kjeldekritikk. Sanninga ligg neppe ein stad «midt i mellom», og for journalistar kan ikkje samfunnsoppdraget reduserast til å stadfeste opplagde sanningar som at «to narrativ står mot kvarandre». Påstandar må undersøkast og testast.

Eit stort problem er mangelen på kompetanse i bruk av moderne verktøy som må til dersom redaksjonane skal gjere sjølvstendige vurderingar i kritiske situasjonar. Det finst absolutt svært gode, modige norske journalistar som rapporterer frå bakken. Dei gir oss eit inntrykk av korleis vanleg folk opplever krigen med alt den medfører.

Men i kaoset på bakken, medan bombene fell, er det ingen journalist som greier å skaffe seg oversikt. Eg har sjølv opplevd liknande situasjonar frå Sri Lanka i aust til Colombia i vest – det er fyrst på god avstand kan ein håpe på å skape ut av kaos eit slags bilete av kva som eigentleg går føre seg.

Internasjonalt finst det redaksjonar og team som har utforska bruk av satellitt-foto og kunstig intelligens til å identifisere alt frå søppel i havet til militære installasjonar og køyretøy.

Det finst andre som har utvikla metodar for å storskala innsamling av foto og tekst frå sosiale media, og for verifisering eller falsifisering av informasjon i tekst og bilete.

Krigen reiser spørsmål om tryggleiken til journalistar, ikkje minst tryggleik knytt til digital kommunikasjon med kjelder. Det er lokale journalistar eller «stringerar», dei som ofte samarbeider med internasjonale media, som er mest utsette i slike situasjonar.

Har norske media nok kompetanse til å ta vare på eigne journalistar og deira kjelder i ein slik situasjon?

Dessutan er dette døme på ein krig der uavhengig kritisk undersøking av påstandar frå ulike partar nærast krev utforsking av nye, visuelle presentasjonsformer med bruk av interaktive kart og bilete der lesarar og sjåarar på eiga hand kan utforske kjelder og informasjon.

Både norsk journalistikk og journalistutdanning har ein lang veg å gå dersom journalistikk i framtida skal kunne spele ei sjølvstendig, kritisk rolle i slike dramatiske situasjonar. Problemet er kompetanse, løysinga er samarbeid.

Kompetansen kan neppe hevast utan at redaksjonar og universitet samarbeider om å utvikle kunnskap og erfaring på område der vi i dag er for svake, som til dømes bruk av satellittfoto kombinert med avansert datajournalistikk, data-tryggleik og visuell datapresentasjon.

———————————————-

Krøvel leder forskningsgruppen MEKK – medier i krig og konflikt. Han er også koordinator for PhD-kurs i tryggleik for journalistar og OsloMet AI Labs satsing på kunstig intelligens i undersøkande journalistikk.

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS