– Ein funkis er ikkje først og framst berre ein funkis, men kanskje òg ein kollega, skriv Mone Celin Skrede.

KOMMENTAR:

Seks tips til redaktørar som vil bli rå på mangfald

«Norsk Journalistlag vil ta med funksjonsnedsetjing i den nye mangfaldsplakaten. Her er nokre tips å ha i bakhovudet», skriv Mone Celin Skrede.

Publisert Sist oppdatert

Når Norsk Journalistlag, NJ, no lagar mangfaldsplakat, er funksjonsnedsetjing med i planane alt før plakaten er laga. Faktisk skal journalistlaget diskutere nettopp funksjonsmangfald på ein eigen fagdag denne veka.

Det viser at organisasjonen ønskjer å ta inn eit perspektiv som svært ofte manglar. Mangfald kan bli meir enn eit trendomgrep.

Funkisar er framleis svært underrepresentert i medielandskapet. Etter fleire år i pressa, har eg endå til gode å sjå fleire med større funksjonsnedsetjingar, både fast tilsette og vikarar, i redaksjonslokala, trass i at vi utgjer minst 18 prosent av folket og finst i alle folkegrupper.

Her er nokre tips frå meg, som funkis og tilsett i ein organisasjon, og som utdanna journalist med bakgrunn frå rikspressa.

1. Involver funkisar i mangfaldsarbeidet

Funksjonshemma bør vere representert i arbeidsgruppene som skal arbeide med mangfaldssatsingar.

Arbeidsgjevarar kan òg aktivt ta kontakt med organisasjonane som sit på kompetanse om nett funksjonshemma i arbeidslivet. Det finst både rekrutteringsselskap som baserer seg på arbeidssøkarar med nedsett funksjonsevne og organisasjonar som utelukkande arbeider med antidiskriminering av denne gruppa.

2. Ta tak i fordommar og haldningar i redaksjonane

Nokre arbeidsgjevarar kan tenkje at det blir dyrt å ha ein funkis i arbeidsstokken. At det tyder auka sjukefråvær, dårlegare arbeidskapasitet og dyre tilretteleggingstiltak. Men nedsett funksjonsevne er ikkje synonymt med nedsett arbeidsevne.

Det er òg vanskeleg å endre haldningar og barrierar dersom arbeidsstokken i mediehuset eller organisasjonen ikkje sjølv kjenner på dei.

Diskrimineringa mot funksjonshemma er lite synleg, nett fordi ein aksepterer at ein dersom ein har ein normbrytande kropp, berre må godta å bli behandla annleis og ikkje kan vere med på same måte som andre. Når det fører til at funkisar nesten ikkje finst på arbeidsplassane, ser ein ikkje at perspektivet manglar. Då får det lettare forplante seg ut i produktet journalistane lagar.

3. Bruke funkisar som vanlege kjelder

Og apropos produktet, bør ein aktivt leite etter kjelder og meiningsberarar som òg har ei funksjonsnedsetjing, sjølv om saka ikkje handlar om funksjonsnedsetjing.

Ei slik tilnærming vil både vere med å normalisere funksjonshemma som vanlege, aktive samfunnsborgarar, og vise fram kor viktig det er å sjå minoritetspersonar snakke om noko anna enn minoriteten dei tilhøyrer.

Vi treng óg å hugse på at funkisar er heilt vanlege menneske og journalistar. Gode føredøme er Salamatu Kamara i NRK Super-nytt og Frank Rossavik i Aftenposten. Eit anna døme er Yngve Stiansen i NRK Sørlandet, som nyleg er omtala i Fædrelandsvennen. Det tek oss over på neste punkt, utforminga av arbeidsplassen.

4. Sørg for at den tilsette får gjere jobben sin

Som Morten Feirud i arbeidsgruppa til NJ påpeiker, er faktiske krav til universell utforming heilt avgjerande dersom alle tilsette skal få gjere jobben sin på best mogleg måte.

Det handlar ikkje berre om trapper, heis og ramper, tilgjengelege toalett og bilar til å rykke ut. Men òg om teleslynger, tilgjengelege saksdokument og presentasjonar for menneske med syns- eller høyrslenedsetjing, klarspråk, digital infrastruktur og tilgang på tolk.

At rullestolbrukarar må sende dobbelt så mange søknader for å bli kalla inn til jobbintervju som gåande, seier noko om kor viktig utforminga av arbeidsplassar er.

Er du i tvil om korleis du kan tilretteleggje, har til dømes Nav fleire ordningar og tilskot til arbeidsplassen, som funksjonsassistanse og eit eige inkluderingstilskot for arbeidsgjevarar. Og ikkje minst, snakk med personane som opplever at arbeidsplassen er utilgjengeleg om kva justeringar redaksjonen kan gjere.

5. Funksjonsnedsetjing er eit diskrimineringsgrunnlag

For å hindre stereotypisk omtale av funksjonshemma som nokon ein skal ha medkjensle og sympati for, eller som nokon ein skal vere imponert over fordi ein har overvunne funksjonsnedsetjinga, som ytringsfridomskommisjonen påpeiker at er eit problem, kan arbeidsgjevarane lytte til tilsette som har ei funksjonsnedsetjing. Er livet deira verkeleg så annleis eller tragisk? Og kor mykje av det botnar i haldningar frå omverda?

Ein kan sjå etter parallellar i andre diskrimineringsgrunnlag. For å setje det på spissen: Er det greitt å nekte ei kvinne tilgang til arbeidsplassen fordi arbeidsplassen er tilrettelagd for menn? Kvifor er det då greitt å nekte ein funkis tilgang til arbeidsplassen fordi arbeidsplassen er tilrettelagt for ikkje-funksjonshemma?

6. Det handlar ikkje om velgjerd, «å vere snill»

Ein skal kunne stille krav til den ein tilsetter. Det tyder òg at at ein må investere i og tilrettelegge for at den tilsette får bruke kompetansen sin. Då slepp arbeidstakaren å bruke energien på å navigere rundt fysiske, digitale og haldningsbaserte barrierar på arbeidsplassen.

Det krev òg at ein har forståing for kva det er som hindrar, og vilje til å sjå arbeidstakaren som likeverdig og som nokon som kan tilføre noko til arbeidsmiljøet.

Det er nemleg mange døme på at funkisar ikkje blir stilt krav til i skulen, noko som smittar over på sjansane i arbeidslivet.

Lukke til!

Denne lista er ikkje uttømmande, men eg stoppar her. Ein funkis er ikkje først og framst berre ein funkis, men kanskje òg ein kollega.

Med mangfaldsarbeidet kan Norsk journalistlag gjere ein skilnad for dei som alt er tilknytt organisasjonen, òg for funksjonshemma som ønskjer å bli journalistar.

Eg ønskjer Norsk Journalistlag, og mediebransjen, lukke til!

———————————————-

Dette er en kommentar, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS