Redaktør Sigbjørn Linga i Hordaland Folkeblad.

MENINGER:

Difor vel eg barnehagen

«Eg har registrert at redaktørar i konsernaviser gjerne stiller seg i krenkt forsvarsposisjon – med Nitteberg og konsernfelle Tom Martin Kj. Hartviksen som ferske døme – om nokon så mykje som hintar om at dei er utsette for over- og fjernstyring», skriv Sigbjørn Linga.

Publisert Sist oppdatert

Fjøsnissen her. Ja, han sjølvnøgde, komiske og triste fjotten som helst sit ute i løa med smaklaus vassgraut i staden for å takka ja til ein luksuriøs femrettar i godt lag i våningshuset. Han som ikkje er glad i born og som føretrekkjer «alenegang» – «enten det er rasjonelt eller ikke», som Helge Nitteberg konkluderer i Medier24.

Med vonbrot les eg kor grunnlaust Nitteberg dreg slutningar, omtalar konkurranse som «meningsløst sløseri» og «dumskap» (ein original innfallsvinkel – det skal han ha) og lovprisar monopolet. 

Mitt litt spissa trugsmål knytt til sal av vår avis er omsett til at eg meiner «ensomhet er lykken i livet». Personleg stemmer det kanskje, men kvar får Nitteberg det frå at underteikna står for dette også profesjonelt?

Dei harde fakta: Hordaland Folkeblad har sidan 2015 nytta tekniske løysingar leverte av eksterne leverandørar. No er me på veg inn i vårt tredje samarbeid. Når eg treng råd og hjelp, spør eg Redaktørforeningen, MBL, Presseforbundet eller andre frittståande aviser om innspel.

Hadde Nitteberg sjekka sanninga, hadde han ikkje hevda at «vi» – truleg ikkje han – utset «både mulighetene og problemene». 

Nitteberg verkar å tru at vår avis har noko mot samarbeid om betre tenester og «noen å dele regninga med». 

Feil. Sjølv fjøsnissen har hatt løedøra på glytt lenge.

Eg trur at dei trur det

Det eg derimot held døra stengd for, er sentralstyring, einsretting og påverknad av redaksjonell verksemd. 

Jau då, eg har registrert at redaktørar i konsernaviser gjerne stiller seg i krenkt forsvarsposisjon – med Nitteberg og konsernfelle Tom Martin Kj. Hartviksen som ferske døme – om nokon så mykje som hintar om at dei er utsette for over- og fjernstyring. Båe dei nemnde er openbert overtydde om at dei er frie og uavhengige.

Eg trur at dei trur det. Eg trur nokre av dei sterkaste og mest sjølvrådige konsernredaktørane faktisk er det. Og eg trur mange i praksis slett ikkje er det. 

Korleis kan eg hevda det? Vel, ein kjem eit stykke ved å lesa og samanlikna stoffutval, vinklingar, tittel- og biletbruk, satsingsområde og trendar i tre–fire lokalaviser i eit konsern over tid. Prøv gjerne det.

For spesielt interesserte fylgjer nokre argument for å setja arbeid i barnehagen høgare enn arbeid i ei konsernavis:

  • Eg tek ikkje sjansen på å verta instruert eller inspirert av eigaren og hans teljekorps – eufemismen er innhaldsutviklarar – i redaksjonelle prioriteringar.

  • Eg vil prioritera fagleg kvalitet på tekst, bilete og anna innhald. Det er motlaust om ein konstant lever med usagde eller sagde krav om høg frekvens, høgt tempo, høgt volum og høge lesartal.

  • Eg vil gje dei som betalar for papiravisa, eit produkt eg kontrollerer og kan stå inne for.

  • Eg vil ikkje gløyma grunnleggjande presseetikk berre fordi ei gullsak er innan rekkjevidd.

  • Eg tek ikkje sjansen på å verta hjernevaska til å tru at det mange les, er relevant og viktig.

  • Eg ynskjer tette skott mellom børs og katedral, og vil ikkje stå i konstant habilitetskonflikt som både administrerande direktør/dagleg leiar og redaktør.

  • Eg vil sleppa å spleisa på innhald eg ikkje ynskjer å publisera.

  • Eg har lyst til å vera til stades på møtestader for mediefolk også i konkurrerande føretak, for å henta impulsar utanfor eige hovud og eigen organisasjon.

  • Eg vil at kundane våre skal treffa tilsette med lokal dialekt og kunnskap, og vil gje lesarane lokalt stoff.

  • Eg vil ha ein politikk som opnar for å dela foto og anna stoff raust med aviser som andre eig.

  • Eg er for ru til å verta glatt, og kjem ikkje til å trivast i konstant opposisjon.

Når vart «bruker­opplevelse» ein del av det redaksjonelle vokabularet?

Om konsernredaktørane er så ubundne og hemningslause som somme av dei påstår, ville eg ha rekna med at satsingane og metodane var meir sprikjande og mangfaldet langt større. 

Konsernaviser har heilt sikkert flust av dugande, kritiske journalistar som helst vil utføra samfunnsoppdraget, sjølv om utviklinga konserna skapar i Lokalavis-Noreg, trugar rasen. Slike typar bør ikkje hemmast og øydeleggjast av ustanseleg gnål om kva som «går best». 

Nitteberg pakkar sanninga pent inn: «Hvor mye godt, nært, variert og relevant innhold får de hos oss? Og får de en god brukeropplevelse? Alt annet er irrelevant.» 

Orsak meg, men når vart «brukeropplevelse» ein del av det redaksjonelle vokabularet? 

Hartviksen lèt seg på si side imponera over at redaktørane framleis får avgjera kva som skal publiserast, og at «rullering av strategier skjer med utgangspunkt i redaksjonenes egne vurderinger, naturligvis ved hjelp av innsikt og analyser fra konsernenes fagmiljøer». Kudos til konsernet! Det skulle då berre mangla.

Samarbeid om teknologi og distribusjon er eit praktisk og naudsynt val. Samarbeid om innhald og redaksjonelle prioriteringar er eit verdival. Det siste får fylgjer for mellom anna særpreg, identitet og presseetikk. 

Me snakkar såleis gjerne «pompøst og selvforherligende om egenart», og toler godt stempelet som proteksjonistisk og konservativ. Særleg når alternativet er ei redaksjonell samkøyring som pressar norsk lokalavisjournalistikk inn i maks to–tre tvangstrøyer. Same kor fancy og lønsame desse trøyene måtte vera.

Ein slik motvilje vert straffa med avisdøden

Underteikna har sjølv hatt æra av å vitja hovudkontoret til eit av mediekonserna, noko som kjendest litt som å vinna gullbilletten til Willy Wonkas sjokoladefabrikk.

Og jau, det var på grensa til at eg ramla uti sjokoladeelva, hadde det ikkje vore for bodskapen i samtalar med ein god del Umpa-Lumpaer på golvet i det same konsernet: Langt frå alle her svevar på ei rosa sky. Det var ein stor lette å ta den store glasheisen og koma seg ut i frisk luft.

Meldinga frå gaiden vår var tindrande klar: Me kan sjølvsagt velja det utenkjelege, takka nei til Guds gåve til folket og lappa saman noko heimelaga med «gaffateip», som vedkomande uttrykte det. Eit lite aber er at ein slik motvilje vert straffa med avisdøden.

Eg ser ikkje bort frå at omvisaren i klikkfabrikken har rett. Kanskje er dette ein kamp me er dømde til å tapa. Men her er det altså våre vegar skil lag: Me vert heller eit vakkert lik enn å gje bort den 151 år gamle sjela vår.

Og skulle eigaren av vår avis ein dag verta usamd med meg og lata seg blenda av blenkjande mynt, kan kjøparen slappa heilt av: Fjøsnissen has left the building.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS