Mone Celin Skrede svarer David Stenerud.

MENINGER:

Ein ting David Stenerud og eg er samde om, og ein vi ikkje er

«Tradisjonen mange medier har med å spekulere i helsa til maktpersonar, seier noko om synet vi har på menneske som lever med alvorlege sjukdommar og funksjonsnedsetjingar.», skriver Mone Celin Skrede.

Publisert Sist oppdatert

ABC Nyheter-redaktør David Stenerud svarar på kommentaren min for nokre veker sidan, om spekulasjonane media skriv om rundt helsa til Vladimir Putin. Han stiller seg uforståande til at eg meiner haldningane han viser, og for så vidt dekninga frå media, er problematiske.

1. Vi er samde om:

At Putin er verdas farlegaste mann nett no. Det er òg bra og heilt rett at Stenerud ønskjer å unngå stigma mot dei som har diagnosane som det blir spekulert om Putin har.

Men det er nett fordi Putin er verdas farlegaste mann at eg meiner media skal vere varsame med å setje likheitsteikn mellom helsetilstanden hans og krigen han har sett i gang. Putin veit nøyaktig kva han gjer. Når Putin eventuelt må gje frå seg makta til ein av sine næraste fordi han må opererast eller få annan behandling, som Stenerud påpeiker, kan det vere relevant om han er sjuk eller ikkje.

2. Men der eg meiner Stenerud trør feil, og det eg peiker på som problematisk, er:

Å påstå at Parkinsons sjukdom eller tarmkreft vil føre til at Putin blir farlegare. Når redaktøren listar opp symptom på Parkinsons som han meiner kan svekke Putin, seier det heilt klart noko om synet hans på sjukdom. Det reagerer eg på. Betyr det at menneske med Parkinsons eller tarmkreft er meir tilbøyelege til å gjere kriminelle handlingar? Er ikkje dette nett den stigmatiseringa vi er samde om at vi må unngå?

Tradisjonen mange medier har med å spekulere i helsa til maktpersonar, seier noko om synet vi har på menneske som lever med alvorlege sjukdommar og funksjonsnedsetjingar.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS