NRK-redaktør svarer på kritikk fra Bernt Olufsen mot den danske dokumentarserien "Den sorte svane".

MEININGAR:

La deg begeistre, Bernt!

«NRK er stolt av å vere ein redaksjonell partnar i ei så viktig og så vanskeleg publisering», skriv Egil Sundvor om dansk TV 2s "Den sorte svane". 

Publisert Sist oppdatert

Teksten svarer eit innlegg frå mediekritikar Bernt Olufsen.

TV-serien "Den sorte svane" dokumenterer alvorleg og grov kriminalitet i Danmark. Den viser fram avsløringar så grove at dei har ei særs vesentleg samfunnsmessig interesse, langt ut over danske grenser. Materialet som i stor grad er tatt opp ved bruk av skjulte metodar, er så sterkt at det er vanskeleg å forsvare å halde dei unna offentlegheita. Det må publiserast.

Her settast vår tillit, vårt rettssamfunn og grunnleggande demokratiske verdiar i spel. Det er utan tvil eit kontroversielt prosjekt med betydeleg risiko, som har blitt grundig vege mot vekta av det som blir dokumentert – og kor viktig dette er for samfunnet. Ein tar på seg eit ansvar ved å formidle ei historie med så mange krevjande forhold. Men hefte også eit ansvar ved å ikkje fortelje historia.

Idet Amira Smajic gjekk inn i redaksjonslokala og ville fortelje om og avsløre den kriminelle under- og oververda i Danmark, gjekk ho også inn i ei risikosone det knapt er til å begripe at ein gjer frivillig. Kvifor vil ho stå fram og avsløre sine kriminelle kontaktar – og på denne måten? Det framstår framleis som eit mysterium, og vi har kun hennar ord på at dette var einaste måten å endeleg og for alltid bryte kontakten med hennar kriminelle fortid.

Samarbeid over år

Gjennom fleire år samarbeidde ho med TV2s journalistar for å dokumentere grove svik mot samfunnet, og gjennom fleire år gjentok ho at dette var riktig å gjere, trass svært høg risiko. Seinast i eit intervju med NRK i november 2023, lenge etter at opptaka var over, gjentok ho dette og stadfesta at ho var godt kjent med risikoen. Først då TV2 avslørte at ho kan ha drive med kriminell verksemd på si, trakk ho seg ut med beskjed om at serien ikkje skulle sendast. I to rettsinstansar prøvde ho å stanse serien, men tapte.

I Ver varsam-plakatens første del slås pressas samfunnsrolle fast. Den legitimerer den kritiske haldninga medier skal ha, og ta, overfor alle former for overgrep eller forsømmingar frå maktpersonar i samfunnet. Ei presse som avdekker angrep på demokratiske institusjonar, er i kjernen av oppdraget. ”Den Sorte Svane” avdekker korleis eit parallell-samfunn får fotfeste i eit samfunn som i stor grad er bygd på tillit og openheit. Det angrepet kan institusjonane no forsvare seg mot.

Dei presseetiske utfordringane

Det er likevel ei rekkje presseetiske utfordringar som skal handterast. Då NRK kjøpte seg inn i produksjonen, var opptaka i all hovudsak gjort. Hausten 2023 fekk vi ein gjennomgang frå dansk TV2 om korleis dei hadde vurdert Amiras intensjon, avtalen med Amira, sikkerheita til dei involverte, det etiske og juridiske ved skjulte opptak over så lang tid, identifisering av dei involverte og korleis dei planla samtidig imøtegåelse. Det var ingen anna måte å avdekke bindingane mellom under- og oververda på enn gjennom skjulte opptak. Heile Amiras historie er gått igjennom som det framgår i serien, og det var god dokumentasjon på at kontaktane til Amira kunne avsløre korleis kriminaliteten blei utøvd. Oppgåva hennar var klar: Ho skulle dokumentere planane og hensiktene til andre kriminelle. Ho skulle ikkje kome opp med idear til kriminalitet, og ho skulle ikkje oppfordre til eller initiere kriminelle handlingar. Her var prosjektets vurdering at Amira Smajic ikkje har bidratt til kriminelle handlingar som elles ikkje med stor sannsynlegheit hadde funne stad. Dei kriminelle inkriminerer seg sjølve.

Uavklarte spørsmål

Det er likevel fleire uavklarte spørsmål vi må leve med. Kva var motivasjonen til Amira, eigentleg? I kva grad kan vi stole på ei kjelde som har ei kriminell fortid, og som vil avsløre dei ho har jobba for? Kvifor braut ho avtalen med TV2, og snudde seg mot prosjektet ho sjølv ville bidra til å realisere? Amira Smajic har kanskje ikkje brote heilt med det kriminelle miljøet utan at vi kan slå det fast no, og difor kjem spørsmåla om hennar einaste hensikt med prosjektet var å få sanninga om samarbeidet mellom under- og oververda fram. Dette blir også formidla i serien, og er ein del av historia. Det vi uansett ser, er korleis samfunnet blir angripe av aktørar som nyt godt av ein nordisk demokratitradisjon med openheit og tillit til institusjonane våre.

Det vart laga ein avtale mellom TV2 og Amira, der ho fekk ei halv månadsløn for å bruke tida si på prosjektet. I avtalen går det fram at ho jobbar for TV2, og ikkje kan drive med kriminell verksemd samtidig. Ho braut avtalen, og redaksjonen i TV2 har ikkje lukkast med å få ei forklaring. I eit intervju med Berlingske Tidende denne helga, held ho framleis korta tett ved brystet om denne hendinga.

Etikk versus sikkerheit

Det lyser raudt når ei med lang kriminell bakgrunn, brukar skjulte metodar for å avsløre kriminelle, og der ho sjølv ikkje skal bidra til kriminalitet. Går ho over denne grensa? Provoserer ho ikkje fram kriminalitet? I nokre tilfelle har TV2s team gripe inn for å korrigere åtferda, samtidig seier Amira at det er mistenkeleg dersom ho endrar åtferd og stoppar ved ei grense ho tidlegare har gått over. Det betyr også noko for hennar sikkerheit at ho ikkje avslører seg under opptaka. TV2 er opne om dette i serien, og det er ein styrke at ulike dilemma blir løfta fram undervegs. Samtidig er det stor skilnad på å leggje til rette og gje råd, som Amira gjer, og det å provosere eller oppmode til handlingar.

Etter kvart som serie-utkasta var ferdige hausten 2023, fekk NRK gå inn i råmaterialet for å sikre at klippinga i og mellom dei ulike kamera, var i kontekst. Eit team frå NRK har også vore tett på produksjonen sidan klippen starta i september 2023, og slik har vi vore i løpande dialog med redaksjonen i Danmark. NRK har gjort nokre sjølvstendige anonymiseringar i serien. Vår vurdering var at belastninga til enkelte var høgare enn verdien av deira deltaking – sett i ein norsk kontekst. Dei valde vi å sladde.

Vanskeleg og viktig

Det er openbert ein sikkerheitsrisiko å gå inn i eit slikt prosjekt over så lang tid. Ein lekkasje kan vere forskjellen på liv og død. Få veit det betre enn Amira. Likevel har ho stått ved si beslutning gjennom år, til ho vende seg mot produksjonen. Ein kan likevel ikkje unngå å beundre motet og arbeidet ho har gjort som moldvarp, sjølv om vi ikkje har heile biletet. Redaksjonen i TV2 tok alle førehandsreglar som var moglege for å sikre hennar liv i heile produksjonsløpet. Det er henta inn rådgjeving og eksperthjelp, i tillegg blei politiet informert om situasjonen før publisering. Og TV2 hadde klar ein eigen sikkerheitsplan som tok vare på ho då serien vart kjend for alle involverte. Den har ho takka ja til. Det vart også vurdert som ein betydeleg risiko for journalistane om ein valde ikkje å publisere materialet ein sat på.

No er ”Den sorte Svane” publisert, og den har slått ned som ei bombe og rysta Danmark. Ringverknadane har nådd både Noreg og Sverige. Konsekvensen av journalistikken er stor. Det står respekt av dansk TV2 og produksjonsselskapet Wingman for å ha stått gjennom denne usedvanleg krevjande reisa. NRK er stolt av å vere ein redaksjonell partnar i ei så viktig og så vanskeleg publisering. Det er ulike meiningar om ulike deler av prosjektet, mange spørsmål, men det er få, om nokon, som meiner det ikkje burde blitt vist. Så – la deg begeistre på journalistikkens vegne, Bernt.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS