Me må ta ansvar i eigne aviser for å dyrka fram kvinnelege leiarar
«Den viktigaste jobben for å sikra kvinnelege redaktørar skjer ikkje frå toppen i Amedia, men i eigne redaksjonar», skriver sjefredaktør i Bergensavisen, Guro Valland.
GuroVallandsjefredaktør i bergensavisen
PublisertSist oppdatert
Som sjefredaktør og administrerande direktør i Bergensavisen (BA), har eg fylgt debatten om kvinneproblemet på redaktørnivå i Amedia med interesse.
Av totalt 88 Amedia-redaktørar er berre 20 kvinner, melde Medier24 førre veke. Tala er pinleg låge. Sjølv er eg ikkje inkludert i statistikken fordi eg er i foreldrepermisjon med vårt tredje barn, noko Amedia for øvrig applauderte (meir om det sidan).
Sjølv om kvinneproblemet er samansett, bør medisinen vera klår: Den aller viktigaste jobben for å sikra kvinnelege redaktørar skjer ikkje frå toppen i Amedia, men i eigne redaksjonar.
Eg vil at BA og dei andre avisene skal vera blant dei mest attraktive arbeidsplassane for dei største leiartalenta i bransjen, og ganske mange av desse er kvinner.
Då må me ta ansvar i eigne aviser for å dyrka fram kvinnelege leiarar.
Heilt konkret: Bruka hovudet til å identifisera kvinnelege talent. Kjenna ansvaret for å følgja dei opp og utnytta makta vår ved å tilsetja dei.
Berre då klarer me å redusera graden av blazers og jeans på leiarsamlingane.
Amedia har over 100 lokalaviser i porteføljen. Dei fleste er leia av redaktørar på bygda, tettstader og mindre byar, og mange av dei er monopolaviser.
Denne typen redaktørar har ein tendens til å sitja lenge. Ikkje eit problem i seg sjølv, men det forseinkar likestillinga i Amedia.
Me må også hugsa på at mennene som får statistikken til å sjå dårleg ut, er dyktige redaktørar og kollegaer. Nokre av dei har sete lenge, andre er ferske, men bør gjerne sitja mykje lengre, sjølv om det er dumt for Amedia sine tal.
Ta Ove Mellingen i Telemarksavisa (TA), til dømes. Han har vore redaktør i TA sidan 1998. Mellingen er bergensar og sit også i styret til BA. Eg er takksam for begge delar, men kanskje mest for at diskusjonane ikkje vert perspektivlause når Mellingen tek ordet.
Arve Uglum i Sogn Avis har eit smittande engasjement og resultat som imponerer. Karl Andreas Kjelstrup styrer Nordre Aker Budstikke, Sagene Avis og Akersposten i Oslo, aleine og med vekst. René Svendsen i Fredriksstad Blad er såpass frampå i skoa at eg gløymer kor irriterande han er når det kjem til fotballaget i byen.
Poenget mitt er: Sjølv om Amedia har eit kvinneproblem, bør Mellingen og alle dei andre redaktørane i Amedia vera i jobbane sine uavhengig om dei er menn eller kvinner.
Alt startar i lokalavisa. Det veit me frå den andre store debatten til Medier24 i sommar. Det veit eg også frå mi eige tid som ansvarleg redaktør i avisa Hordaland på Voss.
Også her finst det kvinner som vil opp og fram, eller som kanskje ikkje veit det enno. Akkurat som i byane. Akkurat som i Bergensavisen. Då må me redaktørar gjera alt me kan for at dei skal verta verande, veksa og ha det kjekt på jobb.
Dyktige kvinner skal ikkje forsvinna frå radaren min fordi eg ikkje har fylgt med.
Den typen medvit gjeld også meg sjølv. Kven er det som kan ta over for meg ein gong? Eg har ingen plan om å slutta, men kjenner eit stort ansvar for avisa si framtid.
Såkalla etterfølgarplanlegging buzzar godt om dagen, men det er det jaggu meg ein grunn til.
Skal du som redaktør verta bytt ut, er det ganske sikkert at styreleiar spør deg om innspel til kven som kan ta over. Då må du også ha solide kvinnenamn på blokka.
Sjølv er eg litt flau over å vera den fyrste kvinnelege sjefredaktøren i BA. Det er heller ikkje bra at eg er den einaste kvinna i redaktørkollegiet i eiga avis.
Min eigen no-situasjon, i mammaperm for tredje gong, er eg derimot ikkje flau over. Den seier meg ein del om korleis Amedia legg til rette for at kvinner med familieambisjonar også kan verta sjefar.
Ein ting er det at eg var høggravid med vårt andre barn då eg vart tilsett. Noko anna er det at eg vart møtt av rein velvilje då eg fortalde styreleiar om det tredje.
Sjølv om slikt bør vera sjølvsagt i 2024, hjelper det når arbeidsgjevar gratulerer og på ingen måte kondolerer, og at dyktige kollegaer ser det som heilt naturleg å ta over plassen din fordi du skal vera mamma. Det er moderne arbeidsliv i praksis.
Amedia har mål om 40 prosent kvinnelege redaktørar. Talet no er 23 prosent, ifylgje Medier24.
Fordelen med dårlege tal er at det ikkje skal så mykje til for å verta betre.
Eg er glad for at konsernsjef Anders Opdahl er tydeleg på at han ikkje er nøgd og ynskjer framdrift. At testosteronnivået har gått noko ned i konsernleiinga, hjelper også. It takes one to know one, trur eg. Difor er det sunt for likestillingsarbeidet frå toppen at det no finst tre kvinner i Amedia si øvste leiing på ti, og fleire bør det bli.
Amedia har sagt at likestilling skal på agendaen på neste redaktørsamling. Dei skal også ha eit forum for kvinnelege redaktørar. Eg stiller gjerne, men eg trur ikkje det er løysinga eller vegen å gå. Heller bør me breidda ut denne diskusjonen: Korleis kan me vera ein god og attraktiv arbeidsgjevar for endå fleire grupper i samfunnet? Korleis kan me verta best på rekruttering og utvikla leiartalent. anten dei er kvinner eller minoritetsungdom?
På vegen mot målet er det redaktørfellesskapet som må ta ansvar for framtida, kvinner som menn. Inntil dess let eg meg underhalda av mansplaininga på leiarsamlingane.
Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.