MENINGER:

Misvisande om russisk prop­aganda i «alternative media»

«Ein må sjølvsagt gjerne undersøkje kor mykje russisk propaganda ein finn i alternative media. Men då må ein referere funnet rett.», skriv Anders Ulstein i Document.

Publisert

Faktisk.no har undersøkt i kor stor grad russisk propaganda finn vegen inn i «alternative media». Tittelen på saka er «Slik spres russisk propaganda i norske alternative medium». Media som er undersøkt er Document.no, HRS.no, Resett.no og Steigan.no.

Dei konkluderer med at det er «éin aktør som skil seg tydeleg ut frå resten». Ikkje overraskande er dette Steigan.no. Kvifor peikar då overskrifta på «alternative media» dersom det er Steigan.no som «skil seg tydeleg ut»?

Dette er påfallande, ikkje minst sidan to av dei "alternative media", Document.no og HRS.no er frie for russisk propaganda. (Faktisk.no finn ei sak i Document, og den skal eg forklare meir om seinare). Den fjerde, Resett, har hatt nokre saker der ein finn russiskkontrollerte kjelder, men dei ligg likevel langt unna Steigan sitt nivå.

Sidan Steigan peikar seg ut, kunne ein like gjerne skrive: "Slik spreier media på venstresida russisk propaganda". For Steigan er definitivt på norsk venstreside, om enn langt ute. Eg trur likevel ikkje at redaktøren i Klassekampen ville sett særleg pris på den vinklinga.

Når Steigan har store mengder prorussiske kjelder, og HRS og Document har ingen, med unntak av den eine, så gir kategorien «alternative media» inga meining. Steigan.no bruker prorussiske kjelder fordi dei har ein klar prorussisk vinkling. Document og HRS har det ikkje. Undersøkinga til Faktisk.no underbyggjer dette.

Ein må sjølvsagt gjerne undersøkje kor mykje russisk propaganda ein finn i alternative media. Men då må ein referere funnet rett. Og det faktisk.no fann ut var eigentleg dette: Alternative media deler seg tydeleg i to tydelege leire.

Tenk om faktisk.no ikkje berre undersøkte Steigan.no, men også Aftenposten.no og VG.no. Hos Steigan.no finn dei så dei 169 russiskvennlege kjeldene. Truleg ville dei i Aftenposten og VG finne like lite som dei fann i Document.no og HRS.no. Trur nokon at faktisk.no då ville skrive: «Slik spres russisk propaganda i norske medium» … «men Steigan.no skil seg ut»?

Det er ikkje ein gong snakk om å «skilje seg ut». Dersom du skriv ein artikkel om kor mange pengar Per og Ola har, og Per har 169 kr medan Ola har ingen, vil ein då skrive at Per «skil seg ut»?

Dessutan har redaktør Hans Rustad og andre i Document hatt ei rekkje harde oppgjer med KGB-staten frå tidleg 2000-talet, sjå til dømes her, her, her, her, her og her. Dersom ein undersøkjer prorussisk propaganda i alternative media, er dette naturleg å nemne.

Historikaren Timothy Snyder seier nyleg i NYT at Vesten ikkje forstod kor farleg Putin var. Det er rett. Om fleire hadde åtvara mot Putins regime like konsistent som Document, kunne Europa i dag vore betre førebudd både politisk og militært.

Den eine artikkelen i Document frå 2021 der faktisk.no fann eit lite spor av Kremlins propaganda, var ein gjesteartikkel om Midt-Austen der ein av mange kjelder var "Strategic Culture Foundation" (avsnitt fem). Desse har band til russisk etterretning. Dette var ein glipp. Slikt kan skje.

Les ein kva skribenten Michal Rachel Suissa skriv her og elles, ser ein at ho ikkje er ein putinist, for å seie det forsiktig. Sist veke hadde ho ein brennande harm artikkel i Document om korleis russisk propaganda har påverka oss i lang tid. Dette kallar vi kontekst. Journalistar bruker bry seg om slikt.

Kva kan forklare faktisk.no sine monomane kamp mot alternative media? La oss vere litt kjeldekritiske: Bak faktisk.no står det mektige medianorge – med VG, Dagbladet, NRK, TV 2, Polaris Media og Amedia. Det seier sitt. Det er ikkje rart at dei likar alternative media dårleg. Vi konkurrerer om lesarar, om inntekter og om å sette agenda.

Kan det vere at eigarane av faktisk.no ser seg tent med å klistre "alternative media" generelt til russisk propaganda? VG.no har no ei sak om undersøkinga på sine sider, og då sjølvsagt med den same tittelen om «alternative media». I dagane som kjem vil saka vandre rundt i norske aviser og på sosiale media. Det er tittelen folk les. Er ikkje dette også litt propaganda-aktig?

Document åtvara mot KGB-staten i dei åra det var viktig. No er det litt seint. Men det er bra at dei fleste no ser korleis Putin trugar eit ope og fritt samfunn heime og ute. Propagandakrigen er dessutan alvorleg, og all ære til dei som avdekkjer dette, men det er i dei tidene det er upopulært og ‘stille’, at ein treng alternativ journalistikk, i denne som i andre saker. Hugs det.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til [email protected].

Powered by Labrador CMS