Det er ein tankekross dersom norske styresmakter avgrensar pressefridomen i ein situasjon der den nasjonale tryggleiken trass alt ikkje er særleg truga.

MENINGER:

Lat RT få senda propagandaen sin

«Det er ei lang liste med selskap som den norske regjeringa må gjera seg kjend med dersom den verkeleg ynskjer desinformasjonen til livs.» , skriv Terje Skjerdal.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er urovekkjande at norske styresmakter vurderer å ta i bruk informasjonskontroll for å få bukt med russisk propaganda.

Ingen er i tvil om at statsfinansierte russiske mediekanalar, i første rekkje RT (tidlegare Russia Today) og Sputnik (ei moderne forlenging av Radio Moskva), er talerøyr for Kreml. I Ukraina-krigen har dette kome til uttrykk gjennom sterkt fordreia framstilling av militæroperasjonen, sannsynleg underrapportering av russiske tap, og så vidare.

Men den tendensiøse journalistikken til dei russiske kanalane er ikkje ny.

Fleire års forsking har vist korleis RT blandar seg inn i andre statars politikk under dekke av å stå fram som ein truverdig mediekanal som stiller spørsmåla som dei andre globale aktørane ikkje stiller.

Det som er nytt, er at norske styresmakter vurderer å møta den russiske informasjonsstrategien med informasjonskontroll.

Statsminister Jonas Gahr Støre understreka overfor Stortinget 18. mars at det skal svært gode grunnar til for å innskrenka ytringsfridomen, men han omtala samstundes eksistensen av russiskkontrollerte røyster i det norske medierommet som eit «dilemma».

Det er med andre ord ein fare for at Noreg følgjer etter EU og forbyr RT og Sputnik på norsk jord. Det er i så fall ei ny linje i norsk mediepolitikk.

Dei juridiske sidene ved ei eventuell utestenging av russiske mediekanalar har vore problematisert av mellom anna advokat Jon Wessel-Aas. Det har òg vore stilt spørsmål ved det juridiske grunnlaget for vedtaket til EU-kommisjonen, men fleire land har følgt opp med vedtak i sine respektive medietilsyn.

Eit av dei første ut var Storbritannia, for ordens skuld ikkje lenger medlem av unionen, men svært viljug til å slutta rekkjene i akkurat denne saka. Storbritannia er elles det same landet som i 2021 fråtok det kinesiske kringkastingsselskapet CGTN lisensen med same grunngjeving – at journalistikken ikkje var uavhengig. CGTN sender i dag frå Frankrike.

Inkonsekvent overfor land i sør

Eit norsk forbod mot RT og Sputnik er problematisk av fleire grunnar enn dei juridiske.

Noreg har i aukande grad markert seg som prinsipiell forkjempar for ytringsfridom. Bistandsmidlar har vorte brukte til eksport av pressefridom.

Sjølv har eg gjennom NLA Høgskolen i ein del år vore engasjert i Norad-støtta medieutviklingsprosjekt i Aust-Afrika og på Afrikas Horn med mål om å fremja uavhengig journalistikk. Me har ikkje hatt eit einsidig syn på ytringsfridom, men i spørsmålet om kor vidt det er legitimt av ein stat å blokkera propagandakanalar, har svaret vårt alltid vore at ein slik praksis vil bryta med grunnleggjande ytringsfridomsprinsipp.

I så måte er det eit paradoks at eit land som Etiopia, med ein pågåande borgarkrig, for tida ikkje blokkerer mediekanalar som staten har vanskar med, medan eit land som Noreg, som ikkje er involvert i nokon konflikt, vurderer å utestengja namngjevne mediekanalar.

Korleis tenkjer regjeringa at norske bistandsaktørar skal stå opp for ein liberal mediepolitikk i møte med partnarar i sør når praksisen heime er den motsette? Nokon kan koma til å skulda oss for å vera inkonsekvente.

RT er ikkje nødvendigvis den verste

Reint praktisk kan ei informasjonskontrollinje òg by på utfordringar. Kven konkret skal få jobben med å finna ut kva kanalar som skal blokkerast og kva for nokre som skal få sleppa gjennom? Skal Medietilsynet få ekstra ressursar, eit ekstra kontor? Her må ein fortsetja at blokkering av enkeltkanalar ikkje er basert på eit hastevedtak i ein regjeringskonferanse; ein viss innhaldsanalyse må liggja til grunn.

Skal ein vera konsekvent, kan ein dessutan ikkje berre halda seg til Russland/Ukraina-konflikten. Det er mange konfliktar rundt forbi, ofte med tvilsam informasjon i omløp.

Regimekontrollerte medieselskap finst over store delar av kloten. RT er ikkje nødvendigvis det verste. Det er ei lang liste med selskap som den norske regjeringa må gjera seg kjend med dersom den verkeleg ynskjer desinformasjonen til livs.

Det er likevel ikkje systematisk informasjonsovervaking som er den største utfordringa, men det prinsipielt problematiske ved at det er staten som går inn og kontrollerer mediestraumen.

Både YouTube (Google) og Facebook (Meta) har innført begrensingar på distribusjon av russisk medieinnhald dei siste vekene. Det kan ein meina ulikt om, men dette er private og uavhengige selskap, som interessant nok i større og større grad erkjenner ei form for redaktøransvar. Staten, derimot, har i ein liberal demokratimodell ei definert rolle som regulator, klart skilt frå redaktørinstituttet.

Ved å ikle seg ei redaktørrolle, degraderer staten redaktøransvaret for dei uavhengige mediekanalane. Det er problematisk, særleg for ein nasjon som ynskjer å vera eit føregangsland innan pressefridom.

Såleis er Ukraina-krigen ein test på kor djupt pressefridomsideala eigentleg stikk.

I ein normaltilstand er det sutlaust å stå opp for ytringsfridomen i Noreg; konsekvensane for å tillata frie ytringar er relativt små. Det er ein tankekross dersom norske styresmakter avgrensar pressefridomen i ein situasjon der den nasjonale tryggleiken trass alt ikkje er særleg truga.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS