Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik.

MENINGER:

Pressestøtta har faktisk fungert

«Mitt svar til Sturle Rasmussen kunne vore eit kort, beklager du tar feil, men eg må utdjupa litt.», skriver Tomas Bruvik.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Sturle Rasmussen stiller i Medier24 spørsmål om «den direkte pressestøtten tjener hensikten, og om den gjør mer skade en godt».

Mitt svar til Sturle Rasmussen kunne vore eit kort, beklager du tar feil, men eg må utdjupa litt.

Om ein les det Rasmussen skriv så er verda anten svart eller kvit, men slik er det ikkje. Det er nyansar og ulikskapar frå avis til avis og frå stad til stad.

Det vi trygt og sikkert kan seia er at utan pressestøtte ville svært mange lokalaviser rett og slett vore nøydde til å legge ned, og svært mange ville ikkje hatt ressursar til digital utvikling/satsing.

Utan pressestøtte vil Norge bli langt fattigare på lokalaviser, med store konsekvensar for lokalt demokrati og mange andre uheldige konsekvensar for eit lokalsamfunn utan redaktørstyrt medium. At pressestøtta ikkje har medverka til digital utvikling, meiner eg er direkte feil; i alle fall for lokalavisene som vi i LLA held oss til. På grunn av pressestøtta er lokalavisene også blitt fleire, og ikkje minst er journalistikken blitt betre.

Det er rett som Rasmussen skriv at konsernavisene ligg eit hestehovud føre mange av dei mindre uavhengige lokalavisene når det kjem til å bli digitale. Det har lite samanheng med pressestøtta.

Sjølvsagt er det slik Rasmussen skriv at nokre er seinare enn andre i digitaliseringa, og er det noko vi i LLA er med og hjelper aviser med nærast dagleg, så er det å omstilla seg.

Det er heller ikkje mogleg å tenka seg at mindre aviser skal kunne overleva utan pressestøtte i ei digital verd. Det blir faktisk langt vanskelegare enn i tida med papir. Vi veit at det ikkje er mogleg få med seg dei tidlegare trygge papirinntektene over i ei digital verd. .

For dei fleste vil ikkje brukarinntektene åleine vere tilstrekkeleg til å ha ressursar til å løyse samfunnsoppdraget lokalt.

Vi har inntrykk av at Sturle Rasmussen er kritisk til reglane for den direkte pressestøtta gjennom produksjonstilskott. Det er ein levande diskusjon om innretning og omfang, og akkurat nå er Kulturdepartementet i innspurten med ei tilpassing av reglane (forskriftene) til ei digital framtid.

Den heilt klart største mediestøtte her i landet går til NRK, deretter kjem fritaket for avgift på samfunnsjournalistikk (momsfritak) som har høgast verdi for dei største mediene og til slutt altså den direkte pressestøtta gjennom produksjonstilskottet som er mindre, men svært viktig for medier i ein utsett konkurransesituasjon og avgjerande for at landet vårt kan skryte av å ha kanskje verdas sterkaste mediemangfald. Vi meiner dette er ei god investering for samfunnet, at ser som Rasmussen gjerne at fleire kunne få støtte.

Ein plass må uansett grensa gå for kven som får pressestøtte; det må vere reglar (forskrifter) og desse må vere tilpassa tida.

Det blir og kvart år starta nye digitale lokalaviser. Desse har ein tøff kamp for å koma seg på beina og etablera seg, også desse er avhengige av å få pressestøtte for å kunne etablere seg og bli ein viktig del av lokaldemokratiet og lokalsamfunnet.

Felles for desse er at dei nettopp må vere brukarorienterte for å få nok abonnentar til å kunne kvalifisere for å søke om pressestøtta. Svært ofte har desse tatt stor økonomisk risiko for å kome i gang og pressestøtta er då heilt avgjerande for at dei skal klare å etablere seg.

Slik vi ser det er pressestøtta heilt avgjerande for å kunne skape god journalistikk over heile landet der ein ikkje har store annonseinntekter og mange folk som kan betala for avisene.

Så sjølv om enkelte er noko seine i den digitale omstillinga blir det heilt feil å seia at pressestøtta ikkje tener hensikta. I LLA hjelper vi kvar einaste veke aviser som arbeider for akkurat det å kunne snu frå den tradisjonelle papirtankegangen til å bli digitale aviser, men det skjer ikkje over natta, men det kjem til å skje og det vil skje, fordi avisene faktisk får pressestøtte.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS