Knut Magnus Berge svarer på kritikken mot NRKs journalistikk. Bildet er fra 2020.
Foto: Endre Simonsen
MENINGER:
Nokre fakta og litt synsing om NRKs og journalistikkens stilling
«NRK er i dag den allmennkringkastaren i Europa som står sterkast, målt i omdøme og oppslutning. Det høyrer med i debatten.», skriv Knut Magnus Berge.
Den gamle NRK-kjempa Erling Borgen er på krigsstien. I Klassekampen, i Nettavisen og på Medier24 mm.
Han «vemmes» over utviklinga i journalistikken.
Borgens kritikk er retta mot utviklinga i journalistikken generelt, og NRK spesielt.
Ikkje primært nyheiter, les vi i Klassekampen denne helga, men sidan han har henta døme også frå oss (eitt av dei har han fortjenstfullt beklaga, han hadde ikkje lese artikkelen han kritiserte), tenker vi det er greitt å bringe nokre relevante fakta om NRK og NRK Nyheter:
Status NRK 2022
*NRK er i dag den allmennkringkastaren som (saman med finske YLE) står sterkast i Europa, målt i oppslutning og omdøme.
*NRK har aldri nådd fleire, 9 av 10 nordmenn er innom minst ein av NRKs plattformer dagleg.
*NRK toppar IPSOS sist publiserte måling av omdøme – som den institusjonen eller bedrifta folk har best inntrykk av.
*Over 80 prosent av nordmenn har tillit til NRK, ifølge profilundersøkinga Norstat har gjort for NRK.
Status NRK Nyheter 2022
I NRK Nyheter har vi jobba knallhardt – ikkje minst gjennom tre år med pandemi og etter kvart krig – for å oppfylle forventningane det norske folk har til oss.
Her er fleire fakta:
*NRK har utvida korrespondentnettet med tre kontor dei siste åra, i dag har vi elleve korrespondentkontor verda over, i tillegg ein fast frilans i Sør-Amerika.
*NRK har styrka Nyhetsdivisjonen og utvida tilbodet for å svare på informasjonsbehovet gjennom pandemien, og etter kvart krigen.
*NRK har vore til stade i Ukraina sidan krigen starta med til saman meir enn ti utanriksmedarbeidarar og fotografar. Mellom anna var Morten Jentoft og Mohammed Alayoubi av dei første journalistar til å dokumentere krigsbrotsverk i Butsja.
*NRK held skansen for klassisk samfunnsdebatt i eit medielandskap i endring – frå Politisk Kvarter i Nyhetsmorgen, via Dagsnytt 18 og Debatten, til Ytring på nrk.no. Med meir.
*NRK Nyheter har utvikla Norges største podkast – Oppdatert – som satsar på å nå unge med pedagogisk, viktig historieforteljing.
Også ungt. Og breitt
Eg kunne laga lista lenger. Ikkje for å insistere på at NRK alltid gjer rett og aldri tar feil, vi gjer også feil. Men for å vise at også i dagens NRK er vi opptatt av allmenkringkastaroppdraget.
Vi meiner at den typen fellesarenaer som vi tilbyr, som er breie og inkluderande, er viktige for demokratiet.
Vi meiner det er viktig at vi lagar ein plattform- og stoffmiks som gjer at vi også når grupper som i utgangspunktet er vanskelege å nå med nyheiter og debatt. Som unge.
Dei unge journalistane i dag er betre skulerte, og held (jamt over) høgare nivå, enn før i tida.
Den etiske bevisstheten er høgare, regelverket er skjerpa og metodane for graving betre.
Eit av graveprosjekta i NRK i det siste har avslørt ein ukultur i forsvaret som har fått vidtrekkande følger. Til dømes.
Støy og kvalitet
Ja, det er mykje støy i straumen av informasjon og medium – sosiale medium inkludert. Det er mykje uvesentleg tøv å henge seg opp i.
Erling Borgen vel sjølv kva han vil vektlegge, men det er mykje som er bra. Og det som er bra, er jamt over betre enn før.
I NRK jobbar vi hardt for å levere på samfunnsoppdraget.
Og skulle nokon meine at alt var betre før kan jo starte med eit dykk i gamle aviser – eller NRKs arkiv.
———————————————-
Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.