Alf Holmelid vil at politikere og medier skal ha kontroll på eksport og import når de prater om strøm.

MENINGER:

Misvisande informasjon om kraftimport

«Her bør både politikarar og media skjerpe seg og bruke eit språk som ikkje blir misforstått av dei fleste.», skriver Alf Holmelid.

Publisert

I Dagsnytt 18 måndag 8. august sa både ein statssekretær frå Olje- og energidepartementet og høgrepolitikaren Nikolai Astrup at vi importerte straum til Sør-Noreg sist veke.

Dei fleste vil oppfatte det som om vi importerte straum frå utlandet til denne delen av landet den veka. Men det er ikkje tilfelle.

NVE presenterer kvar veke ein oversikt over kraftsituasjonen i Noreg. Den siste tilgjengelege rapport er for veke 30. På side 15 finn vi ein graf som viser at det var nettoimport til Sør-Noreg (prisområde NO1, NO2 og NO5) siste veke.

Men dette er import til Sør-Noreg frå alle tilstøytande prisområde, inklusive Midt-Noreg (NO3). På side 17 i den same rapporten finn vi ein graf som viser at Sør-Noreg eksporterte 91 GWh til utlandet i veke 30.

Når politikarar og media snakkar om import til Sør-Noreg, så vil dei aller fleste oppfatte det som import frå utlandet.

Denne tvitydige og langt på veg misvisande bruken av omgrepa eksport og import finn vi mange stader utan at media som formidlar påstandane, tar seg bryet med å be om ei presisering.

Her bør både politikarar og media skjerpe seg og bruke eit språk som ikkje blir misforstått av dei fleste.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS