Har Russlands president Putin Parkinsons? Kreft? Aspergers?

KOMMENTAR:

Er Putin sjuk? Det ikkje diagnosen som er viktig her, men heller korleis vi tenkjer om menneska som har ein diagnose

«President Vladimir Putin si helse har vore diskutert med iver sidan han kom til makta i Russland. Men er det pressa si oppgåve å legitimere spekulasjonane?», skriv Mone Celin Skrede.

Publisert

9. mai markerte Russland den endelege sigeren over Nazi-Tyskland, som avslutta den andre verdskrigen. Samstundes står landet i ein ny krig, der det no er Russland som er sikta for krigsbrota. Likevel forsøkjer president Vladimir Putin å trekkje parallellar mellom det Russland som sigra over Tyskland i 1945, og det Russland som no har invadert Ukraina.

– Kjemp for alle dei som har mista livet i dei barbariske skytingane frå Ukrainas side, sa Putin i talen sin, før han bad om eit stille minutt.

Men på den tome stolen bak podiet presidenten tala frå, hang det eit grønt teppe. Og der nokre medier kommenterer retorikken presidenten nyttar i talen sin, medan ordføraren i Kyiv har bede alle innbyggjarar halde seg inne i frykt for nye åtak, har andre hengt seg opp i helsesituasjonen hans.

«Haltet han? Var han blek? Skalv han?» siterer ABC Nyheter britiske Daily Mail, 10 mai. Dette legg seg inn i ei lang rekkje døme der norske medier vidareformidlar og held fram spekulering om helsa til ein av verdas mektigaste menn.

Lang tradisjon

For berre nokre veker sidan refsa kjendisdokter Wasim Zahid VG, etter at avisa publiserte ei sak med ei rekkje påstandar frå Twitter, om Putin sin helsesituasjon.

Zahid seier til Journalisten at han av prinsipp meiner ein ikkje skal stille diagnoser i media. Men her prøvar Zahid å rokke ved ein ganske lang tradisjon.

Media har skrive om helsespekulasjonane rundt Putin sidan han kom til makta i milenniumsskiftet. Det same med andre maktpersonar. Merk til dømes USAs president Joe Biden og påstandane om at han har demens, noko tidlegare president Donald Trump brukte flittig i valkampen i 2020.

Ein har lurt på om Vladimir Putin kan ha Aspergers syndrom, om han har Parkinsons sjukdom, og om han no har tarmkreft. At presidenten ofte har fast følgje av dokterar, gjerne med kompetanse på kreft, ifølge Aftenposten, er grobotn for mange av spekulasjonane.

Kva påverkar verda?

«De få gangene Putin viser seg offentlig, blir grundig analysert for å finne tegn som kan si noe om presidentens helse og dømmekraft », skriv ABC Nyheter i artikkelen frå 10. mai.

Redaktøren deira, David Stenerud, har tidlegare flagga kvifor ABC Nyheter lagar desse sakene. «Derfor spekulerer vi i Putins helse» skreiv han i april, som eit svar til kritikken frå Wasim Zahid.

– For Vladimir Putin er ingen tilfeldig programleder eller realitystjerne. Putins helse påvirker hele verden, og vi får ingen troverdig informasjon fra Kreml, skriv Stenerud.

Det er ikkje om Putin har parkinsons som er interessant i kommentaren til ABC-nyheter-redaktøren, det er haldninga redaktøren viser til sjukdom eg reagerer på.

Kvifor påverkar helsesituasjonen til Putin heile verda? Er han meir truande til å gå til atomkrig dersom han har ein underliggjande sjukdom? (det fryktar til dømes britiske The Sun)

Eller er det enklare å slå seg til ro med handlingane frå Russlands president dersom han har ein diagnose? Er det enklare for oss å finne ein samanheng og forstå kva som skjer dersom vi tenkjer at han «er ikkje som oss, han er sjuk»?

Stemmer det, er det ikkje diagnosen som er viktig her, men heller korleis vi, og for så vidt Putin, tenkjer om menneska som har ein diagnose.

Når sjukdommen blir ei forklaring

I dagens velferdssamfunn representerer ein diagnose fleire ting. Det er ein nyttig merkelapp for ein dokter slik at du kan få behandling. Det er eit kriterium for velferdsstaten som kan utløyse stønadar og hjelpetilbod.

Men det kan òg vere ein passande retorisk kjepp å slå nokon i hovudet med for å få dei til å verke mindre tilreknelege. Problemet oppstår når det er media sjølv som står med kjeppen i handa. I så måte er eg samd med Zahid.

At Putin sjølv er redd for å verke «sjuk og svak» er ein heilt grei observasjon. Putin har lenge forsøkt å framstå som ein viril machomann. Å hevde at han er sjuk og difor svak eller utilrekneleg, er noko anna. Under punkt 4, Publiseringsreglar i Ver varsam-plakaten, står det:

«Vis respekt for menneskers egenart og identitet, privatliv, etnisitet, nasjonalitet og livssyn. Vær varsom ved bruk av begreper som kan virke stigmatiserende. Fremhev ikke personlige og private forhold når dette er saken uvedkommende.»

Sjølv om det er lett å tenkje at Putin ikkje fortener slik respekt, er det likevel djupt problematisk å setje likheitsteikn mellom ein Putin med ein underliggjande diagnose og situasjonen i Ukraina og Europa.

Å legitimere fordom

– Tegn til svakhet eller sykdom er helt vesentlige observasjoner for å søke å forstå og forutse nyhetsbildet i den mest prekære situasjonen Europa og verden har vært i siden 1945, skriv ABC nyheter-redaktøren.

Når Stenerud skriv at vi treng ei presse som har eit årvakent og kritisk blikk på alt som kan vere med på å avgjere korleis det går med verda vi lev i, er eg heilt samd.

Men vi treng òg ei presse som evnar å sjå kva som er faktisk relevant informasjon, og kva som er fordom.

Korleis eit menneske reagerer på sjukdom, er heilt individuelt. Om presidenten blir så sjuk at han må overlate styringa til ein av sine nærståande i den russiske regjeringa, er det sjølvsagt noko pressa skal kunne rapportere om.

Men skal det vere relevant om president Vladimir Putin har Parkinsons, tarmkreft eller Aspergers, må vi vite om og korleis desse diagnosane påverkar veremåten hans til det verre. Då er vi over i fordom.

Han veit kva han gjer

Diagnosane betyr lite for handlingane hans, han veit kva han gjer. Og kva er det eigentleg desse spekulasjonane seier om Putin og om resten av verda?

Kva seier dei om den grunnleggjande haldninga til menneske som har underliggjande diagnosar, psykososiale eller fysiske?

Spekulasjonane er i staden for å gje verdifull og relevant informasjon, i verste fall med på å undervurdere Russlands president, og i same pennestrok stigmatisere alle dei som faktisk har diagnosane det er snakk om.

Den hengemyra må media vurdere nøye om dei skal setje foten i.

———————————————-

Dette er ein kommentar, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS