Fagbladet-journalist Øystein Windstad svarer på spørsmål om sine journalistiske metoder.

#MinMetode

Dette er Fagbladet-journalistens favoritt­spørsmål: – Det har gitt meg titler, innganger og punchliner

Øystein Winstad forteller om sine journalistiske metoder i Medier24s spalte #MinMetode.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I spalten #MinMetode ønsker Medier24 å få journalister til å fortelle om sine metoder og tanker om hvordan journalistikk best utføres.

Denne gang er det Fagbladet-journalist Øystein Windstad, som svarer på Medier24s seks spørsmål om alt fra undervurderte og oppskrytte kvaliteter, og favorittspørsmål.

– Hva er din viktigste egenskap som journalist?

– Etter eit intervju med advokat Brynjulf Risnes fortalte han om ei anna sak han brann for. Å stoppe eit mogleg justismord. Og at han hadde presentert TV 2, VG og NRK for saka. Men, ingen var interesserte. Eg såg på dokumentasjonen og bestemte meg for å grave djupt. Det viste seg at ein tidlegare etterforskingsleiar i Kripos meinte at det sat ein uskuldig mann fengsla i Norge. Og at om ingen ting skjedde, ville mannen bli utlevert og uskuldig dømt til livstid i fengsel. I dag har Justisdepartementet stoppa utleveringa og mannen er sett fri. For meg handlar det om å finne dei verkeleg viktige sakene og jobbe dei ut. Sjølv om det vil koste mykje. Sjølv om andre ikkje ser verdien av sakene, der og då. Artiklane mine blei siterte og toppsaker seinare hos både NRK og VG.

–Har du et favorittspørsmål som ofte gir gode svar?

– I slutten av mange intervju seier eg ofte: «No har eg stilt dei spørsmåla eg har på blokka. Er det noko du vil få fram og har lyst å seie, utover mine spørsmål? Det kan vere kva som helst». Dette spørsmålet har gjeve meg titlar, inngangar og punchliner. Det har også fleire gonger gjeve meg både lærdom og ikkje minst nye og svært gode saker.

– Hva skulle du ønske du fikk mer tid til i hverdagen som journalist?

– Kurs i tema vi dekkjer. Då eg skulle starte på journalistikk-utdanninga som 19-åring, sa onkelen min: «Journalistar er folk som får betalt for å skrive om ting dei ikkje har peiling på». Han var rådmann i Molde kommune i mange år og var fleire gonger frustrert over kva som kom på trykk. Eg jobbar som undersøkjande journalist og får svært god tid til sakene mine. Det har ikkje alltid vore slik. Kunnskap er makt. Jo meir vi journalistar kan og veit, jo bedre greier vi å framstille temaet til lesarane våre.

– Hvilke kvaliteter er de mest undervurderte som journalist?

– Den viktigaste og mest undervurderte eigenskapen som journalist er å greie å sjå kva som er viktig og vesentleg no. Vi journalistar skriv om det nyaste brotet blant realitykjendisar. Samtidig dekkjer vi lite at forskarar nettopp har funne opp ein revolusjonerande teknologi. Der vi kan klippe og lime i DNA-et vårt og potensielt kurere mange alvorlege sjukdommar. Eller designe gen-redigerte «supermennesker».

– Hvilke kvaliteter er de mest oppskrytte som journalist?

– Å vere ein spesifikk type tabloid og «rå». Det ender med saker som kan vere pirrande og underhaldande. I beste fall. Men, etter ein har lest sakene sit ein igjen med null ny kunnskap. Gje meg spenning, gje meg noko rått og gje meg noko lettfatteleg. Men, gje meg òg ny innsikt.

– Hva burde norske medier dekket mer av?

– Fagfolk med innsikt og peiling. Og kva vanlege folk er opptekne av. Det er veldig mykje spinn frå politikarar som har fått drøvtyggingshjelp av eit byrå eller rådgjevarstab. Det er bortkasta sendetid og spalteplass. Eg vil sjå det som folk faktisk er opptekne av og kva som verkeleg betyr noko. Eg vil også gjerne ha synspunkta til fagfolk som har brukt fleire år på å sette seg inn i noko. Eg vil ha meir av det ekte.

Powered by Labrador CMS