Norsk Journalistlag, Landsmøtet.

MEININGAR:

Eit ungdomsopprør å læra av

«Valkomiteen har aldri sagt eller meint at 44 år er ein særleg ung gjennomsnittsalder», skriver Jan Børge Leirvik.

Publisert Sist oppdatert

Me har bak oss eit NJ-landsmøte der dei unge medlemmar har sagt tydeleg i frå, at dei også vil ha eit ord med i laget i leiinga av organisasjonen. Som leiar i både den førre og den nyvalde valkomiteen, lovar eg at dette er noko me skal ta på stort alvor når neste runde startar.

I eit innlegg i Journalisten og Medier24 oppsummerer Eline Østby Stener, Hanna R. Solligård (begge NJ Student), Trond Odin Myhre Johansen (NJ Trøndelag) og Lova Vassli Hilanmo (NJ Agder) inntrykk frå landsmøtet og gjentek viktige poeng.

I innlegget blir det også referert til ulike utsegn frå talarstolen og hevda at valkomiteen beskreiv ein snittalder blant kandidatane som «ungt». Dette er feil.

Valkomiteen har aldri sagt eller meint at 44 år er ein særleg ung gjennomsnittsalder. Det er for eksempel same gjennomsnitt som både i 2021 og 2023, då fleire kandidatar var under 30. Men skal ein ha aldersmangfald, vil nokon dra snittalderen opp.

Det me faktisk påpeika var at nær halvparten av kandidatane var under 40 år, noko som er uvanleg. Copy/paste frå mitt eige manus: «Denne gong er 11 av 23 kandidatar under 40 år. Det trur eg kan vera NJ-rekord.»

Det er også fullt forståeleg at unge medlemmar på sitt første landsmøte ikkje kjenner alle skrivne og uskrivne reglar og praksisar i samband med eit NJ-landsmøte. Likevel er det viktig at valkomiteen får innspel i god tid før vala skal skje.

Både NJ Student, alle andre NJ-lag og nær 50 klubbar, blei i fjor haust kontakta av valkomiteen med spørsmål om forslag til kandidatar. Her blei det også orientert om høve til å koma med fleire kandidatforslag og den formelle fristen, ein månad før landsmøtet.

Eg trur alle oss som er eldre enn generasjon z no har forstått at det er ein skilnad på å vera heilt i starten av journalistkarrieren og dei som er meir etablerte, frå rundt 30 og oppover. Dette er noko heile NJ bør ta inn over seg. Eg håpar også landsstyret tenker på dette når organisasjonen skal vurderast, utval setjast saman osv.

Landsmøtet 2025 har gjeve lærdommar for både eldre og unge tillitsvalde. No må me nytta oss av lærdomen.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS