Dag og Tid mener det må være ekstra tilskudd til aviser og mediehus utenfor de store konsernene.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / Astrid Waller / privat
MENINGER:
Stø opp under aviser utanfor konserna
«Det bør leggjast til rette for at dei avisene som står åleine, får ekstra kompensasjon for meirkostnadene dette fører med seg.», skriv Sveinung Lindaas og Åshild Mathisen i styret for Dag og Tid.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Konsolideringa i mediebransjen har kome så langt at det må gjevast monalege ekstra bidrag til dei mediebedriftene som enno ikkje er kjøpte opp av mediekonsern.
Dag og Tid meiner at Medietilsynets innstilling om framtidig mediestøtte er grundig og gjev eit godt grunnlag for å skapa ei betre mediestøtteordning. Men vi opplever at den nye støtteordninga for nisjepublikasjonar gjer tilværet mindre føreseieleg, og at innstillinga ikkje i tilstrekkeleg grad styrkjer aviser med eigenprodusert stoff og aviser som står utanfor konsern.
I 2020 stod tre aviskonsern for 70 prosent av det totale opplaget. Denne utviklinga held fram, og fleire aviser er på veg over i desse mediekonserna. Som eit ledd i å demma opp for denne utviklinga – ein klar tendens mot konsolidering der nokre få mediekonsern eig avisene – bør det leggjast til rette for at dei avisene som står åleine, får ekstra kompensasjon for meirkostnadene dette fører med seg.
Aviser som står utanfor konsern, har omfattande meirkostnader til datasystem, administrasjon og marknadsføring – ikkje minst knytte til eigenprodusert stoff. Skal vi ha mediemangfald og eigarmangfald, bør Medietilsynet nytta mediestøtta til å gje ekstra støtte til dei media som ikkje er del av eit mediekonsern. Utviklinga har alt kome så langt at det må gjevast monalege ekstra bidrag til dei mediebedriftene som enno ikkje er kjøpte opp.
Dag og Tid er glad for å registrera at Medietilsynet ynskjer å styrkja eigenprodusert stoff. Dette er ein del av utfordringa med auka konsentrasjon i nokre få mediehus.
Det er difor viktig å få gjennomført tiltak i form av ei støtteinnretning som stimulerer til eigenproduksjon og støttar dei media som har mykje eigenprodusert stoff.
———————————————-
Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.