Aftenposten vann SKUP i 2023 og fekk stor heider. Fleire prisar trengs og for lokalaviser, meiner Astrid Dalehaug Norheim.

Vi treng fleire journalistprisar

«Prisar gjer mediehus synlege ut over eige dekningsområde», skriv Astrid Dalehaug Norheim.

Publisert Sist oppdatert

Journalistikkprisar er hard valuta i mediebransjen. Difor bør prisansvarlege ta ein kikk på om kategoriane fangar opp lokalavisers avdekking av kritikkverdige forhold.

Fleire lokalaviser er på lista over dei 49 som kjempar om SKUP-prisen. Det er veldig bra at dei melder seg på i konkurransen om den høgthengjande graveprisen.

Men erfaringa vår ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er at lokalaviser først og fremst siktar mot dei regionale prisane. 

Alle lokallag i NJ, med unntak av Oslo, har eigne journalistprisar. Mange av dei samarbeider også med redaktørforeiningane. Journalistane kan mellom anna konkurrere om Gullparaplyen i Bergen, presseprisane i Stavanger, den trønderske journalistprisen og Skarven-prisen i nord.

Kva gjer dei så gjeve?

Det var rundt årtusenskiftet at det vart oppretta regionale prisar landet rundt i NJs lokallag. Tillitsvalde i NJ ville hedre og vise fram god journalistikk i fleire kategoriar journalistikk.

Kva er det med prisane som gjer dei så gjeve å vinne?

Det er først og fremst fagleg anerkjennelse frå andre fagpersonar som har vurdert journalistikken i konkurranse med andre saker.

Journalistar og redaktører fortel at det å lese opp att saker når dei skal sende dei inn til konkurransen, i seg sjølv er ei nyttig øving i å stoppe litt opp og reflektere over kva ein har oppnådd.

Vi ved SUJO høyrer frå vinnarar at prisar gjev auka motivasjon til å fortsetje med journalistikk som legg lista høgt. Redaktører prioriterer denne journalistikken høgare. Mange gonger gjer det heile redaksjonar stolte og motiverte. Og det gjer dei attraktive for journalistar på jakt etter nye utfordringar.

Prisar gjer mediehus synlege ut over eige dekningsområde. Difor veit mange i Medie-Norge at avisa Hordaland på Voss har avdekka at det var med livet som innsats at pasientar vart køyrt med taxi til sjukehus eller lege. Og at Hallingdølen er kreativ kvalitetsavis og at Sogn Avis for tida er landets beste lokalavis.

«Korleis klarer dei det?»

Ein del redaksjonar opplever også større tillit hos kjelder og lesarar når dei har vunne. Det kjem inn betre tips. Dei får vise fram at dei kan handtere store saker.

Dei som vinn eller får heiderleg omtale, får ofte omtale i eiga avis og i fagmediene. Mange av dei blir oppdaga og får presentere prosjekta sine på regionale journalistkonferanser, konsernsamlingar eller Skup. I salen sit andre journalistar og tenkjer: «Kan dei, så kan me». Eller: «Korleis i alle dagar klarer dei det når dei er så få i redaksjonen?»

Vi ved SUJO ser i alle fall at dette er effekten når lokalaviser har vunne prisar for graveprosjekt: Redaksjonar som oppnår heder, har lært noko. Denne læringa tek dei med seg vidare, både i form av metodikk, prioritering og engasjement. Og dei inspirerer kollegaer til å strekke seg litt ekstra.

Difor treng vi fleire prisar som heidrar god, lokal gravejournalistikk.

Noko å tenkje på

Årets nyhet, Årets reportasje og Årets bilde er ein gjenganger i prisane, men det er sjeldan lokalaviser når opp i desse klassane. Det er ofte store redaksjonar som opererer i tyngre vektklassar der journalistar kan fordjupe seg over tid i ei sak eller jobbe fulltid i periodar. Dei avslører kompliserte saker og kritikkverdige forhold som fortener heder og ære. Dette er miljø som har både drivkraft, kompetanse og sanningssøken som oppfyller samfunnsoppdraget til media - år etter år.

Men det er mykje undersøkande journalistikk i lokalaviser som ikkje når utanfor lesarane av avisa, er erfaringa vår på SUJO.

Difor bør utdelarane av dei regionale journalistikkprisane ta ein kikk på kven som har fått pris dei siste åra og opprette prisar som heidrar lokal undersøkande journalistikk. NJ Trøndelag og NJ Bergen har oppretta prisen “Årets lokale sak”. Der har Namdalsavisa, Fanaposten og Avisa Hordaland fått heider for viktige avsløringar i lokalsamfunnet.

Noko å tenkje på for andre lokallag også.

For ordens skyld: Dalehaug Norheim har sidan 2022 site i juryen for Amedias priser og sat i juryen for Landslaget for lokalavisers pris i 2022. Ho er styremedlem i Vestafjelske redaktørforening og har vore i styret og programkomiteen for Hauststormen.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@medier24.no

Powered by Labrador CMS