Arve Uglum

MENINGER:

Ingen i Lærdal sladrar på David Beckham

«Då David Beckham kom til Lærdal, forsvann heile det lokale kjeldenettverket vårt. Me får håpa dei dukkar opp att når han har reist.», skriv sjefredaktør i Sogn Avis, Arve Uglum.

Publisert

Du har kanskje sett nyhenda i dag? På ein sommarstille dag i verdas fredelegaste land melder mange at David Beckham er i Noreg. Men det stoggar ikkje der. Han er i Lærdal. Me har sett han. Det er ei lang historie.

Det byrja som det ofte gjer – med eit tips. Ikkje frå Lærdal. Gud forby. Men rykta gjekk om at fotballikonet, verdas på eit tidspunkt mest berømte menneske, var observert på Flesland. Og derifrå fekk me høyra at det var til Lærdal han skulle. På fiske, sjølvsagt.

Eg veit om minst ein riksredaksjon som avfeia det. Det er stengt for laksefiske i Lærdalselvi, og det opnar ikkje for aurefiske på ei stund, hadde dei lest på nettet. Så dei gav seg til å sjekka Årøyelva, og ringde til dei lokale bladfykane for å høyra om me visste noko. Deriblant underteikna bladstyrar.

Som kunne ha fortalt at det er stamfiske i Lærdalselvi no. Uttaket av gytefisk til klekkeriet som skal sikra overlevinga av lærdalslaksen blir selt for gode pengar til folk med Beckham-lommebok. Pengane blir brukt til å bevara elva. Men eg sa ikkje det.

Eg var unnvikande. Me driv og sjekkar, sa eg. Eg nemnde ikkje at sportsjournalist Endre Romøren var på veg i land på Fodnes.

For me er ikkje betre enn at me rykkjer ut når David Beckham er i Sogn. Det er ikkje kven som helst me snakkar om her. Ein gong, før eit fotball-VM, fann ein britisk tabloid ut at dei måtte finna eit menneske i verda som ikkje kjende til Beckham. Dei sende reporterar langt, lang ut i verda på leit, og enda med ein gjetar i Tsjad.

Han vart presentert i The Sun som «the only person in the world who doesn't know of David Beckham».

Eg tør påstå at alle i Lærdal kjenner til David Beckham. Eg vil tru mange har sett han og kjent han att. Det gjorde i alle fall Romøren. Men alle i Lærdal er gjetarar frå Tsjad no, og blir det til Beckham har reist.

Det syner at uansett kor kjend du er, så får du vera i fred der. Me har høyrt nyss om at Kongen er innom også, men det er ikkje nyhende. Han er der fleire gonger i året både på hjortejakt og fiske. Det ville ikkje overraska meg om han har sin eigen tannkost ståande fast ein stad i Lærdal.

Men ingen tipsar avisa om Kongen heller. Det er nok difor han kjem att gong etter gong.

Og difor reiste ein noko motvillig Romøren til Lærdal berre med redaktøren sin sterke mistanke om at Beckham kunne vera der. Det måtte bli han, fordi han er ein fotballmann. Han veit korleis fotballfolk tenker og kan kodane. Skulle nokon oppnå kontakt med den celebre gjesten, så var det Romøren. Han er beinhard Manchester United-fan. David Beckham var barndomsidolet hans.

Men lokal draghjelp får han ikkje. Folk som vanlegvis snakkar i Lærdal, seier ingenting no. På opningsspørsmålet om det er noko som skjer svarar dei «NEI» og avsluttar samtalen. Det skal kjendisane vita. Lærdal er potte tett.

Eg gav Romøren mandat til å avtala at dersom Beckham ville seia nokre ord om kor fint det var i Lærdal og stilla på eit bilete, kunne me venta med å publisera til han hadde reist. Så forbaska nøye er det ikkje. Me trong ikkje utløysa eit mediesirkus som øydelegg fisketuren hans. Me vil at gjester i Sogn skal trivast. Berre me får saka først.

Men me måtte finna han. Heilt utan hjelp i Lærdal. Hadde dette vore kva som helst anna sak hadde lærdølane vore hjelpsame til tusen. No såg dei ikkje i journalisten si retning.

Stakkars Romøren gjekk langs elva med telelinse utan hell. Medan han funderte på kva i all verda han skulle seia om han kom i kontakt med Beckham eller følgjet hans. Romøren er som ein fisk i vatn på fotballstadion. På treningar, kampar og i intervjusoner. No var han oppe på den turre elvebreidda, og visste ikkje si arme råd.

Og i bilen. Det var der han såg Beckham. Då han køyrde langs elva kom ein bil mot han med fiskestenger på taket. Endre har eksepsjonelt syn. Han kan sjå ein hårfin offside på 50 meter avstand, og vita namnet på alle spelarane i nærleiken.

Og no såg han David Beckham i ein møtande bil. Og når me visste kva retning han hadde, visste me også kvar han budde. Det er ikkje så mange stader i Lærdal som kan husa folk som han.

Men dei finst, og det er det årsaker til. I meir enn hundre år har kongelege og andre kjendisar kome til Lærdal for å fiska, og heile dalføret er opplært til å lata dei vera i fred. Det er dårleg folkeskikk å plaga slike. I Lærdal har dei drive med high end-turisme sidan lenge før det ordet fanst.

Me visste det frå før, men likevel: I møte med slik kollektiv diskresjon er det ikkje fritt for at ein blir imponert. Dette er kultur.

Men så stod han der då, Endre Romøren. Han hadde Beckham-plakatar over senga heime på guterommet på Årdalstangen. No såg han David Beckham inne i ein hage i Lærdal. Han kunne sikra seg eit skup, men også invadert eit privatliv.

David Beckham, saman med ein kjenning, i ein situasjon der han måtte forventa å bli teken bilete av. Foto: Michel Euler/NTB

Ein lokal kontakt han møtte på tunet hadde ringt og spurt, og fått beskjed om at den ikkje namngjevne personen som heilt openbert var David Beckham, ikkje stilte for pressa i dag.

Kameraet med ei heilt ålreit telelinse låg i bilen, og der stod altså det globale fotballikonet om lag 20 meter unna. Det vart ei ny rådslagning mellom journalist og redaktør. Me vart samde om at sjølv om David Beckham nok er van med telelinser uansett kvar han går, så er det ikkje slik Sogn Avis jobbar. Me er ikkje vane med dette her.

Me tek ikkje snikbilete av vanlege, uskuldige sogningar som passar sine eigne saker medan dei gjer uvesentlege ting i ein privat hage, og då gjer me ikkje det med David Beckham heller.

Romøren sette seg i bilen att og vende tilbake til redaksjonen. Ingen bilete vart tekne av Beckham, og ingen har stadfesta at han er eller var i Lærdal. Me måtte sjå det sjølv.

Men avtalen om å venta med å publisera vart det aldri noko av. Dialog er alltid det beste, også for Premier League sin beste høgrefot gjennom tidene.

Så the deal is off, Mr. Beckham. Men skit fiske, og vit at du kan lita på lærdølane.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS