Programlederne Mah-Rukh Ali og Terje Svabø presenterer hovednyhetene under den offisielle åpningen av TV 2 Nyhetskanalen første offisielle sending.

MENINGER:

Nokre meinte det var galskap å satse på nyheiter

Tidlegare redaktør, Jan Ove Årsæther, hadde ikkje tru på TV 2 Nyhetskanalen då dei starta, skriv han. I helga fylde kanalen 15 år.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Eg hadde vore nyheitsredaktør i ei veke då Kjell Øvre Helland fortalde at det var planar om å starte ein nyheitskanal.

– Ok, må eg ta ansvaret for den, eller kan nokon andre ta den biten, spurte eg, med dårleg skjult tru på prosjektet.

– Det er nyhetskanalen du skal leve av i framtida, svarte Kjell.

Etter å ha besøkt dansk TV 2 som låg 6 månader før oss i løypa, gjekk det strategiske rasjonalt for kanalen opp for meg. Deretter starta jobben med å få gjennomslag for investeringa i styret.

Det som ikkje er kjent, er at det var sterk motstand mot kanalen i leiargruppa. Nokre meinte det var galskap å satse på nyheiter, som vart kalla billig vare, tilgjengeleg over alt. I staden ville kritikarane satse på ein reindyrka underhaldningskanal.

Ein av dei som støtta kanalen var salsdirektør Bjørn Rosvoll. Han skaffa 25 millionar i signerte reklameavtalar. Glitnir og Bjørn Richard Johansen var første kunde. Til styremøtet i august same året førebudde vi eit budsjett som innebar 30 nye stillingar.

Kåre Valebrokk kom tilbake med følgande svar: – Legg ned Absolutt Underholdning, og flytt dei 8 årsverka inn i Nyhetskanalen, så er det ok.

Det enda med at styret vedtok budsjettet i september og startdato vart sett til 15. januar 2007.

Vi hadde då fire og ein halv månad på å få kanalen på lufta. Roy Tore Lysen Jensen, Thomas Henschien, Lena Kleveland Dahl, Trude Snorrason og Aleksander Valestrand var dei aller første på plass.

Resten av medienorge hadde svært lita tru på kanalen. Internt var det heller ikkje halleluja. Pølsefabrikken, vart kanalen kalla.

I det interne lanseringsmøtet satsa eg på utmatting. Eg heldt eit innlegg i gamle nyheitsstudio på Nøstet som var så gudsjammerleg langt at då det heile var over, var alle lei. Ingen hadde spørsmål. I dag hadde eg nok heller satsa på å skape ellevill entusiasme …

I tre veker før oppstart køyrde vi fulle sendingar kvar einaste dag. Ei veke før premieren kom Bård Espen Hansen til meg, heilt sveitt og med håret rett opp. Han var flytta over som tidlegare sjef for nemnde Absolutt Underholdning og var ein av dei første vaktsjefane. No hadde han si første vakt i Bergen.

– Dette er galskap. Dette går ei veke, så raknar alt, sa Bård.

Teknisk avdeling og Steinar Olsen var også stressa.

Vi fekk kalde føter og gjekk til Kåre og spurte om 9 nye årsverk. Kåre såg på Kjell og meg med sitt sedvanlege bedrøvelege blikk og rista på hovudet. Det vart ingen ekstra årsverk, men kanalen kom på lufta.

Esten O. Sæther i Dagbladet meldte følgande: "– Denne kanalen kommer til å vare en stund inntil de har brukt opp pengene. Så finner de på noko anna".

I dag har kanalen sendt utan stans i 15 år. (Ifølge vaktsjef Thomas Venger Claussen utgjer det 70.000 timar med nyheiter). Det første halvåret låg marknadsdelen på stusslege 0,2 prosent. Om ikkje det tok seg opp, ville det i så fall bety at kanalen ville bli lagt ned og Esten O Sæther ville få rett.

Men i løpet av den første sommaren skjedde det noko. Då vi kom tilbake frå sommarferie hadde sjåarandelen firedobla seg.

Sidan har veksten berre heldt fram.

Under dagens leiing Karianne Solbrække, Silje Hovland og Olav Sandnes står nyheitene og nyhetskanalen i dag sterkare enn nokon gong.

TV 2 har vorte eit viktigare mediehus og nyhetskanalen er top of mind når det skjer store ting. Som det einaste kommersielle tv-huset har TV 2 ei formidabel nyheitssatsing, som er viktig for mangfaldet og for sjåarane.

Gratulerer med dagen til alle involverte.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS