Styret i Agder Journalistlag. F.v.: Leder Sindre Haugen Mehl, Christina Stenbek Østtveit, Sondre Lindhagen Nilssen, Mona Wikøren, Silje Bratland Roksvåg, Christina Cantero og Signe Marie Rølland.

DEBATT:

NJ Agder ønsker meir, ikkje mindre openheit

«Det NJ Agder har gjort er å seie ja til vidare dialog om korleis kommunikasjonen kan bli betre, men det er ikkje det same som at me stiller oss bak avgjerda», skriver NJ Agder-lederne.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I Medier24.no 8. april uttaler kommunikasjonsdirektør Signy Svendsen ved Sørlandet sjukehus seg om ny informasjonspraksis i helseføretaket. Der kjem ho med eit utsegn som kan tolkast som om avgjerda om å slutte med å informere media om tilstanden til pasientane er teke i samråd med NJ Agder. Det kan me tilbakevise.

Ho seier: «– Vi ønsker ikke å legge skjul på noe overfor media, men pasientopplysninger eier pasienten. Etter dialog med Agder journalistlag vil vi gå ut med informasjon om store hendelser som gjør at vi setter krisestab. Da kobles vi som kommunikasjonsenhet på, og har lettere for å kunne gi ut informasjon.»

Det stemmer at styret i NJ Agder har vore i møte med Signy Svendsen. Det kom i stand fordi Sørlandet sjukehus HF skulle i gang med å evaluere twitterordninga, der akuttmottaka la ut direktemeldingar ved ulykker og større hendingar. Svendsen ønskte eit møte med oss for å få innspel og synspunkt, og det takka me sjølvsagt ja til.

I forkant henta me inn erfaringar frå fleire redaksjonar som kom med døme på kontakt og kommunikasjon med sjukehuset og deira ønske for framtida. På møtet 21. oktober 2020 diskuterte me korleis sjukehusa kan bli betre til å kommunisere ut til media og eventuelle konsekvensar ved ny praksis.

NJ Agder lytta og gjorde det klart at me tykkjer det er problematisk at SSHF skal definere kva som er samfunnskritisk informasjon. Me sa frå om at me ønsker mest mogleg informasjon, og at denne sjølvsagt blir handsama i tråd med det etiske regelverket til pressa. Svendsen på si side fortalte at dei er skeptisk til deling av opplysningar på grunn av personvernomsyn på akuttmottaket. Ho opplyste at dei vegrar seg mot å gå ut med informasjon.

NJ Agder har vidare blitt informert om vedtaket i føretaksleiinga om å slutte med å informere pressa om pasientane etter ulykker, og me har blitt invitert til oppfølgingsmøter etter at sjukehuset starta med ny praksis. Dette har ikkje blitt noko av førebels, men me har arrangert ein vellykka digital paneldebatt om temaet etter at Medier24.no skreiv om saka. Her deltok også Svendsen og leiar for traumeavdelinga Per Kristian Hyldmo ved Sørlandet sjukehus, og arrangementet hadde god oppslutnad med opp mot 60 publikummarar.

Signy Svendsen skal ha ros for å inkludere lokallaget i, og informere oss om, prosessen fram til endeleg vedtak i helseføretaket, men NJ Agder har altså ikkje gitt grønt lys for den nye informasjonspraksisen. Det NJ Agder har gjort er å seie ja til vidare dialog om korleis kommunikasjonen kan bli betre, men det er ikkje det same som at me stiller oss bak avgjerda.

Snarare tvert imot! I likskap med NJ og Norsk Redaktørforeining tykkjer me avgjerda er svært uheldig, og det er synd praksisen ser ut til å spreie seg til politiet. Me vonar den digitale debatten kasta lys over vårt syn og at SSHF vil gå i dialog med media om ein ny og betre kommunikasjonsstrategi. NJ Agder har eit tydeleg ønske om meir, ikkje mindre openheit.

På vegne av styret

Sindre Haugen Mehl, leiar i NJ Agder
Silje Bratland Roksvåg, nestleiar i NJ Agder

Powered by Labrador CMS