Merete Horpestad og hunden trives best på familiehytta ved Refsnesstranda.

#Sommerpraten

Derfor måtte Dalane Tidende-journalisten dekke valgvaken i sandaler

Det gikk ikke helt som det skulle da Dalane Tidende-journalist Merete Horpestad skulle klatre på en gravemaskin for å ta et bilde, forteller hun i sommerpraten.

Publisert

I «Sommerpraten» stiller Medier24 en rekke personer i og tett på mediebransjen spørsmål om hva de gjør i sommer.

Denne gangen er det journalist Merete Horpestad i Dalane Tidende som står for tur.

– Hvordan oppsummerer du første mediehalvår 2022?

– Som journalist var det godt å oppleva at smittetrykket blei mindre, og at det gjekk an å leva og arbeida som normalt igjen. Det var trøyttande at det kom ei ny smittebølge og øydela litt igjen nå i sommar. Sjølv om det ikkje har kome nye restriksjonar, har eg prøvd å vera litt forsiktig. Som mediekonsument kan eg trekkja fram fleire høgdepunkt. Dokumentarserien om Arne Treholt på NRK, som kom på nyåret, var god. Eg kan òg anbefala eit strålande Norge Rundt-innslag om to havfruer, ei av dei Karoline Bu frå Egersund, som eg først såg på distriktssendinga til NRK Rogaland. Elles har eg funne litt gammalt gull i NRK-arkivet, som dokumentaren om Knut Hamsun i tre delar, frå 2009.

– Hva sier du: Betalingsmur, plusset innhold eller noe annet?

– Heldigvis er det ikkje opp til meg å pønska ut noko lurt her. Denne jobben overlèt eg til andre.

– Hva er den perfekte sommerferien?

– Både eg og hunden trivst best i familiehytta ved Refsnesstranda, ei av dei fine jærstrendene. Her er det fantastisk å vera året rundt, ikkje minst om vinteren. Det er noko heilt spesielt å sitja ein mørk kveld og lesa skildringane til Arne Garborg om «sjølve havet, Nordhavet, breitt og fritt» når du faktisk kan høyra havet buldra.

– Hvilke medievaner tar du med deg på ferie?

– Eg synest ennå det er stas med papiravis. Eg liker å slappa av med kaffi og trykte nyheiter etter morgonturen med hunden. Dagsrevyen eller 21-nyheitene på NRK pleier eg òg å få med meg. I fjor sommar høyrde eg på podden «Kristopher og Einar leser Nietzsche», og sidan då har eg gledd meg til oppfølgaren om Kierkegaard. Nå er endeleg «Lars og Einar leser Kierkegaard» på lufta.

– Hva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Heldigvis har eg ikkje gjort nokon store tabbar, iallfall ikkje som eg kan koma på. Men å hoppa ned i ei steinrøys frå ein gravemaskin, med platåsolar, slik eg gjorde 13. september i fjor, var nok ein tabbe. Eg ramla i røysa og forstua foten kraftig. Eg hadde klatra på gravemaskinen då eg skulle fotografera. Heldigvis var eg ferdig med både intervju og fotografering då uhellet skjedde, for det var frykteleg vondt. Då eg skulle dekkja ei valvake seinare på kvelden, måtte eg ty til sandalar. Foten var vond og hoven i lang tid.

– Hva er ditt beste råd til årets sommervikarer?

– Kom deg ut av kontoret og hald auga opne for andre saker enn den du har rykt ut for å dekkja.

Powered by Labrador CMS