Nyhetsredaktør i Sogn Avis, Eli Grotle, kjefter på dem som sier betalingsmur.

#Sommerpraten:

Nyhetsredaktøren i Sogn Avis havnet i feil fjord: – Ingen god start på journalistkarrieren

På en av sine første reportasjer var nyhetsredaktør i Sogn Avis, Eli Grotle, på feil sted til rett tid.

Publisert

I «Sommerpraten» stiller Medier24 en rekke personer i og tett på mediebransjen spørsmål om hva de gjør i sommer.

Neste ut er nyhetsredaktør i Sogn Avis, Eli Grotle.

– Hvordan oppsummerer du første mediehalvår 2022?

– Eit litt merkeleg mediehalvår på fleire måtar. Først dataangrepet på Amedia som viser kor sårbare og hjelpelause vi er når datasystema vert utsett for slike kjeltringar. Så kom krigen i Ukraina og det vart utruleg synleg korleis kampen om folk si tid gjer seg gjeldande. Då var det ikkje lokalavisene som var første val om morgonen, det var VG og andre som rapporterte om nytt frå krigen. Før lesarane vart metta av krig og på nytt vende tilbake til det som skjer utanfor eiga stovedør.

– Hva sier du: Betalingsmur, plusset innhold eller noe annet?

– Eg seier vel oftast plussa innhald og kjeftar på alle som brukar ordet betalingsmur. Eigentleg skulle vi vel sagt inngangsbillett, då hadde kanskje fleire forstått at ingenting er gratis.

– Hva er den perfekte sommerferien?

– Det er å vite at du blir møtt av sol og varme, dag etter dag etter dag. Og då kjem diverre den norske sommaren til kort. Difor er eg klimaflyktning. Først to veker i Spania og så to veker med eit meir ustabilt Yr på hytta ved havet i Bremanger. Den vakraste plassen på jord, på kysten av Sogn og Fjordane. Også kalla Costa del Grols, når veret er på det vakraste.

– Hvilke medievaner tar du med deg på ferie?

– Synd å seie det, men litt for mange. Eg slite veldig med å legge vekk jobben og logge av. Så eg sjekkar nyhende og epost alt for mange gonger for dag. I tillegg til å halde oppsikt korleis dei som styrer butikken heime klarer seg i looker og puls.

– Hva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Det må vere då eg som fersk journalist skulle ut på eit av mine første oppdrag med opning av ein eller anna stor og viktig begivenheit. Avstandane er store i Sogn, fjordane lange og fjella høge. Det vart skikkeleg vondt og brutalt då eg måtte ringe redaktøren og seie at eg hadde tatt feil ferje og havna i ein heilt anna fjordarm. Eg var rett og slett på feil plass, men til rett tid. Ikkje noko god start på journalistkarrieren det.

– Hva er ditt beste råd til årets sommervikarer?

– For det første er det å lese ferjeruter betre enn eg gjorde. Og så er det å ikkje gjere seg klokare enn det ein er. Det finst ikkje dumme spørsmål, men forferdelig mange dumme svar. Spør og grav til du sjølv forstår kva kjelda meinar.

Powered by Labrador CMS