Martin Larsen Hirth, journalist i Bergens Tidende og styreleder i konferansen Hauststormen.
Foto: Anita Vedå
Julepraten:
En spesiell tekst førte til latter hos BT-journalisten i 2022
Han er en av dem som nekter å innse at livet har endret seg siden russetida. Hver jul drar Martin Larsen Hirth ned «memory lane» i det han kaller Bergens beste bydel.
Nesten like tradisjonsrikt som ribbe/pinnekjøtt/medisterkake/juletorsk er Medier24s Juleprater.
I dag er det Bergens Tidende-journalist og styreleder for konferansen Hauststormen, Martin Larsen Hirth, som forteller om sine juletradisjoner.
– Hva gjør du i jula?
– I jula skal eg heim til Arna - Bergens beste bydel - for å feire saman med familien. Medan nyårsaftan vert på Finse saman med sambuar og vener.
– Har du en eller flere spesielle juletradisjoner?
– Det er ikkje knytt veldig direkte opp mot jula, men ein kamerat og eg plar ta ein køyretur rundt i bydelen for å mimre, ofte til fotballbana og til gymnaset me gjekk på. 1. juledag er det joggetur, og 2. juledag er det samling med gamle skulevener. Det tynnast ut i rekkene, men me er framleis nokre som nektar å innsjå at livet har endra seg sidan russetida.
– Hvilken artikkel fra 2022 gjorde mest inntrykk på deg og hvorfor?
– Erik Inderhaug i Politiforum si langlesing om Marius Ulekleiv - Store gutter gråter ikke - festa seg verkeleg. Det var noko med både djupna i historien og kor kompromisslaust Ulekleiv opna seg til journalisten som imponerte meg. I tillegg er det eit tema som gjer seg til kjenne i mange yrker, også innan journalistikken - slik bransjekollegaer fortalde om under Hauststormen i november.
– Hvem i mediebransjen har imponert deg mest?
– Eg vil nytte høvet til å skryte av tidlegare kollegaer i nettavisa Energi og Klima. Med eigen Brüssel-korrespondent er dei etter mitt syn best på å formidle kva som skjer i EU knytt til det grøne skiftet og utforminga av ein energipolitikk som Noreg i aller høgste grad vert påverka av.
– Hva var det morsomste / pinligste som skjedde i 2022?
– Det eg lo mest av i 2022 var bilettekstane til Arne Hjort Johansen i Firdaposten frå Kinnfest i sommar. Det må vere den serien eg har bladd meg gjennom med størst forventning om kva krumspring som venta i neste bilettekst.
– Hva tror du vil påvirke medieåret 2023?
– Eg trur dei store sakene vi ser no; krigen i Ukraina, høge straumprisar og økonomisk ulikskap kjem til å halde fram, og spesielt dei to siste vil setje sitt preg på kommune- og fylkestingsvalet. Det kjem óg til å prege bransjen, trur eg. Når folk får dårleg råd, er ikkje avisabonnement det som står øvst på prioriteringslista. Det ser vi allereie tendensar til i MBL si undersøking av betalingsvilje for nyhende. Slår ein det saman med allereie varsla nedbemanning, til dømes i NRK og svekka resultat i mange store aviser, trur eg kostnadskutt vil prege bransjen neste år.
– At fleire aviser kjem til å kutte i papiravisa, trur eg ikkje du får høg odds på. Kall meg gjerne pessimist, men då er i det minste sjansen for å bli positivt overraska større.