Hordaland samarbeider no med Amedia om alt av system og tenester. - Dette er eit godt tidspunkt til å fornya redaksjonen og få fleire abonnentar, seier Valland.
Sterk vekst i Avisa Hordaland: Nå oppbemanner de
- God journalistikk er den viktigaste drivaren for inntektsvekst. Difor styrkjer me journalistikken og fornyar avisa, seier redaktør Guro Valland. Nå skal dei henta vaktsjefar, journalistar og ein nyhenderedaktør.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Lokalavisa på Voss er i vekst og jaktar flinke folk til nye viktige roller i redaksjonen.
- Me treng svoltne vaktsjefar og journalistar, og ein drivande dyktig nyhenderedaktør. Dette vert heilt sentrale roller i den nye organiseringa, og vil fornya Hordaland, seier Guro Valland, ansvarleg redaktør og dagleg leiar.
Ny vekststrategi
Auka abonnementsinntekter står sentralt i vekststrategien avisa legg til grunn, fortel Valland.
Satsinga er forankra i avisa sin nye strategi om å styrkja kjerneverksemda i avisa: solide salsprodukt til lokalt næringsliv og kvalitetsjournalistikk til abonnentane.
- Då er det avgjerande at me satsar på å få fleire flinke folk i redaksjonen, slik at me kan verta endå viktigare for både nye og eksisterande abonnentar, seier Valland.
Styreleiar Sturle Rasmussen er optimistisk på Hordaland sine vegner.
- Me vaks nesten 25 prosent digitalt i fyrste halvår i år, i ei tid på året der aviser normalt ikkje skal veksa. Det fortel meg at potensialet for abonnementsvekst så til dei grader er til stades. Det må me utnytta, seier Rasmussen.
Opplagsvinnar i Vestland
Dei ferske opplagstala viser at Hordaland er i god driv. Lokalavisa har no 22 prosent fleire digitale abonnentar enn andre halvår i fjor, og er opplagsvinnar i Vestland.
- Gjengen på huset leverer strålande godt kvar einaste dag, men me ser at me treng fleire folk til å levera på det journalistiske oppdraget. Godt innhald er alltid målet, seier Valland.