Illustrasjonbide papiraviser

16 nye aviser har søkt mediestøtte i år: Resett og Document.no på listen

– At det kjem så mange søknader frå nye aviser, viser både at det skjer mykje i avismarknaden, og at støtteordninga er viktig for mediemangfaldet.

Publisert Sist oppdatert

Totalt 163 aviser har i år søkt om produksjonstilskott, som er den største mediestøtteordninga hos Medietilsynet. Tilsynet skal fordele nær 390 millionar kroner i produksjonstilskott i 2022.

Blant dei 16 nye søkjarane til produksjonstilskottet er Avisa Oslo, Resett, Document.no, iHarstad, Mitt Kongsvinger, Steinkjer24 og Filternyheter.no.

– At det kjem så mange søknader frå nye aviser, viser både at det skjer mykje i avismarknaden, og at støtteordninga er viktig for mediemangfaldet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Se listen over alle nye søkere nederst i saken.

Av dei 148 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest, følgd av Bergensavisen, Dagsavisen og Vårt Land.

Ordninga er meint for medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og for medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader. Pengane blir fordelte mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene).

Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral og likestiller papir og nettaviser.

For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke kriterium. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.

– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkjar opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få støtte, seier Sekkelsten.

Dersom Medietilsynet kjem til at søkjaren fyller dei andre krava, blir det gjort ei vurdering av om krava til innhald er oppfylte. Kva for aviser som får støtte, og kor mykje kvar enkelt avis får, blir først klart til hausten etter at Medietilsynet har behandla alle søknadene. Da har også Kultur- og likestillingsdepartementet fastsett tilskotsbeløp og tilskotssatsar.

Powered by Labrador CMS