NRK-profilen Ole Rolfsrud drar på hytten i Vegglifjell i påsken.
Privat
Påskepraten:
NRK-profilen slår et slag for Gauteshow
NRK-profil Ole Rolfsrud har alltid drømt om å være med 71 grader Nord, avslører han i påskepraten.
Medier24 stiller også denne påsken en rekke spørsmål til medieprofiler i spalten Påskepraten.
NRK-profil Ole Rolfsrud er neste person ut.
– Hva gjør du i påska?
– I påska skal eg vere saman med kjærasten i hytta på Vegglifjell, det blir kanonbra! Om veret er labert, kan det hende vi reiser nordvestover til solkysten. Sunnmøre brukar å levere!
– Hvilke serier/filmer/podkaster vil du anbefale andre å sjekke ut?
– For dei med god tid og ein interesse for USA: serien som kort og godt heiter Vietnam. Korleis krigen forma det moderne USA, kor absurd kokko krigen var, korleis Det hvite hus var sentrum for ein legendarisk konspirasjon. For å bli enno meir mørkeredd; dokumentaren om Roger Stone, en varslet storm. Så må eg samstundes slå eit slag for Gauteshow, trass i at eg er nokre knepp unna målgruppa, ha-ha!
– Hvilken medieperson ville du helst byttet jobb med og hvorfor?
– Eg ville ha bytta plass Tom Stiansen, programleiar i 71 grader Nord. Magien i det programmet er framleis kruttsterk, 25 år etter premieren. Har alltid drøymt om å vere med denne spektakulær reisa, Noreg på langs.
– Når brukte du sist KI, og til hva?
– I samband med sjakksendingane i romjula laga vi ein deepfake.
– Hva ville du jobbet med om du ikke hadde vært journalist?
– Tiltrekninga til havet og kysten er sterk. Dersom mediebransjen vart nedlagt, ville eg sannsynligvis hoppa over til eitkvart maritimt, kanskje køyrt skip eller liknande.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@medier24.no