Tomas Bruvik vil ha fjell uten snø.

Det siste Tomas Bruvik stresser med, er å finne påskeroen

Generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser vil ikke ha Kvikk Lunsj eller snø. Men krimbøker av Sven Peter Næss går ned på høykant.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medier24 tviholder på påsken litt til, og i #Påskepraten finner vi generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik.

– Hva gjør du i påska? (og når hadde du sist ski på beina?)

– Eg er ingen snømann, og ikkje spesielt glad Kvikk Lunsj, så gje meg fjell utan snø, sjø, sol og varme.

– Når finner du roen på ferie?

– Dei som kjenner meg seier eg sjeldan finn roen, og eg stresser ikkje med å finna den.

– Hvilke medier/serier/podkaster/innhold vil du anbefale andre å konsumere i påska?

– Eg er ikkje av dei beste på podcast, men Bergens Tidende sine podcastar prøver eg å få med meg, og dei er verd å få med seg. Påskelabyrinten med spørsmålet «Kor skal vi reis» er obligatorisk, klokka 10.00 på NRK1 dei fleste dagane i påsken. Hadde håpa det kom ny runde av Le Bureau, men nei. Elles så blir det å kikke innom nettavisene til våre medlemsaviser. Krim blir det og, nett no i gang med bøker av Sven Peter Næss, som blir påskelektyren.

– Hvordan vil du karakterisere medieåret så langt, og hvordan blir resten av medieåret 2022?

– Medieåret 2022 er jo sjølvsagt sterkt prega av den tragiske krigen, både i nasjonale og lokale medium, og slik blir det nok ut dette året.

– Det gledelege i eit år som har byrja svart er jo at vi endeleg får møtast igjen fysisk. Det var rett og slett fantastisk å vera saman med 250 lokalavismedarbeidarar på LLA sitt landsmøte i Ålesund, og seinare få vera med på Skup. Eg trur det blir mange kurs og konferansar på mediefolk dette året. Det vil påverka bransjen positivt. I 2021 laga lokalavisene utruleg masse god journalistikk, det er eg sikker på dei kjem til å gjera også i 2022. Lokalavisene blir betre for kvart år som går.

Powered by Labrador CMS