Miriam Alsvik
Foto: Privat
#Studenten:
– Mediene burde bli flinkere til å variere sakene
Miriam Alsvik svarer på fem spørsmål i Medier24s nye spalte #Studenten.
I den nye spalten #Studenten ønsker Medier24 å få journalist- og mediefag-studenter til å fortelle om alt fra hvorfor de har valgt sin studieretning og til hvilke forventninger og tanker de har om bransjen de er på vei inn i.
Neste ut er Miriam Alsvik, som studerer journalistikk på tredje året ved OsloMet.
– Hvorfor studerer du journalistikk?
– Eg har hatt lyst til å bli journalist sidan eg gjekk på ungdomsskolen, og det kjennest meir og meir rett etter som tida går. Eg er glad i å skrive og i å lage medieprodukt på ulike plattformer. Språk er veldig viktig for meg, og eg brenn for formidling på ein måte som gjer at alle forstår. No under pandemien har det vist seg kor viktig det er for folk å få informasjon, og derfor kjennest det som eit viktig yrke å velje.
– Hva tenker du om de fremtidige jobbmulighetene i bransjen?
– Det finst mange jobbar i bransjen, i alle fall om ein er villig til å jobbe i ulike redaksjonar og i ulike delar av landet. Mange redaksjonar utviklar nye og spennande måtar å presentere journalistikk på no, det er gøy å følge med på. God journalistikk blir viktig også i framtida, sjølv om plattformene endrar seg. Eg trur det vil vere jobbar til oss, også i framtida.
– Hvilken type journalistikk ønsker du helst å jobbe med?
– Nyheiter. Gjerne på radio, kanskje på TV og nett også. Eg har fått ein forsmak på det gjennom vikariat i NRK og Bauer Media, og har kost meg veldig med det. Det er ei ære å få vere den første som fortel om store hendingar, og eit stort ansvar. Nyheiter er veldig lite føreseielege, du veit aldri når det skjer noko stort som kan bli historisk. Det er utruleg spennande.
– Hva burde norske medier dekket mer av?
– Norske medium lager mykje bra allereie, men kan sjølvsagt alltid bli betre. Media burde bli enda flinkare til å variere sakene, passe på at det er noko interessant for alle, og få inn positive nyheiter i tillegg til dei store og alvorlege nyheitene. Det er også viktig å passe på at minoritetar får uttale seg i «vanlege» saker, ikkje berre i saker som handlar om dei.
– Har du et journalistisk forbilde eller en redaksjon som inspirerer deg?
– Gjengen som lager morgonsendingane til NRK Dagsnytt, med Vidar Eidhammer, Tone Nordahl og Anders Borgen Werring. Dei er flinke til å lage gode setningar som kommuniserer godt, og dei framfører dei stødig og truverdig. Og så er det alle som jobbar i Bauer Media, som har ein brennande lidenskap for radio. Og så må eg seie Ingerid Stenvold og Eline Buvarp Aardal, som har fått lov til å bruke dialekt på riksdekkande nyheiter. Dei viser at det går an å snakke dialekt og at publikum forstår dei likevel.