Sveinung Engeland vert reportasjeleiar i Nynorsk Pressekontor.

Sveinung Engeland (54) vert reportasjeleiar i Nynorsk Pressekontor

Engeland får mellom anna ansvar for den daglege leiinga av redaksjonen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Sveinung Engeland (54) tar over som reportasjeleiar og nestkommanderande i Nynorsk Pressekontor i slutten av september. Engeland kjem frå Kartverket, der han har vore nettredaktør, kommunikasjonsrådgjevar og prosjektleiar dei siste åra.

Tidlegare har han mellom anna jobba som nyhenderedaktør i Nationen og journalist i Mandag Morgen.

I tillegg til at han får ansvar for den daglege leiinga av redaksjonen, vil Engeland ha ei viktig rolle i arbeidet med å vidareutvikle og fornye pressekontorets redaksjonelle produkt.

Han vil også vere stedfortredar for redaktøren.Nynorsk Pressekontor sender årleg ut om lag 25 000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet. Pressekontoret, som samarbeider tett med NTB, held til i Pressens Hus i Oslo.

Powered by Labrador CMS