Marius Stangeland hyller 20 år med podkast i et kjærlighetsbrev

MENINGER:

Eit kjærleiksbrev til podkast, 20 år i år!

«Eg fann deg først i 2011. Då var eg 15 år, gjekk i 10. klasse og hadde ein mp3-spelar.», skriv Marius Stangeland.

Publisert

Kjære podkast, du aller vakraste av alle medium, du som gjev underhaldning på bussen og ny kunnskap på joggeturen, eg vil takka deg for livet eg har no. Takk for val av studie, takk for jobb og takk for kone. Meir om det seinare.

Podkast blir fødd 

I år fyller podkast 20 år. I 2004 i ein artikkel i The Guardian foreslo den britiske journalisten Ben Hammersley å kalla ein ny måte å produsera og publisera lyd over internett for podcasting. Han foreslå også namn som audioblogging og GuerillaMedia, men desse tok aldri heilt av. Det var derimot podcasting som vann fram, ein kombinasjon av Apple sin IPOD og det engelske ordet broadcasting. Eit barn var døypt. 

Men kva var eigentleg dette nye fenomenet? Ein av dei første podkastane, «Daily Source Code», vart publisert i 2004 og laga av MTV-profilen og podkastens far Adam Curry. Han brukte podkasten til å snakka om nyhende, populærkultur og til å spela musikk. Det likna på radio, men var samtidig noko nytt. 

Det brukte ein heilt ny teknologi, såkalla RSS, som gjorde det lett å leggja ut tekst og lyd på mange forskjellige plattformer. Dette var heilt avhengig av internett for å fungera, og podkast er difor noko anna enn radio. 

Mange tenker nok ikkje så mykje over kor revolusjonerande dette nye mediet eigentleg var. Endeleg var det du som lyttar som hadde kontroll på kva du høyrte på og kor tid du ville høyra på det. Du blei frigjeven frå radiosendeplanens lenker. 

Podkasten kjem til Noreg

Det skulle ta litt lenger tid før me i Noreg fekk auga opp for podkast. Ein kald februardag, ca. eitt år etter artikkelen av Ben Hammersley blei publisert, skreiv Aftenposten ein artikkel om podkast med overskrifta: «Alt på radio, rett i lomma, døgnet rundt». 

Det er nok vanskeleg å forstå kor revolusjonerande dette var for me som ikkje har vekse opp i ei tid då radioprogram vart sende til ei bestemt tid, sannsynlegvis berre ei gong, utan høve til å gå tilbake og lytta ein annan gong. Resultatet var tomme gater då radiokrimmen blei sendt på NRK under radioens gullalder på 1950-talet. Berre sjå føre deg å gå glipp av episoden mordaren blir avslørt i din favoritt True Crime podkast berre fordi du var invitert på middag hjå svigers akkurat DEN tysdagen. 

Så hadde altså avisene i Noreg vinteren 2005 plukka opp denne lydrevolusjonen, men det fanst ennå ikkje ein norsk podkast. Dei aller fleste podkastane på det tidspunktet var engelskspråklege podkastar, særleg frå USA. Me hadde heller ikkje eit norsk ord for dette nye mediet. Norske aviser adopterte fort det engelske ordet podcast og podcasting med «c», men det var ikkje alle som var like oppglødde av dette ordet. 

I NRK sin første podkast, Kurér, ynskja programleiaren Line Gevelt Andersen eit eige norsk ord. Lyttarane foreslo ordet frikast. Eg ville ha forslått å basera namnet på ein stolt norsk omsetjingstradisjon: for eksempel «Hjelp, det er podkast!» eller kva med «Podkast i Japan»? Nei, like greitt at me heller fornorska det engelske namnet. 

NRK sin første podkast var altså Kurér, publisert første gong i september 2005. I ein artikkel tidlegare i år «Nå skal ‘alle’ ha: Lager podkast for 20 lyttere i veka» skreiv NRK at dette faktisk var Noreg sin første podkast. Eg kan røpa med ein gong at dette ikkje stemmer. Kurér var blant dei tidlegaste norske podkastane, men den var ikkje først. 

Trondheim si stolte lokalavis, Adressa, ser ut til å vera den første norske podkasten frå ei avis. Den 29. april, ca. fira månadar før NRK, kom første episode av «Sex og samlivsmagasinet». Likevel ser det ut til at sjølv dette ikkje var den første norske podkasten. Bloggen Puha fann amatørpodkasten «Brassnerd ;-)» publisert allereie 27. mars 2005. Det er heller ikkje utenkeleg at det finst ein endå tidlegare norsk podkast der ute som har blitt spist opp av tidas tann. 

Min podkastromanse

Dette var litt om deg, kjære podkast. Gratulerer med dagen! Eg fann deg først i 2011. Då var eg 15 år, gjekk i 10. klasse og hadde ein mp3-spelar. Litt tilfeldig kom eg over ein podkast som heiter «Hardcore History» av historieentusiasten Dan Carlin. Eg byrja å høyra den seksepisodar lange serien «Death Throes of the Republic» som, på over 12 timar, tok føre seg Romarriket sin overgang frå republikk til imperium. Det var kjærleik frå første stund og historieinteressa mi fekk kjøt på bein. 

Faktisk så mykje kjøt at eg i 2017 valte å byrja å studera historie som ein del av lektorprogrammet. No sit eg på Universitetet i Oslo og skal forska på nettopp historiepodkastar som ein del av mitt doktorgradsprosjekt.

Så eg kan takka podkast for både studie og jobb. Men kva med det om kona mi? Vel, etter å ha høyrt hundrevis av episodar av «Notes in Spanish», «Spanish Obsessed», «Histocast», «Memorias de un tambor» og så vidare, så lærte eg meg til slutt flytande spansk. Det gjorde at eg fekk høve til å vera praktikant i spansktalande Chile der eg møtte mi fantastiske kone.

Kjære podkast, ¡muchas gracias! Eg ser fram til 20 nye år saman. 

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS