I juni stilte Monica og søstrene opp på et stort intervju i VG.

DEBATT:

Journalisten hadde asiatisk bakgrunn, slik som meg

«Det har verdi at personar med minoritetsbakgrunn er representert i ein avisredaksjon», skriver Monica Goksøyr.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Eg og familien min bidrog i ein VG-reportasje om stigmatiseringa av thailandske kvinner i Noreg tidlegare i sommar. At samlege medlem i vår familie skulle gå med på å kaste oss ut i noko så sårbart som å eksponere våre erfaringar for offentlegheita, hadde tidlegare verka utenkjeleg. Nokre har trudd at det var vi som sjølv oppsøkte media med vår historie, men dette er ikkje tilfelle. Og det er her journalisten kjem inn.

Etter å ha deltatt i ein diskusjon på ei lukka Facebook-gruppe for personar med asiatisk bakgrunn vart eg kontakta av VG-journalist Xueqi Pang. Pang fortalde meg at ho ville skrive ei sak om thailandske kvinner og thai-norske barn. Aldri før hadde eg høyrt nokon omtale oss som ei definert gruppe på den måten, langt mindre ei gruppe med erfaringar som var offentleg merksemd verdig. Journalisten hadde asiatisk bakgrunn, slik som meg, ho kom til Noreg som treåring, slik som meg, og ho hadde vakse opp i Noreg med ein litt annleis utsjånad og ein litt annleis familie, og hadde erfaringane som kom med ei slik annleisskap, slik som meg. Eg kjende meg umiddelbart trygg i møte med Pang.

I ei av dei tidlegaste meldingane eg sende Pang skreiv eg «ønsker gjerne mer konkret info om hva du ønsker belyst ettersom jeg må ta hensyn til familien min også.» Det skulle vise seg at Pang i løpet av kort tid vann tilliten til heile familien mi. Det var ein kjemi mellom oss, ei kjensle av tryggheit, rom og fellesskap som gjorde at det kjentes naturleg for oss å sleppe ho inn, og å fortelje.

Dette seier etter mitt syn to ting om betydinga av at personar med minoritetsbakgrunn er representert i ein avisredaksjon: for det fyrste at minoritetsjournalisten ser samfunnet med eit anna blikk enn majoritetsjournalisten, og dermed andre og nye problemstillingar. For det andre kan minoritetsjournalisten i større omfang vinne tillit og få tilgang til dei intime roma og samtalane i eit minoritetsmiljø, og på den måten lyfte våre erfaringar opp i lyset. Slik styrkast demokratiet.

I etterkant av reportasjen har eg blitt kontakta av mange med thai-norsk bakgrunn – særleg jenter – som fortel at dei kjenner seg igjen i opplevingane skildra i Pangs reportasje, men at dei aldri før har snakka med nokon om det, og at dei no kjenner seg inspirerte til å leggje frå seg «skamma» over å ha norsk far og thai mor. Mange fortalde at dei gret da dei las reportasjen. Også eg har kjent på ein djupt forløysande og terapeutisk effekt av å få snakke om vår oppleving til nokon som var genuint interessert i å lytte.

Eg vil leggje til at mi positive oppleving i møte med VG gjennom Xueqi Pang sjølvsagt ikkje berre handlar om at ho har asiatisk bakgrunn, men at ho som person har eit lyttande, varmt og nysgjerrig vesen.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS