Redaksjonen i Nett.no får ikke produksjonsstøtten de har søkt om. F.v. Marius Rosbach, Kjetil Haanes (redaktør), Ogne Øyehaug og Magnus Myklebust (markedssjef)

DEBATT:

Du tar feil, Mari Velsand!

«Det står ingen ting i forskrifta om produksjonstilskot at regionale aviser som dekker Sunnmøre og Nordfjord skal behandlast strengare enn aviser i Troms og Finnmark.», skriv ansvarleg redaktør i Nett.no

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medietilsyn-direktør Mari Velsand grunngjev 11. november i Medier24 avslaget på pressestøtte til Nett.no med at vi ikkje har nok tematisk breidde, men at vi kunne likevel kunne fått støtte om vi var riksdekkande. Men det er vi ikkje, og fell dermed utanfor forvaltningspraksisen.

Dette er feil. Avisa Kyst og Fjord dekker til liks med Nett.no eit avgrensa geografisk område, og får pressestøtte. Den store skilnaden mellom Nett.no og Kyst og Fjord er at Nett.no faktisk har stor tematisk breidde, medan Kyst og Fjord skriv om fisk og fiskeri.

Vi støttar absolutt støtta til Kyst og Fjord, det er vel fortent, men det står ingen ting i forskrifta om produksjonstilskot at regionale aviser som dekker Sunnmøre og Nordfjord skal behandlast strengare enn aviser i Troms og Finnmark.

Vi meiner uansett at påstanden om at Nett.no ikkje har nok tematisk breidde også er feil. Mari Velsand opplyser til Medier24 at vi skriv 54 prosent om økonomi og næringsliv, 22 prosent om samfunnsutvikling, 16 prosent om politikk og organisasjonsliv, 2 prosent om kunst og litteratur, i tillegg til 6 prosent om stoff som ikkje er definert.

Ja, vi skriv lite om kjendisstoff, sjølv om vi nettopp hadde saker om Alex Rosén og Karsten Warholm. Og vi har verken TV-program eller sportsresultat. Derimot skriv vi mykje om samferdsle, busetjing, skule, fylkespolitikk, klima, kraftprisar, koronautfordringar og andre vesentlege saker for innbyggjarane på Nordvestlandet.

I tillegg har vi som mål å vere best på næringsliv. Denne regionen er leiande innan ei rekke næringar, og her er blant anna over 240 bedrifter med meir enn 100 millionar kroner i omsetning – bedrifter som mange kjenner lite til kva utfordringar dei slit med, og kva planar dei har. Med andre ord driv vi viktig journalistikk om vesentlege saker for innbyggjarane mellom Sandane i sør og Molde i nord.

Dette var også grunnen til at vi starta opp, fordi her var eit behov for eit alternativ til dei Polaris-eigde avisene. Men for Mari Velsand og Medietilsynet er det ikkje nok. Dei meiner at vi må skrive meir om andre tema, og mindre om det vi alt skriv om, utan at vi nokon gong har fått opplyst kva saker det i så fall skal dreie seg om og korleis stoffmiksen skal vere. Utan å få vite dette, er det vanskeleg å oppfylle Mari Velsands og Medietilsynets krav.

Ein slik teljekantlogikk av breiddekravet meiner vi uansett strir med formålet med ordninga. Det kan ikkje vere slik at for å få støtte i ein stor region som Nordvestlandet er, må ein verte likare dei mange avisene som alt finst i regionen, og som får støtte.

Då fell heile grunnlaget for satsinga til Nett.no vekk om kravet er at vi skal skrive meir om stoff som det ikkje er behov for og som lesarane heller ikkje vil ha. Det kan heller ikkje vere slik at ein prosentvis skal dekke tilnærma likt ei rekke stoffkategoriar. Det vil undergrave mangfaldet, ikkje fremme det.

Mari Velsand har tidlegare vore bekymra for at konserna får større makt i ulike regionar. Det er nettopp det som har skjedd på Nordvestlandet, der Polaris Media gjennom Sunnmørsposten har kjøpt opp ei lang rekke lokalaviser, og brukar lokalavisene til å forsyne hovudavisa med saker innanfor område som vi også prioriterer. Medietilsynet sin prognose for utbetalt produksjonstilskot for 2021 viser at dei Sunnmørsposten-eigde avisene i Nordfjord og Sunnmøre får 4,5 millionar kroner i støtte.

Nett.no bidreg til mangfald og gir Polaris Media konkurranse på viktige saker for innbyggjarane på Nordvestlandet, og oppfyller dermed hovudformålet til tilskotsordninga, utan at Medietilsynet har tatt omsyn til denne realiteten på bakken. Det meiner vi er ein stor feil, og det er få andre enn Polaris-sjef Per Aksel Koch som gler seg over ein slik tildelingspraksis.

Ja, vi er ekstremt skuffa over Mari Velsand og Medietilsynet.

Vi måtte bruke lang tid og mange spaltemillimeter på å forklare Medietilsynet det innlysande at superlokale Vestlandsnytt i Fosnavåg ikkje er vår hovudkonkurrent. Vi meiner også sjølve at vi har plukka frå kvarandre dei tidlegare innhaldsanalysane, utan at Medietilsynet har tatt omsyn til det. Vi synst også det er merkeleg og noko forhistorisk over at Medietilsynet kategorisk avviser at kvalitativ næringslivsjournalistikk faktisk kan vere tematisk breiddejournalistikk. Vi saknar også ei forståing for at det er krevjande og dyrt å byggje opp eit nytt fristtåande medieselskap utanfor konsern frå grunnen av.

Men aller mest undrar vi oss over Medietilsynets påstandar om at Nett.no har god økonomi og dermed ikkje oppfyller unntaksavgjerda for likevel å kunne få pressestøtte. Det hadde vore hyggjeleg om Medietilsynet faktisk hadde rett, men for oss som kjempar for å halde liv i Nett.no, og bidrar til reelt mediemangfald på Nordvestlandet, rimar denne konklusjonen dårleg med det alle kan lese ut av årsmeldingane, at Nett.no siste åra går i minus, der vi i tillegg tar ut lite løn, tar ekstrajobbar for å spe på løna og sparer på alle plassar det er mogleg å spare for at vi skal overleve.

Dette er situasjonen, og dette er også grunnen til vår påstand om at Mari Velsand på Nordvestlandet er konsernas beste ven og driv aktiv konkurransevriding til fordel for den dominerande aktøren – stikk i strid med formålet med ordninga med produksjonstilskot. Difor er vi også så skuffa, og spesielt eg som i mange tidlegare roller har rosa den norske modellen for pressestøtte. Eg håpar at eg nok ein gong får grunn til å gi ros, men akkurat no tvilar eg.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS