Mone Celin Skrede er skeptisk til at NRK skal sende gudstjenester på TV.

MENINGER:

Eg er ikkje overtydd om at skattepengane våre skal gå til trus­forkynning

«Religion er ikkje lenger limet som held samfunnet saman, men NRK sit framleis klistra til kyrkjebenken. », skriv Mone Celin Skrede.

Publisert

Balansen mellom tru og tradisjon har følgt dei fleste nordmenn, i alle fall i min generasjon, gjennom heile oppveksten. Det er klistremerkeboka mi frå søndagsskulen eit døme på. Barnedåp, søndagsskule, skulegudstenester, trusopplæring og konfirmasjon. Ekteskap og til slutt gravferd.

Først i 2012 vart det formelle bandet mellom kyrkje og stat i Noreg klipt over. I 2016, då det blei mogleg å melde seg ut av kyrkja på nett, melde rekordmange, over 41.000 seg ut. Men rekordmange, 3.197 menneske, melde seg òg inn.

Tala ovanfor kjem frå gamle nettsaker på nrk.no. At NRK lagar journalistikk på trustendensen i landet vårt – som står i ei stadig sekularisering, men som faktisk har så sterke kulturelle og religiøse røter i kristendommen at fleire område innanfor kystlina har fått tilnamnet bibelbeltet – er rett og i tråd med samfunnsoppdraget.

Men eg er ikkje overtydd om at skattepengane våre skal gå til trusforkynning.

Kristen kringkasting sidan 1924

For eit par veker sidan var temaet NRK si rolle i omtale og forkynning av kristen tru oppe til diskusjon i Kringkastingsrådet.

Det er nemleg ikkje lenge sidan NRK starta med direktesende gudstenester på TV på søndagar. NRK held altså fram tradisjonen med å ta liturgien heilt inn i institusjonen, først gjennom gudstenester på radio sidan 1924, og no på TV.

Kringkastaren har plassert kamera og lyd, og såleis seg sjølv ettertrykkjeleg på kyrkjebenken.

Tilgjengeleg?

Men samstundes slutta kringkastaren å sende gudstenester på radio.

Angjeveleg er ein av grunnane til å sende gudstenester på TV tilgjengelegheitsomsynet for folk med nedsett funksjonsevne, ifølge redaktør for NRK Midt, Eivind Undrum Jacobsen.

Jamvel om det er rett av NRK å ville leggje til rette innhaldet sitt for alle, er dette litt tynn suppe.

Då må NRK òg passe på å synstolke gudstenesta for menneske med synsnedsetjing, til dømes. Å gjere bestemt innhald tilgjengeleg for èi undergruppe av funksjonshemma, og så gjere tilbodet dårlegare for ei anna, held ikkje mål dersom tilretteleggjing og inkludering er så viktig for NRK som det her blir framstilt.

Ei vanskeleg grense

Det viste seg òg vanskeleg for Kringkastingsrådet å finne eit tydeleg svar på om det finst ei tydeleg skiljeline mellom forkynning og kulturarv, og om det er føremålstenleg å trekkje opp ei slik grense. Rådet trakk fram program som «Festen etter fasten» på NRK TV og «Kompass» i NRK Radio som døme på journalistisk omtale av religion.

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen meiner at NRK må balansere dekkinga mellom kva som er forkynnande og kva som er dokumenterande. Samstundes sa ho i møtet i Kringkastingsrådet at TV-gudstenestene er ein stor suksess.

Eg deler oppfattinga professor emeritus Knut Lundby presenterte i møtet, eg er ikkje så bekymra for at NRK sviktar kulturarven dersom dei droppar å sende gudstenester. For ikkje å snakke om at vi ikkje har éin allmennkringkastar i 2022, men to. Skal TV2 òg montere kamera sine i norske kyrkjer?

Digitale gudstenester i regi av kyrkja

I debatten som følgde møtet i Kringkastingsrådet meiner mellom anna Erik Stephansen i Nettavisen at NRK bør ta hintet og leggje ned forkynningsformidlinga. Han brukar statistikk på kor mange som har gått til gudsteneste i kyrkja som talgrunnlag.

Eg trur likevel ikkje at Stephansen har teke høgde for dei digitale gudstenestene som blei sendt i 2020 og 2021, i regi av kyrkja sjølv.

Er det då rett at statskanalen og skattebetalarane skal stå for produksjonskostnaden til noko kyrkja har vist under pandemien at dei kan stå for sjølv?

TONO har til dømes eigne avtalar for musikkbruk i digitale religiøse sendingar.

Ein kristen kulturarv?

Det norske samfunnet er altså gjennomsyra av ritual, sjølv om stat og kyrkje formelt har skilt vegar. Sjølv om det for majoriteten handlar mest om tradisjon, har det som rådsleiar Snorre Valen påpeiker, «vitterlig et religiøst opphav».

Det finst alt eit godt medietilbod til dei som framleis trur på den kristne gud i Noreg, og som ønskjer eit kristent blikk inn i journalistikken. I tillegg til Dagen og Vårt Land som begge har ein tydeleg kristen profil, vart ei ny kristen nettavis, Verdinytt, lansert 5. oktober.

Eg trur dei stiller behovet for journalistikk om, av og for kristne i eit meir og meir sekularisert samfunn.

NRK formulerer sjølv at det er eit press om å henge med i tida. Då kan NRK fint reise eg frå kyrkjebenken og leggje att salmeboka på veg ut. Om ikkje må allmennkringkastaren finne seg i å bli kalla kristen i eit samfunn der fleire og fleire ikkje trur.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS