Knut Magnus Berge (til venstre) svarer på kritikken fra Sofia Rana.

DEBATT:

Vi har ei anna oppfatning av korleis dette tankegodset bør møtast enn Sofia Rana

«Sofia Rana har mange angrepsvinklar i sitt innlegg i M24, men konkluderar som følger: «Det viktigste i denne kritikken er uansett hvordan enkelte medier, i dette tilfellet er det NRK, insisterer på å normalisere ytre høyres tankegods ved å gi dem en plattform». Så la oss ta tak i det viktigaste», skriver Knut Magnus Berge.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Svarer på Sofia Ranas debattinnlegg «NRK, debatten, kritikken og offerrollen».

NRK insisterer ikkje på å normalisere ytre høgres tankegods, men vi har ei anna oppfatning av korleis dette tankegodset bør møtast enn Sofia Rana.

Utgangspunktet for Debatten 7.januar var spørsmålet om korleis norsk offentlighet har takla fenomenet Trump. Bakteppet var storminga av kongressen i USA kvelden før. Mange norske Trump-kritikarar har funne ein arena hos Resett. Det var bakgrunnen for at vi inviterte Helge Lurås til Debatten, det er for øvrig svært lenge sidan sist.

Men vi meiner at det var riktig – gitt denne konteksten – å konfrontere Lurås i studio. Dette er det ulike oppfatningar om, og det er heilt legitimt. Dagbladet, til dømes, støttar valet vårt på leiarplass, men meiner vi burde gjort det på ein annan måte. Det kan også vere.

I eit program som Debatten kan dette gjerast på ulike måtar. I intervju (ein til ein) med programleiar, i duell med ein motdebattant, eller ved å sette vedkomande i eit større panel. Vi valde duell mellom Helge Lurås og Raudts Mimir Kristjansson.

Rana skriv: «han (Lurås) ble heller ikke møtt med kritikk rundt konspirasjonsteorier om at det egentlig var Antifa som hadde infiltrert angrepene i Washington».

Men blei han ikkje nettopp det? Det var motdebattant Mimir Kristjansson som brakte konspirasjonsteoriane på bana nettopp som ein kritikk av Resetts dekning av kongress-storminga. Og han brukte relativt kraftig skyts.

Sofia Rana skriv også at Lurås fikk «fremsette påstander som ikke stemte om at mediene lyver». Ja, han påstod at media lyg, men han blei kraftig utfordra på det av programleiaren.

Dette er eit forsøk på å forklare korleis vi har tenkt. Så merkar vi oss kritikken. NRK må sjølvsagt vere seg bevisst vår rolle i møte med publikum. Vårt inntrykk er ikkje at folk vegrar seg for å kritisere.

Når det gjeld Fredrik Solvangs rolle i sosiale medier, som Sofia Rana skriv om, er det mitt inntrykk at hans åpne stil - i all hovudsak - er blitt sett pris på. I helga deaktiverte han sin Twitter-konto og grunngir det med at det blei for mykje. Altså totalen, ikkje som følge av enkeltpersonar eller hendingar. Det bør vere greit.

Og det må vere lov å beklage - når det er på sin plass.

Powered by Labrador CMS