– Kjetil Rolness er ofte verd å lytte til, og har rett i fleire av sine poeng i kommentaren, skriv redaktøren i NRK Nyheter.
– Kjetil Rolness er ofte verd å lytte til, og har rett i fleire av sine poeng i kommentaren, skriv redaktøren i NRK Nyheter.

MEININGAR:

Om NRK, valdtekt og porno

«Nei, Kjetil Rolness, NRK driv ikkje mytespreiing. Vi rapporterer om ei dyster utvikling i talet på folk som oppsøker valdtektsmottaka», skriv Knut Magnus Berge. 

Publisert Sist oppdatert

Talet på personar som har oppsøkt valdtektsmottaket i Oslo har stige med 70 prosent dei siste ti åra. Tendensen blir stadfesta ved andre valdtektsmottak, og dei som oppsøker mottaka blir stadig yngre. 

Denne statistikken bekymrar også samfunnsdebattant Kjetil Rolness, ifølge hans kommentar hos Medier24.

Likevel har sakene i Dagsrevyens og på nrk.no om dette falle Rolness tungt for brystet. Mest fordi fleire av kjeldene i sakene får hevde at tilgangen på porno – og særleg grenseoverskridande porno – kan vere ei av årsakene til utviklinga. 

Bekymringsfull utvikling 

I kjent stil svingar Rolness den retoriske pisken over både NRK og våre intervjuobjekt.

NRK er upresise i begrepsbruken og driv ukritisk mytespreiing, ifølge Rolness. 

Og kjeldene våre har ikkje grunnlag for å hevde det dei hevdar om pornoens eventuelle betydning. Rapportane som eitt av intervjuobjekta underbygger sine synspunkt med blir avfeid. 

Relevante kjelder?

Kven er det så NRK slepp til med det Rolness kallar «udokumenterte eller anekdotiske utsegn frå legar, ungdom og Redd Barna»?

Den første kjelda er overlege på valdtektsmottaket i Oslo, Martine Rostadmo. Altså ein lege som snakkar direkte med dei som oppsøker valdtektsmottaket. 

Den andre kjelda er helsedirektør Bjørn Guldvog. Den tredje er leiar for Redd Barnas Norgesprogram, Monica Sydgård. 

I tillegg intervjuar vi to skuleelevar som seier porno har fått for stor plass i unges liv, og etterlyser meir relevant seksualundervisning i skulen. 

Alle blir altså avfeid av Rolness, kanskje hadde i alle fall ungdomane fortent ros for sitt bidrag?

Presis begrepsbruk?

Kjetil Rolness er ofte verd å lytte til, og har rett i fleire av sine poeng i kommentaren. Metoo og auka fokus i samfunnet kan vere med på å forklare at fleire oppsøker valdtektsmottak, det burde vi poengtert.

Talet på folk som har oppsøkt valdtektsmottak avspeglar ikkje nødvendigvis auken i talet på valdtekter begått (i juridisk forstand). Endringar i korleis begrepet valdtekt blir forstått, spelar inn. 

Og NRK bør vere presise i begrepsbruken, også i overskrifter og tekstplakatar. 

Statistikken handlar om talet på folk som har oppsøkt valdtektsmottak. Og berre det. 

Dyster utvikling

Men det står altså fast at talet på folk som oppsøker mottaka har auka kraftig dei siste åra. Og at dei som kjem dit blir yngre. 

Det er ei dyster utvikling verd å fokusere på. 

At fagleg relevante kjelder meiner tilgangen på nettporno kan vere ei av årsakene til at fleire oppsøker valdtektsmottaka er, etter vår vurdering, også interessant.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS