Lokalradioar får åtte millionar i støtte – halvparten går til å dekke DAB-utgifter

Medietilsynet fordeler 8,2 millioner i støtte til loalradioane. 4,4 millioner går til å dekke DAB-utgiftene til 49 lokalradioar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medietilsynet fordeler 8,2 millionar kroner i støtte til lokalradioane, der 4,4 millionar kroner går til å dekke utgiftene lokalradioane har med å sende på DAB.

– Lokalradioane har stram økonomi. Denne støtta bidrar til at lokalradioar kan tilby programinnhaldet sitt på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Totalt har radio- og tv-kanalane i år fått 21,6 millionar kroner frå Medietilsynet, etter at lokale radio- og tv-kanalar tidlegare i år fekk 13,4 millionar kroner i støtte til programproduksjonar og digitalisering av lokalradio.

– Støtteordninga til lokale lyd- og bildemedium skal bidra til å halde ved lag eit sterkt mangfald av lokalradioar og lokal-tv og hjelpe lokalradioane med å nå ut til fleire lyttarar med DAB-sendingar, seier Sekkelsten.

Mens litt over halvparten av støtta på 8,2 millionar kroner, 4,4 millionar, går til å dekke DAB-utgiftene til 49 lokalradioar, går 1 million kroner i kompetanse- og utviklingstilskott til 23 lokalradioar.

– Radiorakel er ein av radioane som får utviklingsstøtte. Radioen får støtte til eit prosjekt som skal auke bruken av kvinnelege norske artistar i spelelistene til radioen, seier Sekkelsten.

Medietilsynet gir dessutan til saman 555 000 kroner i støtte til tolv lokalradioar som har ulike etniske og språklege minoritetar i befolkninga som målgruppe.

I tillegg gir Medietilsynet driftsstøtte til dei nasjonale bransjeorganisasjonane Norsk Lokalradioforbund, lokal-tv-grupperinga i Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Landslaget for lokalaviser (LLA) og Kristent Radioforum. Den samla driftsstøtta til organisasjonane er på 2,2 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS