Birgitte Flote, Kristian Havnes Klemetzen og Jan Erik Finsæther.

Sunnmørsposten hentar tre journalistar til Ålesund : – Vi er svært nøgde

– Kvar for seg vil dei styrke oss på viktige felt, seier avisas nyheitsredaktør.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Sunnmørsposten har tilsett journalistane Birgitte Flote, Kristian Havnes Klemetzen og Jan Erik Finsæther. Det skriv dei i ei melding til Medier24 fredag ettermiddag.

Flote og Havnes Klemetzen er nyheitsjournalistar, mens Finsæther er videojournalist.

Flote har jobba i Stavanger Aftenblad sidan 2016 og vart fast tilsett der i 2018.

Ho har siste åra vore politisk reporter med spesielt ansvar for dekninga av Sandnes. Spesialfelta har vore oppvekst, sosial og vindkraft. Flote kjem frå Folkestad i Volda kommune og er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda.

I tillegg har ho fleire årsstudium, i emna nordisk språk og litteratur, pedagogikk og religion livssyn og etikk. Flote startar i Sunnmørsposten i august.

- Vi er svært godt nøgde med å få denne trioen inn i redaksjonen. Kvar for seg vil dei styrke oss på viktige felt, og i sum betyr dette meir og betre journalistikk både i ord, lyd og bilete frå Sunnmørsposten, seier Sindre Halkjelsvik, nyheitsredaktør i Sunnmørsposten.

Hentar journalist frå VG

Kristian Havnes Klemetzen kjem frå jobb som journalist og frontsjef i nyheitsgruppa og breakinggruppa i VG. Der har han jobba siste året.

Før det var han i Aftenposten som deskjournalist og innanriksreporter og i NRK Dagsrevyen som TV-reporter og nettjournalist for nrk.no.

Han kjem frå Molde og jobba mykje som nyheitsjournalist for Romsdals Budstikke medan han tok journalistutdanninga i Volda 2016-2019.

Han hadde praksisperioden i studiet som nyheitsreporter i TV2. Kristian startar i Sunnmørsposten 4. april.

Frå Marienlyst til Ålesund

Jan Erik Finsæther er tilsett som videojournalist i fast stilling i Sunnmørsposten.

Ålesundaren har sidan august i fjor vore tilsett i prosjektstilling i Polaris Media streamsenter.

I ei overgangsperiode vil han dele på arbeidstida mellom streamsenteret og videojournalistjobben.

Jan Erik er utdanna medieingeniør og har 15 år bak seg som videofotograf i NRK Marienlyst. Der har han lang erfaring frå store produksjonar, som mellom anna «Monsen minutt for minutt» og «Svalbard minutt for minutt».

Powered by Labrador CMS