Dei nye praktikantane er frå venstre: Ingrid Nedrebø, Berit Helle Jonsbråten, Sander Eide Aase, Solveig Oddvarsdotter Myren og Sunniva Skurtveit.

Dette er årets nynorsk-praktikanter

Fem nye praktikantar er klare til å ta fatt på seks månadar med intensiv journalistopplæring frå august.

Publisert Sist oppdatert

Knappe to veker etter at søknadsfristen var ute er kull 37 klart. Fire jenter og ein gut kom gjennom nålauget denne gongen. Dei nye praktikantane er Ingrid Nedrebø, Berit Helle Jonsbråten, Sander Eide Aase, Solveig Oddvarsdotter Myren og Sunniva Skurtveit.

– Det var mange gode kandidatar, og vi er trygge på at desse fem er motiverte og har engasjementet som må til for å gjere karriere som nynorskbrukande journalistar, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

Ingrid Nedrebø frå Fjaler i Sunnfjord har vore aktiv i Radio Revolt, og har også vore nestleiar for studentradioen i byen. Gjennom dette vervet har ho og skrive saker for studentavisa Under Dusken. Før ho startar som nynorskpraktikant skal ho ha sommarjobb i avisa Firda.

Berit Helle Jonsbråten frå Bryne på Jæren er nyleg ferdig med masterutdanninga i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. Jærbuen har dessutan vore aktiv i studentradioen i Bergen, og ho har erfaring frå jobbar som pleieassistent og butikkmedarbeidar.

Sander Eide Aase frå Tørvikbygd i Hardanger har vore tilkallingsvikar i lokalavisa Hordaland Folkeblad sidan han var 15 år. Der har han fått prøve seg på alt frå gravesaker til hendingssaker som må raskt ut på nettet. 19-åringen brenn for å bli journalist for å kunne fortelje folk kva som skjer, på ein måte som gjer at alle forstår det.

Solveig Oddvarsdotter Myren frå Haukedalen i Sunnfjord arbeider som koordinator og produsent for eit nytt datingprogram i regi av produksjonsselskapet Monster. SHo har også erfaring frå produksjonsselskapet Rubicon, der ho jobba med «I lomma på Silje» og «Luksusfellen».

Sunniva Skurtveit frå Os i Hordaland held på å avslutte lektorutdanninga i samfunnsfag og matematikk ved NTNU i Trondheim, der ho skriv masteroppgåve i sosiologi. Gjennom heile studieløpet har ho brukt nynorsk.

Kull 37 startar med opplæringa i Førde 22. august

Powered by Labrador CMS