Magni Øvrebotten, tidlegare leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Magni Øvrebotten får Kringkastingsprisen 2021: – Stolt og glad

Nynorsk Mediesenters mangeårige leiar vert hylla med pris.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tidlegare leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, har fått Kringkastingsprisen 2021.

Øvrebotten var i mange år distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, før ho tok til på arbeidet med å utdanne nynorskjournalistar.

Ho vart pensjonist i sommar, og Kringkastingsringen såg dette som eit høve til å takke henne forinnsatsen ho har lagt ned.

Utdelinga fann stad i NRK-bygget i Førde, og komsom ei overrasking på prisvinnaren.

– Eg er både stolt og glad. Ofte går prisar til dei vi ser og høyrer påTV og radio, og ikkje til oss bakspelarar, seier Øvrebotten. Prisen blei i dag delt ut av Ivar Bruvik Sætre, varamedlem til styret. Prisen er eit grafisk trykk.

I 2020 vart prisen give til mangeårig NRK-profil og noverande Sogn Avis-redaktør Arve Uglum, og i 2019 gjekk den til programleiar Ronny Brede Aase.

Powered by Labrador CMS