Ingvil Aaen Torpe mener det finnes mye bra norskprodusert medieinnhold som kan nytes i påskeferien.

#Påskepraten

Påtroppende redaktør i Avisa Hordaland tror kampen mot falske nyheter vil bli tøffere

...men hun tror likevel det lover godt for medieåret 2022.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I år stiller Medier24 en rekke spørsmål til mediemennesker i spalten #Påskepraten

Neste person ut er kommende redaktør i Avisa Hordaland, Ingvil Aaen Torpe.

– Hva gjør du i påska? (og når hadde du sist ski på beina?)

– I palmehelga reiser eg til Ulvik i Hardanger med familien for å overnatte i tretopphytte. Resten av påsken blir me hos foreldra mine på Voss og får forhåpentlegvis mange bra dagar på ski der. No har eg ikkje hatt ski på beina sidan vinterferien, så eg er veldig klar for å få lufta både bortover- og nedoverskia igjen!

– Når finner du roen på ferie?

– Når ungane leikar fint saman og eg kan setja meg ned med ein kopp kaffe og ei lettlest bok.

– Hvilke medier/serier/podkaster/innhold vil du anbefale andre å konsumere i påska?

– Podkastane «Mysterier fra Norge» og «Nokke for seg sjøl» som du finn i NRK Radio-appen. Sistnemnde handlar om det særeigne med bergensarar, men er veldig underhaldande og opplysande for alle oss andre også.

– Hvordan vil du karakterisere medieåret så langt i år?

– Eg tykkjer det er overflod av godt, norskprodusert innhald for tida. Det er vanskeleg å få med seg alt, men veldig kjekt at det er så mykje å velja mellom på alle plattformer!

– Hvordan blir resten av medieåret 2022?

– Eg trur det vil halda fram i same spor og at dei som er glade i norske tv-seriar og podkastar har mykje å sjå fram til. For alle som jobbar med nyheiter vil kampen mot fake news halda fram, sikkert også bli endå tøffare. Krigen i Europa vil prega nyheitsbiletet i lang tid, men det betyr òg at folk treng innhald dei kan kopla av med. Så eg trur medieåret 2022 vil bli oppsummert som eit godt år når me skal sjå tilbake på det.

Powered by Labrador CMS