Stadig lurar folk på kva som eigentleg er årsaka til den djuptgåande konflikten, som har blitt skapt over tid – men som for alvor vart synleg då avisa fekk beskjed om nedskjeringar på eit allmøte 10. september.
Kvifor er journalistane sinte, og kva har forårsaka mistilliten og den interne konflikten?
Medier24 summerer opp med fem punkt.
1. Redaksjonssjef Ivar A. Iversen sin avgang
Krisa starta for alvor då redaksjonssjef Ivar A. Iversen slutta på dagen i november 2018, fortel ei rekkje kjelder til Medier24. Iversen skal ha vore svært godt likt blant dei tilsette, og ingen skal ha forstått kvifor han gjekk på dagen. Han hadde ei viktig rolle i redaksjonen med både autoritet og tillit, og tilsette skal ha reagert med sinne og lite velvilje i tida etterpå. Både Jenssen og Iversen er samde om å ikkje uttala seg om avgangen i offentlegheita, og det er enno ikkje gjort greie for årsaka til at han slutta, utover at samarbeidet ikkje hadde vore «effektivt eller konstruktivt». Klubben sende alt i november 2018 eit brev kor dei varsla om bekymring knytt til avgangen og avisa si manglande evne til å oppnå mål sett av styret. Bekymringane vart følgt opp av ei arbeidsmiljøundersøking på våren i år, kor fleire tilsette kom med kritikk av redaktør Anna B. Jenssen.
2. Konflikt med redaktøren
Etter tre veker med offentleg konflikt er det tydeleg at dei redaksjonelt tilsette i avisa ikkje er nøgd med sjefredaktør og administrerande direktør Jenssen sin leiarstil. Ifølgje to brev send frå klubben til Morgenbladet-styret meiner dei at ho ikkje er eigna til å ta avisa vidare. Kjelder i Morgenbladet fortel om svak informasjonsflyt, lite nærvær i redaksjonen, dårleg oppfølging og manglande tillit blant dei tilsette. Enkelte beskriv redaksjonen i Morgenbladet som personar med sterke meiningar og som kan vera krevjande å leia, med behov for ein «trygg, god og sikker leiar». Medier24 skreiv tysdag at styreleiar Amund Djuve omtalte dei tilsette som «anarkistiske individualistar» i eit internt møte i Dagens Næringsliv, kor han er sjefredaktør.
I eit intervju med Medier24 tysdag tok redaktør Jenssen sjølvkritikk på at ho ikkje har fått redaksjonen med seg på den digitale omstillinga, som ho stadig meiner må gjennomførast.
– Det er veldig lett å vera etterpåklok, men det er klart eg har gjort feil. Med den mistilliten som blir vist er det openbert at eg ikkje har fått redaksjonen med meg på at det me gjer no er naudsynt, sa ho.
Medier24 erfarer at Jenssen har tillit blant enkelte i leiargruppa.
3. Nedskjeringar
Det var då Morgenbladet-tilsette i eit allmøte 10. september fekk beskjed om at avisa er nøydd til å kutta åtte millionar kroner at konflikten eskalerte i offentlegheita. Tilsette meiner det ikkje er økonomiske grunnar til å kutta på noverande tidspunkt, og enkelte peiker på at det attpåtil skjer knapp tid etter at avisa gjorde ei lang rekkje nytilsetjingar. Morgenbladet har hatt ein inntektsvekst frå 51 millionar kroner i 2012 til 72 millionar kroner i 2018, og dei har bygd ein solid eigenkapital på 25 millionar kroner, trass eit marginalt underskot i 2018. Bakgrunnen for nedskjeringane skal vera ein ambisjon frå NHST om ti prosent i driftsmargin, og at leiinga er uroa for framtida til dagens forretningsmodell. Det er knytt stor spenning til kor mykje Morgenbladet vil få i pressestøtte ved neste tildeling. Blant dei som har slutta i Morgenbladet er fleire nøkkelpersonar, mellom anna nettansvarleg journalist Sigve Indregard og frontsjef og IT-ansvarleg Børre Haugli.
4. Digitalisering og hårete mål
Morgenbladet sin digitale strategi er noko av det som har bidrege sterkt til mistilliten til redaktør Jenssen. Sidan Morgenbladet først i 2013 lanserte planar om å digitalisera seg, har tilsette opplevd den strategiske retninga som vaklande og utydeleg. Det har blitt sett «hårete» og «uoppnåelege» digitale mål, som kjelder beskriv det, og avisa har ikkje lukkast med å nå målsetjingar. Ifølgje Klassekampen sette leiinga som mål å oppnå éin million sidevisingar i veka i 2020, frå 100.000 i veka i 2017. Spesielt i brevet til styret 17. september utdjupar klubben i detalj korleis dei opplever at Jenssen har vore uføreseieleg og utydeleg. Noko som har skapt stor forvirring er omgrepet «digital dagsavis», som først vart presentert i ein festtale og deretter fann vegen inn i eit mandat til et utval som skulle sjå på produksjonsflyten i avisa.
Jenssen har teke sjølvkritikk på forvirringa dette har skapt.
– Det må eg berre ta på mi kappe. Morgenbladet er 200 år i år, og me er landets eldste nolevande dagsavis. I eit par situasjonar har me sagt at me igjen er ei dagsavis, på nett, for å binda fortida saman med notida, sa ho i intervju med Medier24 tysdag.
Då Morgenbladet vart kjøpt opp av Dagens Næringsliv-eigar NHST i 2013, skal tilsette ha opplevd å ha blitt plassert i ein «ny og framand kultur», opplyser fleire kjelder til Medier24. Der Morgenbladet var meir sjølvstyrt med ein flatare struktur, skal det ha blitt meir hierarkisk og «profesjonalisert», og fleire salsfunksjonar vart flytta ut frå Morgenbladet og overlaten til konsernet. Det gjorde at fleire mista kjensla av fellesskapet dei hadde bygd opp over lang tid. Kjelder Medier24 har prata med har følt at «NHST vart teken inn i Morgenbladet, og Morgenbladet vart ikkje teken inn i NHST», og at dei vart ein del av eit framand konsern med ulik måte å driva både avis og forretning på. Fleire tilsette skal òg ha reagert negativt på at avisa flytta frå sine lokale i Tostrupgården til NHST-bygget på Grønland i 2016, både av årsaker knytt til trivsel og økonomi. Fleire har også peikt på opplagsutviklinga som fekk ein brå stagnasjon i 2012.