So langt har koronaviruset vist seg å setta ein massiv dempar på verdsøkonomien. Aksjekursane verda over er i fritt fall og Oslo Børs går mot sine verste dagar noko sinne, ifølgje Dagens Næringsliv.
Administrerande direktør Jan Morten Drange i Annonsørforeningen (ANFO) og dagleg leiar Merete Mandt Larsen i Mediebyråforeningen trur norske media vil merka lågare økonomisk aktivitet på annonseinntektene.
– Me ser jo at det blir lågare aktivitet både her og der. Det betyr i praksis at ein del media vil merka dette ganske tydeleg på annonseinntektene sine, seier Drange til Medier24.
– Vanskeleg å stimulera reiselyst
Likevel meiner han det er vanskeleg å spå kor hårdt media vil bli råka.
– På den andre sida er me avhengig av aktivitet i økonomien. Planlegg ein eit bilkjøp, huskjøp eller liknande er det ofte lengre prosessar som bør vera heilt uavhengig av korona. Mat må ein ha anten den vert handla i butikk eller levert på døra. Tenester som Netflix, Foodora, Kolonial.no, kan nok òg få eit oppsving. Verda går jo ikkje under sjølv om det akkurat no er ganske uroleg, seier han.
Blant sektorane som er hardast råka er reise- og transportnæringane.
Norwegian raser på børsen, rundt 60 tilsette fekk fredag permitteringsvarsel ved Oslo Plaza, ifølgje E24, og i helga varsla Petter Stordalen ifølgje Dagens Næringsliv sannsynlege permitteringar i hotellkjeda Choice etter halvering av bestillingar.
– Nokon vel å permittera tilsette, andre ved å annonsera meir for å skapa aktivitet i marknaden. Men det vil jo vera vanskeleg å stimulera til auka reiselyst og reisebestilling når overskriftene i media er som dei er, og råda frå helsemyndigheitene er som i dag, seier han.
Vil prega marknaden
Mandt Larsen i Mediebyråforeningen tykkjer også det er vanskeleg å spå effektek viruset har på annonsemarknaden.
– Men i enkelte bransjar held nok annonsørane igjen pengar, seier ho.
Foreininga gir kvartalsmessig ut Mediebarometeret, med statistikk for reklameomsetnaden.
– Koronaviruset vil nok prega marknaden litt, det ville vore rart om ikkje, seier ho.
– Burde mediebransjen uroa seg?
– Eg tykkjer det er eit farleg ord å bruka, fordi alt tilseier at ein kjem relativt godt ut av dette, i forhold til til dømes Italia. Men eg veit ikkje korleis dette utviklar seg, seier ho.
På kort sikt trur ho planlagde kampanjar kan stoppast som følgje av virusutbrotet.